Lærarpostar.

 
- Lærarp., ved "Sandnæssøens Privatskule" i Alstahaug Prestegj. paa Helgeland fraa 1 Novbr. Løni er 600 Kr. fyr Aaret med fritt Hus og Kost elder, um ein vil, 1000 Kr. forutan. 10-15 Born. Fritider som paa Byskularne. Upps. 3 Mdr. "Middelskolens Plan haves for Øie", og det ver t difyr lagt sers Vegt paa, at Læraren kann taka paa seg aa undervisa i Maal, serleg Tysk; det vil, naar han derattaat er dugleg, gjeva Von um større Løn. "Det bedes bemærket, at Posten for en dygtig Mann upaatvivleleg vil væra anbefalende som Gjennemgangsstilling til Lærervirksomhed ved Amts- og Borger-Skole." Søkn. til Soknepr. Hartmann pr. Sandnæssøens Postaabneri til Utgangen av Septbr.
 
- Lærarp. i Sande Kr. i Sandherad. 36 V. Løn 8 Kr., Kostp. Kr. 5,60; Statstillegg 2 Kr. Fraa 1 Okt. Skulehuset ligg like ved Sandeherads Kyrkja. Lærarbustad er der ikkje, og Læraren hev ikkje nokot med Elding elder Reingjering av Skulestova. Sande Krinsskule er deilt i 6 uppstigande Klassur, og denne Læraren vil hava aa undervisa i dei 3 nedste. – Denne Lærarp. vil, um moglegt, verta samanbunden med Organistp. ved Sandeherads Kyrkja, so det vert lagt Vegt paa Dugleik til aa spela Orga. Inntekterne ved Organistp. vert truleg 400 Kr., derutav fast Løn 200 Kr. – Kristiania Stiftsd., Sandeherad Skk. 5 Vikur fraa 17 Aug.
 
- Lærarp. i Bjørnsund og Stavig Krinsar i Frænen. Leigde Stovur. 18 V. i kvar Kr. "I Fiskeværet Bjørnsund holdes Skolen f. T. som i tvende Kr., med samtidigt mødende Afdelinger paa hvert af de tvende Skolesteder; i Stavig møde Børnene i særskilte Afd." Løn 8 Kr., Kostp. Kr. 3,20. Statstillegg og fyr Tidi eit umframt Tillegg paa 60 Kr. fyr Aaret. Umsk. utskilde. Trondh. Stiftsd. i betalat Brev til Frænens Skk. pr. Molde til 31 Septbr.
 

 

Frå Fedraheimen 28.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum