Fraa Telemork.

 
(Brevsending.)
 
Skjynar du dæ Bonde, kvifyre Regjeringspartie, som dæ heiter, aa vaare Autoritetar er so ille harme paa Folkehøgskulanne her i Lande? Minnest du, korleis dei stortuta mot ein Mann, som meir hell nokon anan heve hjølpt den norske Bonden fram, den Mannen som Lande kons vil hava Ære av so lengje me fær Lov til aa nemnast eit fritt aa sjølvstødugt Folk, Henrik Wergeland, han som baade etter Kropp aa Aand var Kjøt av vaart Kjøt aa Bein av vaare Bein. Minnest du, korleis dei heve bore seg mæ Jaabæk aa Sverdrup, aa so burt igjønom? Nettup av sama goe Grunnar aa mæ sama goe Syn paa Sakji æ dæ dei no vil gjera Folkehøgskulanne so svarte som dæ er Raa mæ. Norske Bonde, sjaa paa denne Strii, som bli førd mot Folkehøgskulanne aa Folkehøgskulelæraranne, so ser du snart, kven dæ er som heve "raue Sokkar aa laage Sko"! Dæ er forunderleg for alle dei løglege Ting dei kann fortelja um Folkehøgskulen. Sjaa no berre denne Sogo, som heve gjengje like inni Hovustaen. Ho er fortaald paa Lag som so: "I Bratsberg Amts-Formannskap blei der i Aar gjeve Pening til ein ny Amtsskule; soleis skulde no Amte til Veten hava tvo Amtsskular. Der var regtignok nokre av Orføraranne som inkje vilde gjeva Pening til den nye Amtsskulen, aa so skulda dei paa den klene Tii. Men ein Prest, som au høyrde til dæ Lagje, kom til seinst fram mæ Sanningji, at dei til neste Aarhadde Von um aa faa sett ein Folkehøgskule ein Sta i Amte, aa at dei soleis laut tenkje paa helder aa gjeva Pening til den. Han nemnde daa tvo Mennar, som dei hadde Von um dei kunne faa til aa styre denne Skulen. Den eine av desse var ein eldre Folkehøgskulemann. Men daa dei høyrde honom Navn, daa kvakk dei kann du tru, aa daa gav dei Pening til den nye Amtsskulen mæ dæ sama.
 
Dei som helder vil tru Lygni kan tru dette, den som helder vil vita Sanningji kann lesa dette:
 
I Skulekomiteen bli Skulesakjenn' fyrst dryfte, veit du. Der hadde Styre for Amtsskulen lagt fram eit Forslag um at den Amtsskulen, som no er, burde helst setast fast i Bøhera, aa so laut der bli sett ein ny Amtsskule lenger ne-i Amte, for dæ fyste berre mæ ein Lærar. Dette kunne Orføraren fraa Selljor inkje vera mæ paa. Han lae soleis fram eit "desiderannes Votum", som dæ heiter; - dette va skrive paa Maale. Dæ skaa bli trykt i Fedraheimen fyst Amtsformannskaps Forhandlinganne kjem ut. Men dæ kann eg paa Fyrihaand seia, at Folkehøgskulen e r nevnt i dette Votumme, aa at mange av Orføraranne var huga paa aa faa Folkehøgskule; dæ var berre ein liten Deil av dei, som ein kunne seia dæ um at dei var Motstandarar av Folkehøgskulen. Skulde Bratsberg Amt hava imot Folkehøgskulen, daa maatte dei inkje vera dei sama Telebøndanne, som Jakob Aall skriv um i sine "Erindringer" fraa 1814. Men tilbakars til Sogo.
 
Ja dette Votumme fraa Orføraren i Selljor gjekk daa til seinst ut paa dæ, at der ingjen Ting skulde gjevast til den nye Amtsskulen; han hadde inkje so mykjy imot Amtsskulen, meinte han, aa etter dæ han kjende Amtsskulen, so maatte den kunna leggje ein go Grunn for Folkehøgskulen til aa byggje viare paa. Dette gav Skuledirektørn i Skulekomiteen honom Rett i – i Amtsformannskape var inkje Direktøren mæ -. Men likevæl hadde han eit aa ana aa ymte mot Folkehøgskulen, blandt ana dæ, at han fer mæ "Fraser" aa "Flosklar". - Sanningji er no den, at Folkehøgskulen aa honoms Lærarar heve sendt Tankar ut, som heve gneista aa tent Ell kring seg, aa dæ let seg inkje resonere burt mæ desse utslitne Haansori, som dei stendugt liksom sputtar paa honom mæ. Der va ein Fut ou mæ i Skulekomiteen; han blei so harm, at han rende paa Dynni. Direktøren var ou paa Vegjen ut; han tok alt i Klinka, men so tenkte han um atte, slo seg bli aa kom tilbakars; han var meir klok han, slo paa Meisen aa meinte Merri. Ja detta var i Skulekomiteen, dæ. Der var Orføraren fraa Selljor eismal; men i Amtsformannskape blei eit Utsetingsforslag, som var framsett av Presten Jespersen fraa Drangedal, vetekje mæ 15 mot 8 Stemmur. Me heve soleis berre ein Amtsskule i Amte, aa dæ kann vera nok. Ein av Orføraranne sette fram, at dei burde faa ei tvoaarleg Læretid i den Amtsskulen me no heve, men dæ blei ou forkasta. Ja dæ blei inkje stemt ivi ei Gong; dæ datt liksom av seg sjav. Dette er Sanningji aa inkje Segni.
 
Ja no er me daa so hepne, at me kann sende Baa aa Helsing rundt, at me fær ein av vaare beste Folkehøgskulelærarar her upp til Veten for aa grunnleggje eit "Sagatun" under Skorvefjøll i Telemork. Vælkomen skaa de vera hit til Skulen baade nere aa langt burte; me skaa gjera alt dæ me kann for at de kann hava dæ gott aa hyggjeleg her uppe. Dei som heve Hug til aa lære dæ norske Maale, men som inkje heve dæ so g ott fraa Far aa Mor som dæ var aa ynskje, vilde jamvæl hava gott av aa vera i Selljor ein Vet for Maales Skuld. Dæ er ei stor Sak dette, som me heve meir Tru paa en noko onnor Sak no. Folkehøgskulen er ein betre Bondehjølpar en baade Jaabæk aa Sverdrup, som no ou er so nauturvelege i dæ Yrkje dei er sette til. Kvifyre skaa dei vera so vonde paa desse Skulanne, - desse Skulanne som vil hjølpe fram alt dæ goe, som vaare beste aa støste Mennar heve arbeitt for, - slike som Henrik Wergeland, Bjørnson, Magnus Landstad, Jørgen Moe aa fleire; desse Skulanne, som mæ dæ sama vil gjeva Esk aa Vyrna for livannes Kristendom aa verja oss mot Fritenkjardomen; som vil lære dei unge Gutar aa Gjentur aa vera norske Bøndar, aa som vil verja dei fraa aa bli utskjemde av denne fljote Livemaaten aa den ovfine "Dannelsen" som fraa Europa drege seg gjønom Kristiania utivi Lande; dei som vil lære oss aa elske aa skyne paa dæ Verkje, som blei bygt i 1814, daa Gud var "attaat"; dei som vil lære kon aa vyre aa elske Far aa Mor, vaar Odelsjor aa dei store Fedreminni; som vil lære kon aa tenkje sjave, so me inkje treng aa gange til ein Embetsmann hell ei Avise aa taka vaare Meiningar paa Borg. – Men dæ er, naar dei ser, at dæ norske Folk vil seg sjave vera aa sjave sine Nykklar bera, d'er daa, at Bjølla fær slik ein Ulaat, aa daa er dæ at Kleranne fær "roue Sokkar aa laage Sko". –
 
Veit du hot Arvesen? Eg skaa fortelja deg ei Sogu, som gjeng myllom "Fremmini" – dei "Konditionerte" – i ei Bygd her:
 
"Arvesen skaa dragast mæ Dauen no, aa Doktaranne skaa hava sagt, at han inkje kann liva leng hell i dæ høgaste tri hell fire Maanar, aa daa kjem han inkje til Selljor". Ja so æ dæ, Folk spaar dæ dei helste ynskjer. Me vilde no gjønne, at du maatte liva lengje me, aa dæ vil me spaa. Han skaa liva lengje den som bli logjen Live av, seie dei. Vælkomen her upp daa! No heve me leigt Hus til deg aa Skulen din, so du skaa inkje hava noko Utlegg til dæ. No vonar me, at du skaa faa Fre ei Beite, so du kann sleppe aa rivast mæ Bikkjunn der burtpaa Oustlande. Du æ mykjy for go til dæ. Men dei er a snille mæ deg der burte ou, dæ kann ein sjaa av den store Summen, som dei hev teikna til dæ nye Skulehuse ditt. Dæ var regtig nok Skae, at du inkje fekk "Amts aa Statsbidrag", men ser ein væl etter, so er Ole Sandbergs Tale i Hedemarkens Amtsformannskap meir vær'e en um du hadde fengje dei Peningann. Men til Ole Sandberg skulde du og Bjørnson sagt som Mannen sae til Bikkja, daa ho beit 'n i Trefoten: "Jou der fekk du dæ!" sae han.
 
Jørund Telnes.
 

 

Frå Fedraheimen 28.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum