Amerikanske Forteljingar og Skildringar (I)

 
(ved A. H.)
 
[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
1. Tri Sunndagar i Senn.
 
(Edg. A. Poe.)
 
(Framhald.)
 
Pratt: "Whist, min Herre? – De gløymer visst, at det er Sunndag i Morgon 1 ); men ein annan Kveld -."
 
Kate: "Nei, Hr. Pratt! Kvat er det no De segjer? Er De reint ruglad i Toppen?. Det er Sunndag i Dag!"
 
Morbror: "Ja visst er det so, naturlegvis!"
 
Pratt: "Eg bed Dykk orsaka meg baade tvo – men eg veit det, eg veit, det kann ikkje hjelpa, kvat De kann falla paa aa segja! Eg veit med full Vissa, at det er Sunndag i Morgon; for –".
 
Smitherton (binen): "Kvat er det De stend og tevlar um? Var det ikkje Sunndagen i Gaar? Det skulde eg hava Hug til aa vita!"
 
Alle: "I Gaar? Ja, De er god, De, Kaptein!"
 
Morbror: "I Dag er det Sunndag, segjer eg! Skulde eg ikkje vita so myket?"
 
Pratt: "Skulde du hava høyrt slik Vitløysa? I Morgon er det Sunndag, og dermed Punktum!
 
Smitherton: Eg trur, De er gjengne fraa Vitet allesaman, ja retteleg allesaman. Eg er so viss paa, at det var Sunndag i Gaar, som paa, at eg no sit her paa Stolen.
 
Kate (logn): "No skynar eg, korleids det heng ihop! Papa, detta er ein Dom imot deg i - - i den Saki du veit. Eg skal greida alt ut fyr Dykk. Det skal vera gjort i ein Augneblink, dersom eg fær Løyve! Kaptein Smitherton segjer, det var Sunndag i Gaar; det var det og; han hev fullkomen Rett. Bobb Frende, Papa og eg segjer, det er Sunndag i Dag; det er det og; me hev ogso evlaust Rett. Kaptein Pratt stend paa det, at det vert Sunndag i Morgon; det vil det og verta; han hev likeins Rett. Sannt aa segja hev me alle Rett fyr oss, og soleids vert det daa tri Sunndagar i Senn, den eine etter den andre."
 
Smitherton (tenkjer seg um): "Ja, visst hev Kate Rett. Men du, Pratt, og eg, for nokre Jolebukkar me er; Vitet hefter oss ikkje, det er visst. Ser De: Jordi er, som De veit, 24 Tusund Miler 2) umkverves, ho velter seg um Aasen sin elder snur seg ikring seg sjølv -, so at heile Ummaalet 24 Tusund Miler, og kvar Punkt i Ummaalet, gjeng plennt ein Gong rundt fraa Vest til Aust i 24 Klokketimar. De skynar meg?"
 
Morbror: "Naturleg, naturleg. Doktor Dubb -."
 
Smitherton: Vel! det vil segja: Jordi velter seg kring Aasen sin Tusund Miler i kvar Klokketime. Tenkjer me oss no, at eg sigler herifraa 1000 Miler austyver, so kjem eg Solrenningi i Forkaup plennt ein Klokketime; eg ser Soli renna ein Time fyre Dykk, som er her. Held eg so fram andre 1000 Miler, so ser eg Solrenningi tvo Timar fyre Dykk. Det tridje og det fjorde Tusund Miler gjerer den tridje og den fjorde Timen og so framveges, til dess eg er komen heilt rundt Jordi hit att til same Staden, eg tok ut ifraa; daa hev eg faret 24 Tusund Miler austyver og ser Solrenningi 24 Timer fyre Dykk, - det vil segja: eg er komen fram um Dykk eit Jamdøger i Tidi, De skynar meg?
 
Morbror: "Ja, men Dubble L. Dee -."
 
Smitherton: "Men Pratt derimot siglde i Vest, og daa han hadde siglt 1 Tusund Miler var han ein Time etter Dykk i Tidi, liksom han, daa han hadde siglt 24 Tusund Miler, var 24 Timar elder eit Jamdøger etter Dykkar Tid. Difyr var Gaarsdagen fyr meg Sunndag – difyr kallar De Dagen i Dag Sunndag – og difyr kallar Pratt den Dagen, som kjem i Morgon, Sunndag. Og det merkjelegaste er, mine Herrar, at me hav Rett allesaman og endaa Rett til aa halda paa vaar Rett. For det finnst ingen vitug Grunn til dess, at Uppfatningi aat ein av oss skal hava større GIldskap enn Uppfatningi aat kvar annan av oss i detta Stykkje".
 
Morbror: "Ja, no kann det vera nog av Rødur! Og du, litle Kate, og du, litle Bobb! – Eg gjev Dykk Rett i det, at detta er ein Dom av Forsynet, som De segjer. Men eg er ogso Mann, som stend ved mine Ord - høyr no vel etter: Du skal faa henne – Heimgifti og altsaman -, naar du vil. Ja, detta er ein Gudsdom, mine Herrar. Tri Sunndagar i ein Stryvase! Eg hev Hug til aa vita, kvat Dubble L. Dee segjer um detta!
 
1) Englendingar og Amerikanarar held Sunndagen strengt heilag og spiler ikkje Kort paa denne Dag.
2) D. e. engelske Miler. Rundt Jordi er det ved Æqvator 5400 geogr. Miler elder 3500 norske Miler. Ei norsk er 7 Gongar so lang som 1 eng. Mil. 7 x 3500 = 24.500.
 

 

Frå Fedraheimen 28.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum