Brevsending fraa Fredrikshall.

 
Det var ei forargeleg Misprenting, Hr. Utgjevar, i det fyrste Stykket av Brevsendingi mi. Midt i den fyrste Bolken stend det prentat: "Myket av Handelen her er komen i Henderne paa større elder mindre Samlag, elder, som den Mannen sagde, eg snakkade um fyrr, Handelen er "monopoliserat." Og so deretter hadde eg skrivet paa Lag slik, men det hadde Setjaren gløymt aa taka med: "Me hev eit stort Handels-Samlag her, som heiter "Saugbrugsforeningen." Det var leidt, detta inkje kom med, for eit langt Stykke av Brevsendingi vart reint meiningslaust.
 
Eg ser av siste Nommer av "Fedraheimen", at Utgjevaren inkje likar Stykke um daude d'ar og t'ar. Ver inkje vond, Hr. Utgjevar, men eg hadde nettupp idag ætlat meg til aa skriva um ein T. Um det er ein daud T, veit eg inkje, (han høyrer elles til det literære Daudkjøt), men kor som er, er det inkje ein stum T (kvar Maandag – so var det fyrr i det minste – er han ute i Morgenbladet og bjeldrar. Kannhenda er det ein annan Dag i Vika no, eg hev inkje set Morgenbladet paa lenge). Som du ser, er det inkje ein liten t helder, fast dei kallar han fyr "lille Theodor."
 
Eg saag av "Fedraheimen", at denne "lille Theodor" dreiv Gjøn med at Odelsthinget vilde, at Læraren skulde bruka Bygdemaalet paa Aalmugeskulen. L. T. let daa ein Sunnmørs-Unge fortelja um Adam og Eva i Paradis: "Dei var Parfølk, so os seie", o. s. b. (Fedr. No. 44, siste Sida). Eg rødde med ein Skulelærar her i Byen, som eg bad lesa detta Stykket, han var inkje Maalmann, det eg veit. Men han sagde, at det var reint ypparleg godt fortalt av Barnet, og at han skulde inkje ynskja betre, enn at han kunne faa Borni til aa fortelja slik. Han totte, Vestnes-Presten hadde gjevet seg sjølv eit Slag paa Kjeften med detta.
 
Eg skulde ynskja, at Odelsthinget vilde taka Byarne med i detta Bygdemaals-Spursmaalet, soleids at ein Skulelærar i Byarne skulde lata Gutarne fortelja paa sitt eiget Maal. Eg tenkjer mangein Lærar veit, det kann trengast. Det var elles ein, som gjorde Gjøn med detta, og gav meg ei Prøva paa korleids det kom til aa sjaa ut, naar ein Fredrikshalls-Gut skulde fortelja paa sitt eiget Maal. Prøva var slik paa Lag:
 
De var en Da, som atte Cæsar gjikk over Tørjet. (Torget). Saa møtte'n e gammal Kjerring, aa hu sa te han: "Go-da, Cæsar", sa hu, "husær du naa paa, atte de'r femtende Mars ida, a?"
 
"Aa skjit", sa Cæsar.
 
Derme gjikk han opp i Tinget, da maatru, aa der lae di se om'en aa stakk'n ihel. Men da han fekk se han Brutus, sae'n: "Nei-gu, om je hadde trudd de om dei lell, Brutus."
 
Naar eg skal vera heiltupp ærleg, vil eg helder, at ein Gut skal fortelja slik, enn at han skal remsa upp nokot, som korkje Hovud elder Hjartat er med i.
 
Men du vilde kannhenda vita nokot um Fredrikshall, gode Lesar. Ja daa fær du koma ned sjølv og sjaa med dine eigne Augur, her er fagert og fint, og store Minne liver her, men kjære væne, gakk inkje upp paa Braatelands-Skansen.
 
Du veit kannhenda inkje nokot um Braatelands-Skansen, so skal eg fortelja nokot um den fyrst etter Presten Krags (inkje Lille Theodor) "Fredrikshalds Bye og dens Krigshistorie."
 
I 1600 kringsette Svensken Halden i 6 Vikur med 6-9000 Mann. Nordmennerne, umkring 1800 Mann, hadde bygt upp nokre smaa Skansar av lause Kampesteinar her og kvar paa Fjelli umkring Halden. Den mest namngjetne av Skansarne er Braatelands-Skansen, som laag slik til, at naar Svensken hadde teket den, var det inkje aa tenkja paa aa verja seg lenger.  
 
14de Januar, Dagen etter Svensken var komen, gjekk han paa Braatelands-Skansen. Daa Striden var paa det heitaste, var det ein norsk Soldat, som kom til aa sleppa ei Lunta ned i eit Krut-Fat, og detta sprang i Lufti, og daa kom Nordmennerne i Ulag. Svensken stormade i same Blinken og tok Skansen. I den Stundi stod myket paa Spil. Nordmennerne samlade seg att og fekk Hjelp fraa hine Skansarne, og so stormade dei Skansen att fraa tri Kantar. Oberst Budde, Major Peder Olsen Normand og Major Forbus førde kvar sin Flokk, med Sabelen i Handi, og etter ein hard Strid, som varade ein heil Time, hadde Nordmennerne Skansen. I same Blinken, som dei tok Skansen, kom det ein svensk Hop paa 400 Mann og skulde løysa av hine Svenskarne, og dei var alt komne paa Skotmaal; men daa var det for seint. Svensken gjorde fleire Stormlaup, men daa Striden hadde varat 7 Timar, laut han draga seg undan. Paa denne Dagen misste han innpaa 500 Mann daude og saarade. Sidan skaut Svensken med gloande Kulur paa Byen, som vart mest øydelagd. Nordmennerne vantade Krut og Mat, og det gjekk fælt med Sjukdomar, og Naudi var stor.
 
Den 20de Februar gjorde Svensken Stormlaup paa Braatelands-Skansen att. Heile Striden varade ein Time, daa laut Svensken snu med store Tap. Tvo Dagar etter gjekk han heim til Sverik, og Byen og Landet var bergade. Daa var det berre 3000 att av Svensken og 950 vaapenføre Menner av Nordmennerne. 130 Aar i Fyrevegen hadde Vincens Lunge skrivet, at 2 Herskip elder 300 Mann var nok til aa taka heile Norig. Sidan, daa Sinklar drog gjenom Gudbrandsdalen, fekk ein sjaa, at 900 Mann var i minste Laget, men daa stod Bønderne so trygt uppe i Lidi og let Timbervelta gjera det meste. Men ved Halden stod Nordmennerne jamhøgt med Svensken og stridde med ein heil Her, 6-9000 Mann. Daa Karl Gustav i denne Ufreden drog mot Danmark, hadde han inkje meir enn 8,000. Me kann difyr trygt segja det, at det var under Stormlaupi paa Braatelands-Skansen, at det nye Norig lyste seg i Ætt med det gamle. Eit slikt Stelle skulde vera eit heilagt Stelle, det skulde standa ei Stytta der, og me skulde samlast der 17de Mai til Gleda og Takk.
 
Det stend ei Stytta der og; vaart Militær hev sett upp ei Stytta, men gakk inkje upp og sjaa paa ho, gode Lesar, allvisst inkje um du hev Damur med deg. Det, som Militæret hev sett upp paa den gamle Slagmarki, er ei Sval, ein Kamar, elder kvat du no kallar det paa ditt Bygdemaal, det er nokot slikt, som Folk inkje nemner med det rette Namnet sitt. Her kann no norske Offiserar og Mannskap ganga fyr seg sjølv og tenkja etter, kor myket dei likjest hine Nordmennerne fraa 15-Talet, som me knapt vil kjennast ved er Fedrarne vaare, dei som stod og saag paa, at Eske Bilde øydelagde Kristkyrkja og Gravi hans Sverre i Bergen, at Svensken hadde Domkyrkja i Throndhjem til Hestestall, som sidan grov ned Liket hans Olav den heilage og baketter gløymde, kor det var, elder hine Nordmennerne som i Oslo lagde Liket hans Sigurd Jorsalfar ut paa Kyrkjegarden millom alle hine Liki. Eg veit nok det, at Militæret vaart inkje i vaare Dagar vil øydeleggja Kongegraver (dette Arbeidet er elles gjort so grundigt fyrr, at det finst inkje fleire aa øydeleggja) og at det soleids er betre enn dei fraa 15- og 16-Talet, men nokot lyt ein daa læra paa 300 Aar og, veit eg. Det er Tigeren, som hev vortet Katt, her og.
 

 

Frå Fedraheimen 24.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum