Utlandet.

 
Det gjeng traudt fyr Austrikingarne baade i Bosnia og Hersegovina. Den 19de August lukkadst det likevel fyr General Philippovic aa taka Serajevo, Hovudstaden i Bosni. Striden utartad til Myrding og Tilburdar, som kjem upp imot dei blodugaste i Krigen millom Ryssen og Turken. Fraa Banjaluka er fortalt umFælskor av same Slaget. Den 13de August fall ein Upprørarflokk yver denne Staden, og Turkarne braut inn i det austrikske Sjukhuset og slo ned fyr Fot Alle saman, Saarade, Sjuke, Sjukpassarar og Lækjarar og for aat, so det var eit Styggje. Daa dei austrik-ungarske Tropper hadde fenget Hjelp, tok dei blodug Hemn paa dei Fiendar, som dei fekk Tak i. I det Heile e Striden førd med ein Villskap og Illske, som vil verka endaa meir enn det tri Aar lange Upprør til aa leggja desse Bygder øyde.
 
I Wien spurdest det ved Kl. 5 um Eftan, at Serajevo var teket, og litet seinare kom det ut Umfram-Blad i Tusundtal, som sannad Tidendi. Ein ovstor Folkemuge ferdadst i Gatorne, paa alle offentlege Stelle talad dei berre um Striden, og Philippovic var Dagens "Storkult". "Neue frie Presse" finn, at det var som det skulde vera, "at Folk av Gleda tok seg ein Taar yver Torsten", for etter so mange Uheppor trong dei ein Siger, som kunde lyfta Modet i Folket, og Bladet meiner, at kvar ein annan Hovudstad vilde ha "ljosat seg upp." Jamvel i Ungarn, som ikkje hev havt stor Hug paa denne Herferdi, var det stor Stas og Gleda. Ogso i Bladi kjem denne aalmenne Gleda fram, og mange av deim segjer endefram, at Austrikes Fana som no er plantad paa Serajevos Vollar maa verta standande der til æveleg Tid.
 
Men Austrikingarne er ikkje ferduge med det. I Bosnia veks Talet paa Upprørararne til kvar Tidi. Dei hev Nøgdi av kruppske Kanonor, Kulor og Krut, allslags Vaapen og Herbunad. Austrike hev no 128000 Mann standande ferduge, og det driv framleides Utbuingi i harde Tak. Det er Meiningi aa faa Hersetningsarmeen til 165000 Mann med 400 Kanonor.
 
Fyr ei Tid sidan sende Nikita Fyrste av Montenegro Bod til Sultanen, at han fekk gjera so vel aa røma og gjeva fraa seg dei Landsluter, som Berlinsemja hadde tildømt Montenegro. Porten svarad nei, og skuldad paa, at det muhemedanske Folket der ikkje vilde finna seg i det. No hev Montenegrinarne teket til Vaapne fyr aa setja Retten sin igjenom med Magt. Den montenegrinske Heren under Petrovic tok p a a Festningi Podgoritza, som etter Berlinsemja skulde voret upplati til Montenegro. Turkarne svarad paa Skjotingi.
 
Ryssarne hev gjort Aagrip paa Upprørararne i Rodopefjelli ved Karanuslar og Akbunar, fyrdi dei negtad aa røma. Fraa Konstantinopel er mellt den 23de, at Upprørararne endaa heldt sine Stellingar.
 
Porten hev i eit Umgangsskriv til Stormagterne lagt ned Motsegn mot det Landavlaatet til Grækland, som var umtalat i Berlinsemja. Etter denne skal Magterne, sosnart Turkiet og Grækland ikkje kann verta samde um Grensespursmaalet, prøva aa midla imillom deim. I Athen hev dei ikkje stor Von um, at Striden med Turkiet kann verta avgjord paa fredleg Vis. Grækararne skal vera fast meinte paa aa helder vaaga det Ytste enn aa lata den Lovnaden, som er innteken i Berlinsemja, verta til Inkjes.
 

 

Frå Fedraheimen 28.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum