Brev til Fedraheimen.

 
Høydalsmo den 1ste September.
 
Etter Skikk og Bruk blandt Folk lyt eg fyst røda um vaare materialistiske Vilkor, for Maten er halve Føda, som dei segjer. Ein annan Gong kunde eg kannskje fortelja litet um Skulen og Maalsaki her uppe. Me fær eit godt Aar her uppe i Aar. Det kunde vel vortet endaa betre, um her hadde komet meir Regn i Sumar. Men likvel maa me segja, at Sumaren var uvanleg god. Her vert mykjet Korn og Jordeple og det av beste Slaget. Kom no berre Timbret i Verde atter, so vilde strakst Tidi rettast. Det hev voret eit knipsamt Aar fyre Folk, allvisst hev Gardbrukaren fenget kjent det, som hev maatt kaupt so ustoppeleg mykjet Mat detta Aaret. Endaa trur eg ikkje desse øvste Bygderna er verst stelte; dei hev daa nokot Smør og Kretur aa venda. Verre skal det vera fyre Bygderna lenger vestyver, som iser driv med Timber. Paa Mogen her i Høydalsmo fær me eit Fesjaa den 16 September i Haust. Ifjor var her au; men me hadde liti Von um aa faa Fesjaa i Aar atter. Det var nok Agronom Jakobsen, som gjorde mest til det. I Talen sin ifjor rosad han svært Kreturi, som møtte fram paa Mogen. Me tenkjer no paa, um det ikkje skulde lata seg gjera aa faa aarlegt Fesjaa her i Høydalsmo liksom i Selljor. Høydalsmo er Midpunkten fyre desse øvre Herad: Laardal, Mo, Vinje og Raudland. Kvitselv au vilde hava større Nytte av eit Fesjaa her enn av eit i Selljor. Etter Jakobsens Ord er det desse Bygderna, som no hev dei beste Kreturi, og som er best lagade fyre Feavl. Det er no det alle ynskjer au, at desse øvste Bygder maatte faa seg eit aarlegt Fesjaa paa Mogen. – Bjørnen hev voret leid her no paa det sidste; han hev voret framme mange Stader og teket Sauder. Ingen hev enno gjort honom atter nokor Pretta.
 
I Laardal hende eit Bil sidan det merkjelege, at ein Mann, som fiskad, fekk baade Fugl og Fisk. Han fiskad med Raata. Med same han heiv ein Fisk i Lufti, kom ein Hauk farande og hogg Klørna i Fisken; Taumen reivad seg umkring Vengen, og der hadde Mannen baade Hauken og Fisken. Daa Mannen sat under eit Holt, hev ikkje Hauken sett honom, og so hev han teket Fisken fyre ein Fugl.
 
l.
 

 

Frå Fedraheimen 07.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum