Ei Prestehistoria.

 
A. Holmstad i Øystre Toten hev skrivet eit Klagebrev til Hamarbispen; Innhaldet er i det store dette: Den 18de April Kl. 8 um Morgonen kom eg til Soknepresten Prost Steen og bad honom reisa i Soknebod til Ole Haakensen, Innlegg hjaa ein "Inderst", som bur paa eit Husvær under Holmstad. Prosten negtad strakst aa reisa, fyrdi det ikkje var Skjot med. Skjotgreida hadde dei sjølvsagt ikkje, korkje "Indersten" elder den sjuke Legdkallen, og vandt var det aa faa daa i Vaaronni. Prosten bad meg rettnok aa ganga til Kallskapellanen, men daa eg same Morgonen skulde i eit offentlegt Møte, hadde eg vondt fyr Tid til det, og eg sagde ved Prosten, at eg ikkje fann meg skyldug til aa venda meg til nokon Annan enn honom, og at det maatte verta hans Sak aa gjeva Order til Kallskapellanen. Eg lagde til, at um Prosten ikkje kunde taka ein av sine eigne Hestar og han hadde Rett til Skjot, so maatte han faa seg Skjot paa Fatigkassa si Reikning. Enden vart, at Prosten reiste ikkje, og Fatikmannen døydde same Dags Aftan utan hans Trøyst. - - Bispen "finder vistnok Grund til at beklage det forefaldne", men Presten - segjer han – hev etter "Kristian Kvint" Rett til aa krevja Skjot i Soknebod, og det maatte vera Gardbrukaren, som paa fyrste Handi var pligtug til aa syrgja fyr, at Presten i eit Høve som dette vart hentad og framskytsad. So fær Holmestad ei Avreidsla, fyrdi han hev voret rang og "uviljug til aa visa ein sjuk og fatig Medkristen, som ligg fyr Dauden, ei Kjærleikstenesta, som det synest aa liggja nær aa yta fyr kvar ein, som kann, endaa um det ikkje var fyreskrivet ved Log". – Holmstad hev seinare upplyst, at det var ikkje, som Bispen hev meint, hjaa Husmannen den sjuke Mannen var innlagd, men hjaa ein "Inderst", som budde hjaa Husmannen. Han hadde soleids ikkje onnor Pligt enn kvar ei onnor Menneskja til aa skaffa Hest. Aa senda Bod til Kallskap. hadde han ikkje Tid til, for han var seinkad so mykje ved Samtal med Prosten, at han likevel kom nokot for seint til det Møtet, han skulde til; og dertil meinte han, at det maatte helder vera Soknepresten enn han, som hadde aa gjeva Kallskapellanen Order.
 
Tru det tarvst Utleggjing til denne Historia um Presten og Hesten? Prestegarden i Øystre Toten er ein Gard paa 48 Skylddalar; kor mange Hestar han føder, er ikkje upplyst.
 

 

Frå Fedraheimen 24.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum