[Indre-Departementet]

 
Indre-Departementet hev for mykje aa gjera, og det kann vera sannt nog, naar Chefen skal personleg setja seg inn i kvar einaste Sak. No skal fleire av dei Saker, som hev leget under detta Departement, - til aa bøta paa Misshøvet – yverførast til andre Departement, nemleg:
 
1. Helse- og Heilbrigdssaker (Medicinalsakerna), som gjeng yver til Justits-Departementet, likeins Logsaker, som fulla heng saman med Næringsvegjerne elder dei offenlege Arbeid,
men som likvel høyrer til den offenlege Civilelder Politilogskiping.
 
2. Skogstyret, som gjeng yver til Finants-Departementet.
 
3. Den tekniske Undervisning, tekniske Tidsskrifte og Gradmaalingi; desse Saker gjeng til Kyrkje-Departementet.
 
4. Den geografiske Uppmæling, Strandmælingi og Upplodningi av Havsbotnen – til Arme-Departementet.
 
Detta Brigde vil endaa ikkje gjera Indre-Departementet til eit Departement for dei offenlege Arbeid, som Folk hev haldet fyr aa vera den rette Skipnad. For Marine- og Post-Departementet steller med mange offenlege Arbeid, likeins Finants-Dept. (Kongsbergs Sylvverk og Myntverkstaden). Arme- og Marine-Departementi burde slaast ihop til eit Forsvars-Departement, og dei offenlege Arbeid under Marine-Dept. ganga yver til Arbeidsdepartementet. Den av Riksministrarne elder Drottsetarne, som er Formann i den norske Regjering, burde hjaa oss som andre Stader yvertaka Finantsdepartementet. Naar so Revisions-Departementet vart nedlagt – og all Revision gjekk til Riksrevisionen -, kunde me greida oss med 5 Departements-Chefar, 1 Riksminister i Stockholm og 2 andre Riksraadar, tilsaman 8, i Staden fyr no 10. Det finnst inkje annat Rike, der det kjem 1 Riksraad paa 11. 1 elder 11. 4 Thingmenn. Men det forstend seg, det er helder ikkje andre Stadar, at Riksraadarne attaat Riksstyret hev det Kall aa vera Yverhus elder Senat og endaa Rekneskapsrett.
 

 

Frå Fedraheimen 07.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum