Kristiania, den 27de August 1878

 
Tjuvanutholet i Graven. (Etter "Søndre Bergenhus Folkeblad.") Millom Kyrkjebygdi paa Austsida aat Gravensvatnet og Øvrevatsenden, ved nørdre Enden aat dette, stig det agelege Jonsberg bratt upp, fleire Tusund Fot høgt. Ved Foten stend ein Bergknaus og styd seg lausleg uppaat Fjellveggen. Det er denne Knausen, som hev fenget Namnet Tjuvanuten, og det er deruppe dei hev funnet den merkelege Berghola, eg hev nemnt i Yverskrifti.
 
I lang Tid hev Folket havt eit Fyresviv um at det saag underleg ut uppaa Tjuvanuten. Segni fortel, at i gamle Dagar var det eit faarlegt Tjuvelag, som hadde sitt Bøle deruppe i desse store Holurne. Um Næterne luskad Brotsmennerne umkring i Bygdi paa Ran og Røving, og um Dagen laag dei heime. Folk skynad snart, kvar dei hadde Reidet sitt; men Stellet var i seg sjølv mest ukjømelegt, og allvist var det Uraad fyr Nokon aa kliva upp, naar Steinen haglad nedyver fraa Røvararne. Ein Gong vart det avtalat aa setja Vakt um Berget i lengre Tid til aa svelta ut Tjuveherket. Men daa dei Umlægrade forstod det, slengde dei store Fleskeskinkur ned til Vakti, og ho kunde daa skyna, at dei berre gjorde Gjøn av heile Utsveltingsraadi. Daa var det ei klok Kjerring, som tenkte ut ei onnor Raad. Ho fekk med seg Folk uppaa Fjellet og grov der eit nytt Far aat ein Bekk, so han kom til aa renna like utyver Tjuvanuten og dei, som der heldt til. Daa vart det so ubyrgt deruppe i det idelege Vatsdrivet, at Røvararne anten flydde elder sette til.
 
So fortel Segni, at ei lang, lang Tid etter gjekk ein rask og frøken Mann uppaa Tjuvanuten til aa rannsaka det gamle illgjetne Røvarhide, som Ingen av Bygdarfolket hadde torat ganga upp til. Han kom vel upp, men det Fyrste han daa saag var ein Mannhaus, som grein imot honom, og dette Synet sette Søkken i honom soleids, at han hadde seg ned att med det same. Det skal vera ikring 100 Aar no, sidan detta hende. Fyr 20 Aar sidan steig tvo Brør uppaa Tjuvanuten. Det var eit Vaaverk, og det er ikkje gjerande annat enn ved Sumarstid og etter lang Turk; for elles er dei bratte Skarvi vaate og sleipe. Daa Brørne var uppkomne, uppdagad dei snart ei Hola. Opet var litet, so dei laut krjupa igjenom, men innanfyr vidad Hola seg ut paa alle Leider, og dei fann det mykje trulegt, at det kunde ha haldet til Folk der.
 
Fyr kort Tid sidan hev det voret gjort tvo Vitjingar til Tjuvanuten. Bland andre hev daa og Innsendaren – rett nok med god Hjelp – gjort ei Ferd dit upp. Me fann snart, at det var tvenne Inngangar til Røvarhola, skulde vera, og baade tvo so tronge at Ein laut krjupa igjenom dei. Me hadde Ljos med oss og kveikte i det strakst me var inni Hola komne. Ho var vid og rømeleg.Det viste seg, at ho greinad seg i fleire Sideholur paa alle moglege Leider. Sume gjekk ende ned og. Med eit Tog, som me hadde med oss, firad me ein av Kameratarne vaare 16-18 Alner ned igjenom ei av desse. Han naadde ikkje Botn, men lagde Merke til, at det ogso dernede gjekk Sideholur ut paa fleire Leider. Men det, som me totte var det merkelegaste av Alt ved denne Berghola, var det, at det røynleg laag Dungar med Kol, Oska og Bein dernedre. Beini saag ut til aa vera av ymse Dyrslag, som Hest, Ku, Svin, Saud, og Fugl og Fisk. Sume av dei var brennde. Eggjeskal fann me og. Desse Beini, som der Vitne, kannhenda, um at her hev butt Folk fyr mange Hundrad, ja Tusund Aar sidan, er no sende til Bergens Museum til Gransking.
 
Til Tjuvanutholet er det berre eit Snertand paa nokre Minuttar fraa Postvegen langs Gravensvatnet. Med nokot Mining og annat Arbeid er det lett aa faa Veg upp til den forunderlege Hola, som eg vil telja "Turistforeningen" og alle Luftreisande til aa agta paa.
 

 

Frå Fedraheimen 28.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum