[Notisar]

 
Formannskapslogi. Hr. A. Tande (fraa Øyer i Gudbrandsdalen) hev sendt "OplandenesAvis" eit Forslag til Odelsthinget um Brigde i Formannskapslogi fyr Landet. § 16 i Logi skal etter detta brigdast soleids, at "Ordføraren og Vareordføraren – fyr tvo etter kvarandre fylgjande Aar – kjem til aa veljast av og ibland alle Medlemer av Heradsstyret", og at "den Mann, som hev aa møta ved Amtsthinget, og Suppleanten hans skal veljast paa Heradsthinget av og bland alle deim, som hev Røysterett, fyre Formannsvalet" elder, um detta finnst aa vera for stort Brigde, "i Heradsstyremøte av og bland alle Heradsstyrets Medlemer, fyrr Val paa Ordførar og Vareordførar gjeng fyr seg."
 
I Hollands Generalstatar (Storthing) hev Yverhuset (1ste Kammer) med 26 mot 10 Røyster godkjendt den fyrr av Underhuset vedtekne Folkeskule-Log, som gjeng ut paa aa gjera Folkeskulen meir til Rikssak enn fyrr og gjera Kristendoms-Undervisningi til eit friviljugt Fag.
 
Hungersnaud. I Aust-India hev i Fjor og i Aar 1,350,000 M enneskjur svoltet ihel, endaa 9,750,000 £ = 175. 5 Mill. Kronur er sende til Hjelp. Regjeringi meiner, at det tiandkvart Aar tarvst 15 Mill. £ = 270 Mill. Kroner til aa hindra Hungers-Naud; det teiknar no til god Haust. - I Kina er 7 Mill. Menneskjur daane av Hunger; men no er dei ogso der ovanpaa og held ein Takkefest til Æra fyr Krigsguden Kvan-Yu; kvar Kinamann, stor elder liten, skal under denne Høgtid paa ein og same Time slaa Hovudet mot Jordi 9 Gongar.
 
Bjørnerud-Mordaren. Telegram fraa Stockholm melder, at ein Umstrippar, Kammaker Frederik Oskar Frederiksson, under eit Politiforhøyr i Linkøping hev tilstadet, at det er han, som hev mordat den ukjende Mannen, som nyst vart funnen ved Rosendal (Djurgården), Stockholm, og likeins dei tvo Gjentur paa Bjørnerud ved Kristiania i 1876. Det fyrste Mord hev han sidan fraagjenget; um det andre held dei enno Forhøyr. Eit av vaare Blad segjer seg mest viss paa, at den Rette er funnen med detta, men det er fulla litet sætande, kvat ein slik Mjøltraavar segjer.
 
Eldspaasetning. Natt til Tysdag sette Eigaren av eit Hus ved Frydenberg i Gleminge (Smaaleni), ein Svenske, Eld paa Huset sitt; ein annan Svenske hjelpte honom. Huset var høgt assurerat. Det budde fleire i Huset enn Eigaren, so det var Faare fyr Mordbrand attaat. Begge hev tilstadet.
 
Yverkøyrt Barn. Ein Dag i fyrre Vika stod ei Kona ved Throndheimsvegen i Kristiania og vaskade. Eit 2 Aar gamalt Barn hadde ho hjaa seg og bad eit Par eldre Born sjaa til med Guten. Dei lovad det, men, som Ungar plar, tok dei seg Tilsynet lett. Ein tung Vogn kom kjøyrande, Barnet vagade imot denne, snaavade og datt, og Hjulet gjekk beint yver det. Dauden fylgde strakst. Køyraren skal vera skuldlaus, daa han kjøyrde varlegt. Forhøyr skal likvel upptakast.
 
Pension av Rikskassa aat Amtmanns-Ekkja. Ekkja etter Amtmann Meinich (Kristians-Fylke) hev av Regjeringi fengjet "midlertidig Pension" 1600 Kr. Mannen var Formann i Matrikuleringsnemndi. Han var ogso den fyrste Embættesmann, som trod upp med Kraft mot "Maalstrævet". Daa no avgjengne Per Bø som Formann i Skogstyret i Gausdal etter Samtykkje av alle Medlemer hadde skrivet Reglar fyr Bruken av Aalmenningsskogen paa Norsk, sette Amtmann Meinich seg imot slikt Tull, men laut likvel senda Reglarne til Indre-Dept; der ligg Papiret vonleg enno. Samstundes elder litet seinare fekk han Justits-Dept. til aa utgjeva ein "Ukas" um, at han, Amtmannen, andsvarslaust kunde burtleggja offenlege Brev, naar dei var skrivne i Landsens eiget Maalføre.
 
Skipsferdi. Fraa den Dag (1877), Plimsoll's Sjoferdslog trod i Kraft, til Juni Maanad 1878 er i England 228 Skip komne under Syning fyr Brester ved Skrov, Maskina elder Udrustning. Av deim fannst ved Syningarne 219 aa vera "uduglege" Sjofarty og berre 5 "duglege". Andre 62 Farty kom under Syning som yverladde, og desse fannst alle aa vera "uduglege".
 
Vulkan, ein ny Planet, næmare Soli enn Merkur, vart upptekt Aar 1859 av Lækjaren Lescarboult i Orzares, men kom sidan burt fyr Stjernekikararne. I Aar er han attfunnen av Watson, ein Astronom fraa Ann Arbod, Michigan, som under Solformyrkningi den 29 Juli hadde teket Post ein Stad i Wyoming. Denne Watson hev funnet mange Planetar, fraa 1863 til no ikkje mindre enn 22 av dei smaae Vandringsstjernur (Planetoider) millom Mars og Jupiter. Vulkan er ei Stjerna av 4de Storleik og synleg ¾ Mill. Mil fraa Soli og skulde soleids ikkje vera so oversleg vand aa finna, daa Neptun, av 8de Storleik, vart funnen alt i 1846. Astronomarne veit enno ikkje rett, um den funne Planeten er den Kloten, som dei hev reknat ut maa vera innan fyr Merkur, elder han er ein Lem av ein indre Planetoidring og difyr rettast burde heita: Vulkan I. Aret paa honom er paa Lag som ein Maanad paa Jordi, Vetren der er 40-50 Gongar so varm som Sumaren ved Midlina her. Soli vil derifraa vera 100 Gongar so stor og klaar aa sjaa til som fraa Jordi.
 
Elding. Paa Ingelsrud Gard ved Kongsvinger slo Lynet ned Fredag den 16 Aug. og drap ein Mann ute paa Morki. Ei brun Rand gjekk nedyver Ryggen til Fotsolen paa den Drepne. Paa Bringe og Mage var upprivet 3 Hol. 2 Mann, som var i Nærhaandi, ormegtadest.
 
Smaalens-Jarnvegen. Ein Lagsformann i Fredrikshall fekk ein av Dagarne Løn til heile laget, 1000 Kr., og rømde med Pengarne. Me hev ikkje høyrt, um han er fakkad.
 
Sjølvmord og Forhøyr. I "Agderposten" og andre Blad hev det voret eit svare Skriv um ei Gjenta, som gjekk av Stad og drap seg, etter at ein Politimann hadde voret hjaa henne og skyldt henne fyr Stuld. (Fedraheimen No. 47.) Det hev voret Forhøyr um Stulden elder Dul av Hittegods, som dei hev trutt Gjenta skyldug i, men ikkje um Politimannens Aatferd. No lyser Husbonden aat Gjenta, Hr. Emil Meyer, i "Agderposten" at Justitsdept. hev gjevet Amtmannen Paalegg um "gjennem Arendals Politimester at lade indhente de fornødne nærmere Oplysninger angaaende Politibetjent Slanghs Forhold ved den i Baldet omhandlede Anledning.
 
Rektor Steen, Storthingsmannen fraa Stavanger og Odelsthingets Præsident, som fekk Lungebrand i den siste Deild av Thingmøtet i Aar, er no frisk att; han hev butt paa Landet nær Kristiania i Sumar, men er no heimfaren.
 

 

Frå Fedraheimen 28.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum