Amerika-Brev

 
Elliot Illinois, 31te Juli 1878.
 
Eg gled meg kvar Gong Fedraheimen kjem - d'er som ein frisk Vindpust i den varme Solsteiken – ikkje berre, fyrdi at Bladet kjem fraa "det gamle, det friske, det fjellhøge Nord", berande kjære Minne med seg ut til meg paa denne endelause Præria, men helst, fyrdi Bladet er det, det gjev seg ut fyr: eit norskt Blad i Tanke som i Tale.
 
Eit sovori Blad hev eg saknat heilt sidan vaar folkekjære Diktar Aasmund Vinje døydde. Eg gret, daa eg høyrde han var daaen, endaa eg aldri hadde sett Mannen, og eg veit, eg spurde meg sjølv og andre: Kven skal no taka uppatt det Verk, som han hev sleppt? Eg spurde so, fyrdi eg væl visste, det daa knappt fannst ein, som vaagad gjera det. Men no daa Verket er uppatt-teket og det med slik Von paa Framgang som aldri fyrr, kann eg ikkje lata vera aa bera upp mi Gleda yver detta, og med det same maa eg daa faa Lov aa senda Fedraheimen og hans Lesarar ei liti Helsing fraa hi Sida aat Havet.
 
Det hev i Maal- og Nationalitetsvegen gjenget oss her i Amerika nokot likt som Dykk der heime – me hev og havt vaar Framslengsalder.
 
Som me alle veit, var det der heime fyrr i Tidi ei Skam fyr ein Bondemann aa tala til ein Storkar, som Prest, Skrivar, Fut og Bykar, paa sitt eiget Landsmaal. Ja det var somen Prestar og, som vart fljugande sinnte, naar t. D. Skulemeistaren, "hos hvem man maatte forudsætte mere Opdragelse", hugslaus kom med eit elder annat Ord av Bygdemaalet, Eg minnest so væl den TIdi, eg gjekk i Skulen i mi Heimbygd, koss Skulemeistararne strævad med aa finna upp dei finaste Ordi, dei visste, til Presten sin, naar han "paa Embedsvegne" saag inn til dei, men koss det gjekk galet likevæl! Ein Gong – eg lyt fortelja det – baud Presten Læraren aa syngja med Borni. Numret aat Salma var nemnt, men som Presten stod der streng og kjølsleg, forfjamsad Læraren seg og  tok i ein galen Salme. "Ikke den!" sa Presten og saag kvasst paa Læraren. "Aa – eg glaapte ikkje etter i Boki mi", buste Læraren ut. "Der staar hverken glo eller glaape, men at du skal se!" skreik Presten ovsinnt. Ein annan Gong kjem Presten inn paa Skulen og spyr, det fyrste han segjer: "Hvormange Børn?" Detta kom so bust yver Læraren (liksom heile Presten), at han svarad paa sitt eiget Maal – som sannt var -: "Elloug." – "Stav til 'elloug'!" baud Presten. Borni log, og Presten var kannhenda kaut av, at han fekk gjera Læraren flat fyr Maalet hans Skuld.
 
No er det vist onnorleids. Eg vil tru, at Læraren no hev vunnet fram til meir Sjølvstende, og at Prestarne hev vortet meir folkelege i det seinare. Likevæl kann henda, det ikkje var av Vegen, um Storthinget ved Log gav "Maalet" den Rett, som det hev Krav paa i Skulen.
 
Likeins som der heime fyr nokot sidan, so var det ogso her ei Tid Skam aa tala sitt Mormaal Landsmenn imillom.
 
Engelsken er her i Amerika det officielle Maal, liksom Dansken i Norig, og Engelsken er so godt eit Maal som nokot annat; men at det, som mange hev trutt – og Sume enno kannhenda trur -, skulde vera so mykje betre og finare eit Maal enn det norske, fær Ingen meg til aa tru, liksom eg helder aldri fær meg til aa tru, at Amerikanaren er so mykje betre Mann i eit og alt enn Norsken. Mange av vaare Landsmenn hev meint so, og det var nok dei, som, naar dei kom her til Landet, gløymde sitt Mormaal, fyrr dei hadde lært nokot annat, likesom dei glømde, kvar dei var ifraa, Namni sine og alt ihop.
 
Grunnen til denne Fornegting av sitt eiget tenkjer eg meg maatte væl helst vera den, at Guten, som kom hityver fatig og eismall, han hadde ikkje voret her lenge, fyrr han "gjorde det godt" – her fekk han ein Dalar um Dagen, medan han heime knappt hadde ei Mark. "I slikt eit Skarveland, som ikkje kunde gjeva ein meir enn ei Mark um Dagen, - der var det ikkje annat enn Stakkarsdom alt ihop," meinte han, og so skjemde han seg fyr aa vera fraa detta Landet. "Nei, daa er Amerika nokot annat – Amerikanar vil eg vera!" Detta var snarare sagt enn gjort.
 
Gjenta gjekk det sameleids som Guten. Ho fekk her tvo Dalar um Vika – det var meir enn ho fekk i ein heil Maanad heime – og endaa reivst og drogst dei um henne, det var mange, som vilde hava Tak i henne. No var det ikkje lenge, kann Ein vita, fyrr ho fekk seg ny Kjol, Snøresko, Hatt og Parasol (den ho lenge bar baade i Solskin og skyat Vedr). Daa ho no hadde fenget alt detta nye, meinte ho, som ventande var, ho godt kunde kasta Stakken sin og Folletrøya si, ja heile Norskdomen med det same. Ho hadde alt lært aa segja yes og no (ja og nei) – kunde soleids tala Engelsk radt vekk – "no Norskje lenger sku' Katten vera!"
 
Mange Tider gjekk det løgleg til, av di det ikkje alltid var so godt, um dei enn var komne nokot fram i det Amerikanske, so i ei Snarvending aa haatta paa aa gjøyma Norskdomen burt. Det høvde soleids ein Gong (det er ikkje Æventyr), at ein norsk Kandidat foor paa eit Eimskip ned Mississippi. Han trudde fyrstundes, han var einaste Nordmann umbord. Litet kunde han tala Engelsk, og Tidi fall honom difyr lang; men so fekk han millom Ferdafolket sjaa eit Kvende, som saag so norsk-norsk ut. Glad vart han og gjekk burt til henne og spurde: "Er du norsk kannhenda?" "Ka seje du Kar?" svarad ho – ho var Sogning, maavita. Han lest som ingen Ting var sagt og tok uppatt same Spursmaalet; men no hadde ho fenget Tid til aa tenkja seg um – riste so paa Hovudet og svarad: "I don't understand you!" (Eg forstend deg ikkje).
 
Ein annan Gong var det, at det kom ein norsk Mann inn paa Kraambudi hans Mons Monson i La-Crosse. Mannen fekk Auga paa ein av Kraambudsveinarne, som han totte han skulde draga Kjensl paa. Han gjekk burt til 'en og spurde paa Norsk, um han ikkje var den elder den. Hin svarad ikkje. So spurde han, um han daa ikkje var Norsk. Hin berre saag paa 'en, som um han tok 'en fyr ein Villtyrk. Men so spurde Mannen paa Engelsk, daa han saag, han ikkje fekk Svar paa Norsk. Jau, daa svarad Sveinen, men – at han ikkje var Norsk - "nei langt ifraa!" Mannen hadde no ei leid Tru um, at Sveinen var Norsk likevæl han og heldt paa sitt. Daa vart Guten sinnad og sagde; "Neigu eg er 'kje norsk, eg er fraa Valdris!"
 
Mange slike Drøsur kunde forteljast um, kor løgleg og bakvendt den elder hin hev boret seg aat, i den fyrste Tid dei var her i Landet, fyr aa koma burt fraa Norskdomen og seg sjølv; men det eg hev fortalt fær vera nok til aa syna fram denne myrke Sida.
 
I den seinare Tid hev mykje forandrat seg i so Maate, so no Ingen meir tykkjer det er Skam aa vera norsk, men helder mange er kaute av det. Lat oss no – fyr aa kasta eit Auga paa Ljossida og – sjaa til Valdrisguten fraa La-Crosse og Sognegjenta fraa Eimskipet att; det er eit Tjug Aar sidan sidst. De vil sjaa, kor reint utruleg eit Tjug Aar i Stræv og Strid, med myrke og ljose Dagar, kann umskapa Folk her i Landet.
 
Valdrisen vart gift med Sognegjenta – um nokon vil segja: no diktar du! so vil eg berre beda 'en spyrja etter hjaa Folk, som reiser her imillom, um dei i Amerika hev høyrt gjetet Valdrisen og Sognegjenta, og veit dei vil svara deg ja – nok er det, dei vart gifte fyr eit Tjug Aar sidan. At han fridde paa Engelsk, og ho svarad paa Engelsk, er sjølvsagt; at dei ogso vart vigde paa Engelsk, er trulegt – det veit eg daa ikkje. Daa dei var væl gifte, reiste dei av og tok Land. Det var den Gong Øydemark, der dei tok Landet sitt; men no er det eit glupt vælbyggt norsk Settlement (Bygd). Vælstand er det no i den Bygdi i kvart eit Hus, sume av Gardmennerne er rike, og norske er dei alle saman, men ingen norskare enn Valdrisen og Kona hans! Eg var hjaa dei i Sumar, og eg gløymer aldri, kor hyggjelegt der var.
 
Inne i Huset fannst alt stellt som hjaa dei beste Bønderne heime – med Sofabenkjer, Golvklæde, Ruggstolar, Bokskaap – ikkje aa gløyma Klaveret. Daa eg kom inn vart den beste Rugg- stolen sett fram til meg, og med eit hjartelegt:
"Vælkomen! Set deg no og kvil!" tok Valdrisen og Kona og Borni hans meg i Handi likeso trufast, som det hadde voret heime i sjølve Valdris. Maal og Skikkar og Hjartelag var alt saman so norskt, at ein reint kunde gløyma, at ein var i Amerika. Kvar ein Ting i Huset nemndest med sitt norske Namn. Stolen kallad Husmori og Dotteri Stol og ikkje "Chair", likeins Omnen "Omn" og ikkje "Stove" – og soleids alt, som i Huset og paa Garden var. Gjerdet kallad Mannen og Sonen hans "Gjerde" og ikkje "Fence", Vegen "Veg" og ikkje "Road". Borni var likeso norske som dei sjølve.  
 
Dotteri – aa var eg Romanskrivar, eg kunde sagte ha fyllt Sidurne baade tvo og tri med aa fortelja um hennar Fridd og andre Dygder -, men ho er likeso norsk som Mori: forstend seg, er det Helg elder onnor Høgtid, ber ho Silkekjol, men talar Norsk gjer ho likevæl betre enn baade Far og Mor, og spelar gjer ho Springdansar, so det dundrar etter, og syng norske Visur med slikt Liv og Kjensla i Spel og Tone, at Barneminni strøymer inn yver ein so norske og væne, at dei fløder yver og skyl burt alt det vonde, ein kann hava lidet og prøvat her i dette villsame Landet.
 
Sonen i Huset stend ikkje tilbake: Hev Dotteri lært Musik og annat vent paa dei beste Skular i Byen, so kann ein no helsa Sonen som Student ved Statsuniversitetet, der det norske Maal endaa hev fenget sin eigen Professor. Men spyr ein Guten, kvat han tenkjer aa verta, svarar han: "Aa, eg veit ikkje det enno, eg kjem væl til "a taka Garden etter Far min."
 
Fyr denne Gong – liv væl!                
 
G. O.
 

 

Frå Fedraheimen 31.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum