Christofer Bruun og Kongedømet.

 
(Framhald).
 
[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
I fleire av dei nyare Samfund stend Kongedømet slik. Og er det komet i den Skora, so kann ingen Mann lenger med Grunn "verja" det, av di rettlaust er rettlaust. Men i sume Samfund maa Ein segja, at Einstyret enno hev baade Liv og Livs Rett, soleids i Tyskland og i Italia. Og Grunnen til detta vil me strakst finna er den, at i desse Land hev Einstyret ein Gjerning aa gjera. Og den Gjerningen er det nationale Samlingsar beid. Det er likt til, at Einstyret er serskilt lagat til aa utføra sovorne Verk, og iallfall ser me, at det kann vinna Liv og Magt paa aa taka dei upp. Keisardømet er ei Stormagt i Tyskland, som hellest ikkje trur paa mange Ting i denne Tid; og i Italia er Kongedømet so sterkt, at det endaa kann samla innunder seg Fristyrefylkingen, ja bruka i si Tenest eit republikansk Riksraad. Eit annat Yrkje, som Einstyret til dessa jamt hev vunnet Magt paa, er Hervinnarstrævet (Eroberung). Det russiske Einvelde liver visst mest paa det; dei franske Napoleonar hev i Grunnen livt paa det same. Men daa dei folkelege (nationale) og menneskelege (humane) Tankar meir og meir tyner ned denne Hervinnarhugen hjaa Folk, so vil det heretter vera ymist, um eit Einstyre i Lengdi kann liva paa slike Verk.
 
Den Gjerning, som Kongedømet skal gjera, maa altid vera ein Riksgjerning, ein Folkeg jerning, som gjeld heile Samfundet; det kann aldri nytta aa byggja upp eit Kongedøme paa nokot av dei ymse Ser-Yrkje og Smaagjerningar, som Samfundet hev aa driva med. Kongedømet kann ikkje i Lengdi liva t. D. paa den Gjerning aa hjelpa fram Kunsten, elder Boklivet, elder Jordbruket, elder ymse serskilde Stand og Standsfyremaal, elder nokot slikt. I det frie Samfund maa alle sovorne Ting skipa seg sjølv paa naturleg Maate etter det Standpunkt av Upplysning og Folkevit, som Folket er komet til. Ei Riksmakt, som liver fyr eit Seryrkje, er eit Brot paa Tanken um like god Rett fyr alle. Paa same Maaten kann helder ikkje Kongedømet faa nokon sann Livsrett av aa hjelpa elder verja visse politiske Serlag elder Sertankar. Kongedømet er ei Allriksmagt; skal det hava Rett til aa liva, maa det hava ein Aalmanngjerning, som ber høgre og vidare enn alle Serskapar. Kongedømet kann t. D. ikkje i Lengdi liva og vinna Magt paa eit sovoret Yrkje som det aa "vaka yver Retten aat Faatalet" ("Minoritetens Ret"), soleids som sume trur hjaa oss. Den Retten, som Faatalet hev aa krevja imot Fleirtalet, maa vera trygd gjenom Logverket, men skal ikkje haldast uppe gjenom ei serskild Riksmagt. Skulde so vera, so maatte "Faatalet" vera ein fast Ting, som aldri skifte elder byttest, og som hadde ein framifraa elder liksom heilag Rett, som det var ei Trudomssak elder ei folkeleg Sælebotssak aa halda uppe. Men det nyare Samfundet hev ikkje slike Faatal med ein slik framifraa Rett. Logi er lik fyr alle, og kvar fær verja sin Rett so godt han kann og ettersom Retten hans er til. Fleirtal og Faatal skifter allstødt, og det er Ingen som trur, at dei, som til ei Tid er i Faatalet, hev nokon serskild Rett mot dei, som er Mengdi, elder at Faatalet skal hava nokot sers aa krevja framfyr Fleirtalet, liksom dei skulde vera av eit gildare Slag. Dei, som er i Faatalet, fær finna seg i det, og arbeida med alle dei Grunnar dei kann uppleita fyr aa koma i Fleirtal att; meir er der ikkje aa gjera med det. Det kann vera leidt nok aa vera i Faatal, men slikt fær ein bera paa same Maaten som Ein ber alle andre Livsens Mødur og Meinhøve. I det frie Samfundet maa Meirtalet hava det største Ord; for dersom det er Urett, at Faatalet ikkje fær sin Vilje, so er det sjølvsagt endaa større Urett, dersom Meirtalet skal lida. Aa reisa ei Riksmagt serskilt til Vernd aat Faatalet maa soleids ogso verta ein Folke-Urett. Det vert og eit Brot paa den Tanken, at Logi er lik fyr alle, elder at alle skal hava jamgod Rett. Kongedømet kann soleids ikkje faa meir Livsrett av "aa verja Faatalet" enn av aa liva fyr andre Ser-Yrkje. Vert Kongedømet ei Partimagt, so er det dømt.
 
Me skal no sjaa litegrand paa Kongedømet her i Norig. Og me vil strakst finna, at vaar Kongemagt hev det paa ein helder serskild Maate. Ho kunde hava ein Gjerning her. Me er i fleire Maatar eit Nybyggjarfolk, og serleg hev me eit nationalt Samlingsverk aa utføra, som ei god norsk Kongemagt kunde vinna seg eit langt Liv paa. Men so er det den spefulle Lagnaden, at just den eine Gjerningen, som Kongedømet kunde liva paa, den kann det ikkje faa gjort, av di det er eit Tvivelde (Unions-Kongedøme). Unionsgreida magtstel det og gjer det reint ubrukelegt i det nationale Arbeid. Det er i national Meining ein Byting, som ikkje rett hev heime nokonstad, og minst i Norig. Det kann vera vænt og sannt nok, naar dei held Talar og segjer, at Kongen er baade den beste Nordmann i Norig og den beste Svensken i Sverik; men sjølve Kongedømet kann ikkje tvibyta seg paa den Maaten. Difyr kann me helder ikkje rett kjenna Kongen som vaar Mann, um me enn veit, at han er den beste Nordmann.  Han stend fyr Tanken vaar som ein Halvframand, og naar han er hjaa oss, so heiter det altid, at han er her paa "Innstig" elder paa "Vitjing"; men me segjer ikkje, at han er "heime." Han kann aldri veksa seg so heilt inn i vaart folkelege og daglege Liv og i vaar heimslege Soga, som han maatte gjera, dersom han skulde kunna bera uppe Thjod-Merket. Han er i Grunnen utanfyr og framand fyr det beste og kjæraste, som rører seg i vaart Liv. Me tenkjer aldri paa Kongen, naar me er uppglødde fyr Heimen vaar og det gilde og gode i den, og i vaart daglege politiske Stræv minnest me berre Kongen av og til, naar han negtar Stadfesting paa eikor Logi, som me gjerna vilde hava fram. Og ikkje nok med, at han soleids kjem utanfyr det, som me hev kjært; men han veks og gjenom Samfestet ihop med sume Ting, som me mislikar. Kongetanken stend fyr oss samvaksen med ymse ukjære Minningar um Svenskestrid, um Faarar fyr vaart Sjølvstende, um Samrøringstankar og annat leidt, som just er eggjande og upp-argande fyr den nationale Kjensla. Kongen kann i seg sjølv vera so god som han vil: han kann ikkje rista av seg desse Minningar, som heng ihop med hans heile Stilling og med Ætti; han er bunden til dei Minne, som han tek i Arv.
 
Det hev voret sagt, at dersom Tviveldet (elder Unionskongedømet) skal hava nokon Kongstanke, so maa det vera Samrøringstanken elder den Tanken aa mengja det eine Folket slik inni det andre, at der vert berre eit Folk istadenfyr tvo. Detta er væl altid drjugt sagt; men det ligg uhyggjelegt nære fyr Tanken vaar. Eit Kongedøme hev altid ei Kjenning av, at det ikkje kann liva i Lengdi, naar det ikkje hev fullt heime i Riket sitt, og daa det no ikkje paa same Tid kann vera fullt heime paa fleire Stader, so maa det, dersom det tenkjer so langt fram, strakst faa ein Tilhug til aa vilja leggja alle sine Gardar ihop til eit Bruk. No kann Ein aldri faa fleire Folk til aa " veksa ihop" i eit; men Ein kann stella det so, at det sterkaste av fleire Folk liksom legg seg utyver dei andre som ei Hya og dermed dreg dei innunder seg. Keisardømet i Austrike hev strævat lengje med aa fortyska Ungarn; Kongedømet i England angliserar Skotland og Irland, og so fort. Um vaart Kongedøme hev havt sovorne Tankar med oss, kann Ein naturlegvis ikkje vita; me trur det ikkje og hev, allvist i seinare Tid, ikkje Grunn til aa tru det helder. Men berre den Ting, at Kongedømet kunde hava sovorne Tankar, gjerer, at me ikkje kann tru oss til det so tryggt og faa det so kjært, som eit Folk kann gjera, naar det hev eit fullt ut heimslegt Kongedøme.  Vaar Kongemagt fær baade etter si Stilling og etter sin historiske Natur ein unational Svip.
 
(G).
 
( Meir).
 

 

Frå Fedraheimen 31.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum