Bø i Telemork

 
(Brev).
 
Stipendiat J. M. Moe, som no fer ikring her uppe og samlar Folkediktingar – og dei segjer han hev funnet merkjeleg mange gode og forvitnelege Ting -, hadde den Uheppa no 8de Juli var, at han paa Skogen millom Aarmotsdal og Saurland (uppved Himingen ein Stad) vart forfylgd av Fantar, som kringsette honom slik, at han vart liggjande ute paa ei Bergufs i tvo Næter og ein Dag. Saki er melld til Skrivaren; men han tok det nok so rolegt, han, at Fantarne fekk meir enn Tid nok til aa renna sin Kos. Tak dei no att!
 
r. r. r.
 

 

Frå Fedraheimen 28.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum