Nerstrand.

 
(Sluten).
 
Soleids bar det til, at Stavanger no er ein stor, gild By, medan Nerstrand bert er eit "Torp" med knapt halvtannat Hundrad Menneskjor. Av all den Herleiken, Stranda kunde havt, heve ho inkje annat held Thing og Sessionar, Lauk, Timian og Myntevatn. Heile Stranda er utskift i Hagar, og det er forvitnelegt at sjaa, kor Jordi i desse Hagarne vert utnyttad. Der er so mange Slag av Vokstrar bert i ei "Seng", at det er ei Furda. Naar daa Hausten kjem, fylla dei Sekkjer og Kistor med allslags Røter og Urter og reisa til Stavanger og Bergen, og det er utrulegt, kor mange Pengar dei taka inn av dei smaae Jordlepparne sine. Trefrukt leggja dei seg og etter, og Sumarsdag kann du knapt sjaa Husi fyr Lauv og Tretoppar. Og so heve det nok voret i fleire Hundrad Aar.
 
Eit Stykke aust ifraa Stranda ligg Nessa, og der skal eingong hava butt ein Adelsmann, - iminsto var han so fin paa det, at han inkje kunde sitja i Kyrkja i Lag med annat Folk, men maatte hava ei Gardskyrkja elder Capel fyr seg sjølv. Baade paa Nessa og Granngarden Øverland hava dei funnet Leivningar etter gamle Dagar. Paa Sandsgaard, som ligg paa den adre Kanten av Stranda, og som fyr ei Tid tilbake var Fut- og Skrivargard, stend tvo høge Bautasteinar.
 
Elles er her inkje mange Segner fraa eldre Tider. Dei Reglor og Rispor, ein kann høyra, hava fyr det meste Rot i Yvertrui og fortel um stakkarslege Haugetussar og Huldrekallar, men helst um Dævelskap og Fansmagt. Fyrr held eg sluttar, maa eg fortelja eit Par Rispor um gamle Luth; ei onnor Gong, kannhenda, kjem eg tilbake til adre Ting, som hava gjenget elder gjeng fyr seg i Bygdi og i Bygderne her ikring.
 
Ja gamle Luth, det var Kar heile Dagen. Han var Prest her i Fyrstningi av dette Aarhundradet og er soleides den eldste Prest i Mannaminnom. Han var nokot snak etter "det sterke Slaget"; men elles var det Mann som kunde meir held mata seg det. Han hadde Svarteboki, og der er mange Segner um, kvat den Mannen kunde gjera.
 
Frammed Prestegarden renn Hinderaa, og i Hinderaa stod paa den Tid ei Sag. Luth var Sagmeistar der. Kvar Laurdagskveld bar han heim Arbeidstølorne sine, fyr at dei inkje skulde verta avstolne. No budde der eit Stykke ifraa Prestegarden ein Lytmann, og denne Lytmannen hadde tvo Jomfrugor hjaa seg. Ein Laurdagskveld kjem Lytmannen uppetter Vegen frammed Elvi med ei Jomfruga i kor Armen. Paa same Tidi kjem Luth nedetter Vegen med Øksar og Lekkjor og Hakar paa Oksli. "No", sa' Lytmannen, daa dei møttest," kjem Presten med sine Øksar og Hakar?" "Ja", svarade Luth, "og her kjem Lytmannen med sine Skjøkjor og Horor". Lytmannen treiv etter Verja. "Statt, som du staar!" sa' Luth. Og der maatte Lytmannen standa med Sabelen i Veeret heile Notti alt til um Sundagsmorgonen. Daa var Luth ned og løyste honom.
 
Luth hadde den Visi, at han gjekk og dreiv paa Kjyrkjegarden um Næterne. Kona hans var inkje nokot glad i denne Nottegangen og bad eingong Tenaren, at han skulde snikja seg etter og njosna ut um, kvat det var, Presten gjekk etter. Men Luth gaadde Tenaren og spurde, kven det var. Tenaren svarade inkje; men best som det var, sokk han Skohøgdi ned i Marki. Luth spurde uppatt, men Drengen var so hard, at han gav seg inkje tilkjennes. Daa sokk han under Kneet, og daa tok han Fælsla. Han skreik uppyver seg. "No er det for seint", sagde Luth: "les Fadervaaret ditt!" Deretter laut han nok mana honom under Jordi, og der Drengen foor ned igjenom, der er den Dag i Dag ein Flekk, som held seg vaat, um Jordi er alder so turr. Flekken er vand at finna; men det er visst, at han skal vera der.
 
Luth likte inkje, at Folk gav seg til at standa røda paa Kyrkjegarden. Han jagade deim derifraa. "Kven veit", sagde han, "um inkje dei daude høyra?"
 
Dei adre Prestarne herikring vyrde litet paa Nerstrandspresten. Ein Gong høvde mange av Prestarne til at vera samnade i Stavanger. Ingen brydde seg nokot um Luth, der han gjekk og tuslade. Men so var der ei Tavla einstads med ei Skrivt, som dei inkje var god fyr tyda. Jau daa fekk dei Bruk fyr Nerstrandspresten; daa laut Luth fram. – Ein Gong kom Bispen paa Kyrkjesjaa. Han trudde daa, det maatte vera litet tess med denne Stakkaren, som gjekk der og reikade fyr seg sjølv i Prestegarden. Han sende difyr det Bodet til honom, at kjende han seg inkje god fyr preika, skulde Famulussen aat Bispen gjera det. "Nei", sagde Luth, "eg skal nok preika; helsa til Bispen, at eg heve gløymt meir eg, held Famulussen hans heve lært." Og du maa tru, han preikte; fyr han stod inkje fast den Karen, naar det galdt paa, og han fyrst vilde sleppa seg laus.
 
Men han var hardla slid etter Drikkande-Vara. Gjekk han eintom paa Stolen, vardt det helder skralt med Tala; men, hadde han eit halvt Rus paa, jau daa losade han upp. Tett attmed Prestegarden var i dei Dagar Brennevinshandel. Der gjekk han trutt. Men eingong hadde Kona hans fenget lagt i deim, at dei inkje skulde lata honom faa nokot. Han vart gryten daa. "Der Dævelen inkje kann koma sjølv, der sender han eit Kvinnfolk!" sa' han, meddi han foor ut igjenom Dørerne.
 
Men han var ein snild og "gjemeinsleg" Prest. Han var ein vælsedd Gjest i Brudlaup og adre Lag, og, naar gamle Luth tok til at tralla og syngja, jau daa vart der Gaman i Laget.
 
L. D-s.
 

 

Frå Fedraheimen 24.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum