Kristiania, den 23de August 1878.

 
Aldehausten i dei Nordamerikanske Sambandsrike hev eit Verde av 140 Mill. Dollars (elder Dalar). Kveitehausten hev det dubbelte Verde (280 Mill.). Kalifornia hev 60000 Akres (262000 Maal) Vinland, og avlar 10 Mill. Gallons (50 Mill. Potter elder Liter) Vin umfram Vinedik, Rusiner, Cognac og friske Druvur. Dei andre Rike 25 Mill. Potter Vin. Verdet av Aldehausten i Michigan er 4 Mill. Dollars. Illionis, som enno er Nybyggjarrike, hev alt 320,000 Akres (1,400,000 Maal) Aldehagar. Ved Norfolk i Virginia avlade dei 3 Mill. Qvarts (3. 75 Mill. Potter) Jordbær ifjor.
 
Viktor Hugo. Ein Brevskrivar fraa Paris til det svenske Blad "Snällposten" hev høyrt, at den vidgetne Diktaren hev vortet galen – av for stort Medhelde – og er førd til Guernsey.
 
Fakkad Rømling. Hollendaren de Gruyters, som rømde fraa Stockholm i Vaar etter aa hava skrivet falske Vekslar i Ovmengd, vart sin Laugdag gripen i New-York, strakst han kom til Hamni paa Eimskipet "Mosel". Han hadde butt i eit Hôtel i Bremen under Namn "de Corven", fraa 29 Juli til 4de August. Ein Tenar der upplyste Politiet um detta, og um, at de G. var paa Ferdi til Amerika, daa Tenaren fekk sjaa eit Portræt av de G. i Bladet "Kladderadatsch" og kjende honom att. Han hadde 25000 Francs paa seg, daa han vart fakkad. No er han vonleg paa Vegen til Sverike.
 
Kristiania Theater. Rektor Müller og Løjtnant Sibbern er utgjengje av Direktionen. I deira Stad tred inn Kaptein Frølich, Ceremonimeistar, kgl. Fullmegtug Harald Holst og Skulestyrar H. Schrøder. Me er rædde fyr, at dei nye Direktørar, liksom dei gamle, berre hev "Namnverde," og at det tarvst andre Krafter til aa føra Kunsti fram til Siger i vaar Rikshovudstad.
 
Røros Koparverk. Kukseigararne (Luteigararne) i detta Verket fekk fyr 1876 inkje Utbyte, men laut skjota til nokot til Drifti; fyr 1877 fær dei 72 Kronur paa Kuksen.
 
Valdelegt Motstand mot Politiet. Nokre Jarnvegsarbeidarar i Sarpsborg gjorde sin Sunndag Uppstyr, og daa Politiet paabaud Ro, gjekk Arbeidararne laus paa Ordensmagti.
 
Utvandring til Amerika fraa Island. Eit Par Tusund Islendingar er alt utflytte til Amerika. No stend 4-500 ferduge til aa fylgja etter, mest fraa Nordlandet og Austlandet. Dei fleste er Folk, som sat godt heime.
 
Fangevards-Kongressen i Stockholm hev skilt seg i 3 "Sektioner": ein fyr Straffelogskiping, ein fyr Straffeaatgjerder og ein fyr "præventive" Aatgjerder. Utrikesministeren Bjørnstjerna er vald til Formann, Wines fraa Nordamerika til Yverformann og Dr. Guillaume fraa Schweiz til Generalsekretær.
 
Nubisk Dyrsamling. Karl Hagenbeck fraa Hamburg er komen til Kaupenhamn med 1 Rhinoceros, 4 Elefantar, 6 Giraffur, 7 Dromedarar, 16 afrikanske Gjeiter og Sauder, 4 Antilopar, 1 Steinbukk, 1 Villsvin, 2 Apekattar, 2 Strutsar og 2 Ride-Esel.
 
Fredskongress i Paris. Ei stor Mengd "Freds-Samlag" vil halda Sammøte i Paris fraa 26de i d. M. Alkohol (Brennevins)- Kongress hev voret haldet der, likeins mange andre Kongressar.
 
Siam. Kongehuset i Siam er helder fjølgmennt. Det hev soleids 71 Prinsar: den sist daane "fyrste Kongen" hadde 35 Konur og 84 Born; den sist daane "andre Kongen" 35 Konur og 36 Born. Den nye Konge hev 21 Brøder og 35 Systr.
 
Egteskapslog i Italia. Riksstyret arbeidar paa ei Log, som forbyd prestarne aa vigsla nokot Egteskap, fyrr det er inngjenget fyr Notarius, soleids som det er Log alt i Frankrike, Belgia, Schweiz og Tyskland. Straffi fyr Prest, som likvel vigslar, vert fyreslegi til Bøter fraa 200 til 600 Lire (1 Lire=70 Øyrur) dei tvo fyrste Gonger og til Fengsel fraa 1 til 3 Maanadar 3dje Gongen.
 
Gullminur i Siberia. Fraa Amurlandet og andre Stader i Siberia er det komet Tidend um, at det er rike Gullfund aa gjera; det vert kannhenda snart ikkje stor Straff i aa verta forvist til Siberia.
 
Eldbrune. Natt til 15de brann paa Kolbu Gard i Vestre Toten Handelsmann Ole E. Braastads Stovelaan. all Ambod og Handelsvarurna. Hus og Ambod var assurerat, Varurna ikkje. Eigaren og Kona hans var burte paa Sætri; berre Bestemori og 3 Born var heime. Ein Arbeidsmann fekk frelst Bestemori og tvo av Borni, det tridje umkom i Logarne.
 
Den eldste Avisa vart utgjevet av Pontifex maximus (Øvstepresten) i Rom berre ein Gong um Aaret fyr meir enn 2000 Aar sidan; Folk let seg likvel ikkje lengje nøgja med aa lesa Nytt so sjeldan, - Riksstyret maatte difyr skaffa Nylesnad oftare, og det gjekk ikkje rett mange Aari, fyrr det laut utgjeva ei Avisa kvar Dag: "Acta populi Romani diurna" (Dagleg romersk Folketidend). Eit Numer av denne Avisa fraa Aar 168 fyre Kristus inneheld millom eitkvart Annat detta: "I Dag var det Embættesmannamøte hjaa Konsul Sixinius. – Torevedr. Eldingen hev kløyvt ein Eik ved Foten av Velihaugen. – I eit Vertshus ved Foten av Janusberget hev det voret Slagsmaal; Eigaren vart hart saarad. – Prætoren Titinius hev dømt fleire Slagtarar i Bøter, av di dei hadde selt Kjøt, som ikkje fyreaat var funnet aa vera friskt. Bøterne skal brukast til aa byggja eit Altar fyr Laveria (ei Gudinna). – Kaupmann Aufidius, som rømde og tok med seg Andres Pengar, er no gripen og tvingad til aa gjeva att Summarne. – Røyvaren Demison er gripen av Politimannen Narva; han vart same Dag krossfest. – Floten fraa Asia er heimkomen i Dag."
 
Kardinal Franchis Audlaat (Dande). Køln. Zeitung hev eit Romabrev som segjer, at det ligg eit "døkkt Slør" yver Statssekretærens Avgang. Dr. Bacelli fekk ikkje Løye til aa obducera Liket; den Daane hadde ingen Feber under heile Sjukdomen; Sjukeromet gjorde eit uhuglegt Inntrykk; ein Gendarm (Politisoldat), som heldt Vagt der, er enno sjuk av det, han saag; nokre tottest venta med Lengsla paa Uppløysningi, og ynskte, at den Sjuke maatte døy, so snart som moglegt. Strakst Kardinalen hadde uppgjevet Aandi, gjekk alle sin Veg, og Snidkaren, som kom med Likkista, fann Liket liggjande paa det berre Golv, Neglarne var blaa-svarte og Andlitet takkt med ein Flugesverm; Kardinalen vart gravlagt Morgonen etter Kl. 4.
 
Cppern. Turkarne paa Øyi er myket missnøgde med den nye Guvernør, General Wolseleys Order, at heretter berre det engelske Tungemaal skal vera officielt Maal paa Øyi. Den, som hev Magt, missbrukar henne gjernast.
 
Tvegifte. Ein Tyskar, Seitz, i New-York let Kona si, som laag fyr Dauden, yvertala seg til aa gifta seg med Syster hennar, medan ho enno livde. Etterpaa frisknade Kona til, og no sit Mannen der med tvo Konur og hev Straff aa venta attpaa. Ogso Presten, som let seg bruka til aa vigja, fær vel Straff.
 

 

Frå Fedraheimen 24.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum