Christofer Bruun og Kongedømet.

 
[Del 1 av 3.]
 
"Folkelege Grunntankar" inneheld nokot um Vinstre-Politikken vaar, som eg trur eg lyt skriva lite Grand um. Det viser seg, at Bruun ikkje rett kann lika denne Politikken. Han skriv helder kaldt um "Johan Sverdrup og hans Medarbeidere" og deira "parlamentariske Tilbøieligheder", og det ser ut til han trur, at desse Folk gjeng so langt til Vinstre, at dei endaa kjem i Strid med Kongedømet. Sjølv vil han hava eit nytt Riksstellar-Lag, som skal halda seg midt imillom "Høgre" og "Vinstre" og soleids vera ein Millomflokk elder eit "Centrum"; denne Millomflokken skal daa vera med Vinstre i Strævet fyr ei aukande Bondemagt, men hjelpa Høgre i aa verja Kongedømet. Han gjev ingen Grunn fyr, at han plent vil hava Kongedømet uppestudt; han segjer berre, at han trur Bonden fraa gamalt elskar Kongedømet, og at her ikkje finnst nokon Grunn fyr Bonden til aa skilja seg med det, naar berre det er "dygtigt og godt." Kvat han meiner med eit "dygtigt og godt" Kongedøme segjer han ikkje, og helder ikkje fær me vita, um han finn, at det me no hev er slikt, elder korleids han i annat Tilfelle tenkjer seg, at me skal faa eit sovoret Kongedøme. Men verjast skal det.
 
Ein skulde etter detta tru, at Kongedømet var i Faare. I eit so aandeleg sundbytt Samfund som vaart, der Folk hev so utruleg vandt med aa samla seg, men so utruleg lett fyr aa skilja seg aat og dermed magtstela seg i alle store Saker, i eit slikt Samfund kann ingen vitug Mann telja sin eigen Fylking til aa kløyva seg og dermed gjera seg endaa veikare enn han er, utan det gjeld ei Sak, som reint stend paa Spyta. Men dersom Bruun trur, at Kongedømet stend slik, so tek han etter mi Meining i Mist. Um ikkje annat, so gløymer han den kjende norske Attihaldshug elder "Konservativisme", som er so sterk, at han gjenom mange Mannsaldrar kann halda fast endaa paa Ting, som Folk veit er galne. Um fem Settepartar av det norske Folk var republikanske av Tanke (i Theorien), vilde Kongedømet endaa kunna halda seg i lange Tider, av di Folk ikkje hadde Hug paa aa gjera nokot Brigde i ein gamall og tilvand Ting. Men no er Folksens Mengd ikkje eingong republikansk av Tanke.
 
Vaar Vinstrefylking er ikkje so rotrivande. Det er sjeldan, at Ein finn ein Mann der, som held plent paa Fristyret. Det einaste eg kann segja, eg hev funnet av republikansk Tenkjemaate der, er den reint fredelege Trui, at det kann ikkje nytta aa halda Kongedømet uppe med Kunst, dersom det skulde visa seg uført til aa liva paa naturleg Maate, og den likso fredelege Trui, at det væl er rimelegt at Kongedømet eingong lyt døy liksom alle andre jordiske Tilverur; men det Slag Fristyrehug kann daa ikkje leggja mange Halmstraa i Vegen fyr Kongedømet. Det er snaudt nokon einaste av desse Fristyremenn, som finn Grunn til aa arbeida imot Kongedømet so lengje Folksens Mengd vil hava det, og dei veit dessutan likso godt som Bruun, at her er mange andre Ting som maa gjerast fyrst, fyrr det kann nytta aa tenkja paa slike storpolitiske Umbøter. Kongedømet er altso ikkje i Faare. Men dersom Kongedømet ikkje er i Faare, so kann eg ikkje sjaa, at me av den Grunn treng um aa kløyva vaar Vinstrefylking; han treng seg all, den, og ingen klaartenkt Bonde vil vera rædd fyr aa fylka seg inn under Sverdrups Merkje fyr-skuld Kongedømet.
 
Det einaste var, dersom me meinte, at Kongedømet i seg sjølv var ein heilag Ting, som det galdt aa halda uppe Trui paa, liksom det er eit Samfundsfyremaal aa halda uppe Gudstrui. Men den Meiningi hev me ikkje. Me trur ikkje paa "absolute" Riksformer elder Former, som skulde vera gode og sanne i seg sjølve utan Avsyn paa Tider og Tilstand. Me tek Riksformerne som jordiske og historiske Skapnadar, som er gode elder vonde, etter som dei høver til Tid og Stad, men ikkje gode elder vonde i seg sjølve. 1) Formerne maa vera etter som Livet og Folket treng til dei; annat er her ikkje Spursmaal um. Det same gjeld daa og fyr Kongedømet. Det kann vera godt og gagnlegt; men det kann og vera ugodt og ugagnlegt. Det kjem an paa, um Tidi elder Folket treng det. Me kann dermed ikkje vilja stydja det uppe fyr si eigi Skuld elder fyr det som det i seg sjølv er; me maa hava Grunnar or Tidi elder Folket, fyrr me kann segja, um det er verdt aa halda uppe elder ikkje. Skulde me soleids her i Norig gjera oss serskilt fyre med aa halda uppe Kongstrui, so maatte me fyrst vita, at Kongedømet just var den Riksform, som høvde og var god fyr detta Landt.
 
Naar kann me daa segja, at Kongedømet er godt? – Jau, Kongedømet er godt, naar det hev nokon Ting aa gjera.
 
Det er soleids jamt godt, naar eit Rike just er i sitt Upphav og det gjeld um aa skipa og slaa fast dei ytre Vilkor fyr Riksens Liv og temja dei raae Dungar upp til aa lata seg styra av aandelege Magter og Tilskipingar. I slike Tider spyrst det mest um Kraft, Einskap og Stødleik i Styret, um djervt Tiltak og greid og fast Autoritet, som kann sjaa etter alting, og som hev si Vinning av, at alt gjeng fram paa rette Maaten. Og daa er Kongedømet godt med sin eine Mann i Brodden fyr alt og sin sterke, klaare Autoritetstanke. Fristyret vilde standa reint raadlaust her.
 
I vaar Tid og paa vaare Tufter er Samfundet fyr det meste ferdugt med desse fyrste Nybyggjar-Arbeid og hev andre Fyremaal fyr sitt Stræv. Det er Folkeliv og Borgaraand, det legg seg etter aa skapa. Det vil tyna den blinde Sjølvhugen og Sjølvnytten, denne Dyrehaatten, som dreg Mannen ned i Mold og gjer heile hans Liv til ein einaste gledelaus Trældom utan andre Frukter enn dei, som Strævet sjølv et upp att, - og det vil lyfta honom upp i Mannheimen, der den einskilde Mannen vert Eit med sitt Folk, so han fær liva med i det store, friske Liv, som rører seg i alle, og der hans Stræv fær si Vigsla og rette Gleda gjenom den styrkjande Tanken, at alt det han gjer er eit Arbeid fyr Alle, og at det paa tusund Maatar møtest med hitt Folkets Stræv og saman med det ber Frukter, som vil ganga i Arv som ein veksande Skatt ned gjenom alle Tider. Denne Tanken adlar Mannen, um han er nokso liten, og Arbeidet, um det er nokso smaatt. Ja det er den, som gjer Mannen til Mann og gjer Livet vert aa liva. Sjølvstrævet er imot vaar beste Natur og søkkjer oss ned i Raaskap og Styggedom; men Aalmannhugen legg Aand inn i Livet vaart og gjev oss den reinaste og sannaste Lukka, som Menn kann njota. Til aa faa fram denne Aalmannhug elder Folkeaand treng Samfundet tvo Ting: Fridom, so Mannen kann læra aa liva paa sitt eiget Andsvar og med Sjølvtenkjing og Sjølvvit, og so Upplysning, so Mannen kann læra aa kjenna dei Logjer, som han maa styra sitt Liv og sin Hug etter, dersom han vil vinna den Livsens Fagnad, som han i seg sjølv hev Vonerne til. Derimot fær det ikkje Bruk fyr denne sterke Utanfraa-Autoriteten. Fridomen er ein Ting, som Folk ikkje kann faa av andre; den maa dei vinna sjølv gjenom sitt eiget Stræv og si eigi Tenkjing. Den Autoriteten, Folket no skal hava, maa vera ein, som det sjølv hev sett etter den Tanken det sjølv hev um det Sanne og Rette; det maa ikkje vera slik ein blind elder kunstig Autoritet, som vil gjelda fyr ei serskilt Magt utanfyr Folket, og som tek sin Rett fraa seg sjølve, berre med Grunn av det, at han no eingong er komen til aa standa paa den Staden. Autoriteten i det frie Samfundet er Logi, som Folket gjev seg sjølv, og som alle maa lyda; men Logi er ingen annan Ting enn Utslaget av den Tanken, som Folket gjer seg um det rette og i seg sjølv sanne; detta i seg sjølv rette og sanne vert soleids i Grunnen Autoriteten; men det er og den naturlege. Difyr kann han og halda seg. Men den kunstige Autoriteten, som er bygd paa Tilfelle elder gamall Skikk og ikkje paa nokon vitug Tanke, tek strakst liksom til aa fæla, naar slike Fridomstankar kjem upp, og i same Stundi taper han Krafti til aa vera Beraren og Drivaren av Samfundsarbeidet, soleids som han fraa fyrsto var, og so som han altid maa vera, naar han skal hava Rett til aa liva. Han tek til aa tenkja paa seg sjølv, og hans Stræv fær meir og meir det Fyremaal aa verja sitt eiget Tilvære, utan Spursmaal um Folkebaten. Held han paa med detta, so at han ikkje lærer aa bøygja seg inn under Samfundets nye Skikk og aa taka upp Folksens Arbeid paa dei nye Vilkor, so kjem han tilslut til aa standa rakt i Motsetning til det Folk han skulde styra, og er daa til Grunns dauddømd. Han kann i utvortes Meining halda seg uppe; men han er utan Kraft og utan Rett og i Grunnen einast aa likna ihop med ein utstasad og utkrotad Mumie. Ingenting kann hava sannt Liv, som ikkje trengst som eit Organ (Reidskap) fyr ei Livsverksemd; so er det med alle Vokstrar (Organismar), og so er det med Soga.                  
 
(G).
 
( Meir).
 
1) Dei kann vera meir elder mindre fullkomne etter sin Tanke; men den mindre "fullkomne" kann til si tid vera betre og gagnlegare enn den fullkomnaste.
 

 

Frå Fedraheimen 28.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum