Amerikanske Forteljingar og Skildringar (II)

 
[ved A.H.]
 
[Del 1 av 2.]
 
2. Pantelaanaren
 
(Dr. Th. Griesinger).
 
Pantelaanaren (the Pawnbroker) er ein Mann, som liver av Pant. – I Amerika hev ein Pantelaanar med "Concession" Rett til aa krevja 25 fyr Hundrad i Rentur. Derimot er det hans Skylda aa lata Pantet liggja til Attløysing eit heilt Aar. Av Retten gjerer han altid Bruk og suttrar berre yver, at Rentefoten er so laag. Den nemnde Skylda set han seg ut yver, men berre, naar han hev aa gjera med Folk, som han trur ikkje vil klaga, for ei Klaga skyr han, som Tjuven skyr Politiet – det vørte ikkje greidt, um han miste Retten til aa liva av Pant. – Ein Pantelaanar maa nemleg løysa Løyvesbrev hjaa Mayoren og Byraadet og fyr detta leggja aarleg 25 Dollars. Men Løyvesbrev kann ikkje negtast nokon Borgar, naar han ikkje hev setet i Tukthuset fyr Stuld elder annat grovt Brot.
 
Pantelaanaren laanar Pengar paa alle Ting, paa Ullan so vel som paa Linan, paa Sylv-Skeider so vel som paa Gull-Ur. Likvel vil han helst hava Gull og Sylv. Budi hans, som altid ligg i ei sjølgmennt Gata, er full av smaa Pakkar, som ligg etter Numer i smaa Hyllur. Ur, Kjede, Ringar, Skeider, Armband og dilikt gøymer han i eit vel læst Skaap. Yver Bud-dyri heng ikkje Tavla, men 3 gyllte Kulor, Teiknet paa, at her finnst ein altid open Pengepung.
 
Pantelaanaren stend heile Dagen fraa Kl. 8 um Morgonen til Kl. 6 um Eftan bak Disken, som er vel budd med sterkt Traleverk mot Aagrip av illske "Kunder", og hans Egtehelvt offrar seg likso heilt fyr Verket som han; dei tvo hev Henderna fulle heile Dagen. Han, Husherren, tek seg mest av Smide elder Metalsaker. Ein Pantelaanar kjenner det alt paa Daamen, um det er godt elder klent Gull elder Sylv i ein Ting.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 28.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum