[Aarsvokstren

 
Aarsvokstren. I Kristians Fylke er Høyavlingi stor og Høyet ovlegt godt. I eit Par Herad (Dovrar og Lesjar) er Avlingi likvel ikkje rik. Ogso Kornhausten ser ut til aa verta rett god, endaa grunnlendte Aakrar hev fengjet for litet Væte, og Saakornet, som dei mange Stader brukte, var ufrjovt. I Dovrar, Lesjar og Vaagar stend Kornet klent. Rugen stend godt, der dei brukar detta Sæde. Poteten lovar ogso godt. – I Nordlands Fylke var det godt Grovedr til midt i Juni, so kaldt og surt til midt i Juli; men sidan hev Vedret voret godt, so dei likvel mange Staderfær ein god Haust, paa Lag eit godt Medelsaar. Høyavlingi vart fulla ikkje stor, men so mykje dess betre. - I Heidemarks Fylke fekk dei mykje og godt Høy – i det heile meir enn i eit godt Medelsaar; Haa vert det litet av. Kornaakrarne, som stod godt eit Tak, er øydelagde av Turken; berre Vintersædet vil gjeva Utbyte som i eit medels Aar. Poteten stend likvel tolleg godt. - I Stavanger Fylke fekk dei eit godt Medelsaar kraftugt og nøringsrikt Høy. Kornet stend lovande i den største Part av Fylket, dei saadde sume Stader for tjukt, so Aakeren vart for tett og hev lagt seg. Poteten lovar godt. – I Finmarkier det skralt med Aarsvokstren baade av Høy og Grøn. I Juli og den fyrste Halvdeild av Aug. hev alt Plenteliv voret kuat ved ein skjærande kald Nordanvind. Av Molter vert det helder ikkje stort. Poteten hev mange Stader teket Skade av Frost.
 

 

Frå Fedraheimen 31.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum