Amerikanske Forteljingar

 
Amerikanske Forteljingar
 
(ved A. H.)
 
1. Tri Sunndagar i Senn.
(Edg. A. Poe.)
 
(Framhald.)
 
[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
Detta sette Liv i Mannen, og nettupp daa denne Soga bar til – for Soga vert det til Slut – var det ikkje moglegt aa faa Øyreljod hjaa Morbror min fyr nokot, naar det ikkje stod i Samband med Naturkunna; for han reid no Fantereid paa denneKjepphesten sin. Alt annat log han aat. Politiken hans var helder laag og lettlærd. Han totte som Horsley, at Folk hadde inkje Annat med Logjerna aa gjera enn berre aa lyda deim 1).
 
Eg hadde livt al mi Tid hjaa Morbror min. Paa Daudedagen hadde Mor mi arvleidt meg aat honom som ein annan eigande Ting. Eg trur visst, at den Gamle elskade meg paa ei Vis, endaa som sitt eiget Barn – mest, um ikkje fullt, so heitt, som han elskade Kate -, men det var likvel eit Hundeliv eg førde hjaa honom. Fraa di eg var aarsgamal og til dess eg var fem Aar, viste han meg stendugt den Velvilje aa hyda meg kvar einaste Dag so visst som Dagen kom. Fraa di eg var fem Aar og til dess eg var femtan Aar trugade han kvar Klokketime med aa setja meg i Forbetringshuset. Eg var nog leid aa dragast med, det er sannt – men det laag i min Natur, det var eg so stød paa som paa Sanningi av Evangeliet. Men so hadde eg ein tru Ven, der Kate var, det visste eg ogso. Ho var den vænaste Gjenta og sagde tidt og jamt aat meg, at eg skulde faa henne (med Heimgift og altsaman), naar eg var Kar til aa pina ut or Morbror min hans Samtykkje, som var naudsynlegt fyr oss. Stakkars Kate! – ho var berre 15 Aar. og utan detta Samtykkje var det ikkje aa tenkja paa aa festa Finger paa dei faa Eigneluterne hennar, fyrr enn var "fem Aar i Venting vonarlange seinføtt um Gard gjengne."
 
Kvat var daa aa gjera? I femtanaars-Alderen, og jamvel naar Mannen er eit og tjuge (so gamal var eg no), tykkjest 5 Vonar-Aar i Venting aa vera mest det same som fem hundrad. Eg gjorde det eine Aagrip etter det andre paa den Gamle og bad og tagg honom stødt, ofta paa mine Kne, men det var til inkje Nytte.
 
Det hadde maatt trøysta sjølve Hjod paa Tolmod, hadde han sett, korleids den Gamle leikade seg med vaar Hugverk, nett som Rovkatten leikar seg med tvo Stakkars Myser. I sitt Hjarta ynskte han Inkje heitare, enn at Kate og eg fekk kvarandre; det hadde voret hans Tanke fraa Fyrst av, ja, han hadde med Gleda gjevet 10,000 Pund or si eigi Lumma (Heimgifti si aatte Kate sjølv) til aa finna einkvar Grunnen til aa brigda det, han hadde sagt, til aa fremja baade vaart Ynskje og sin eigen Vilje. Men me hadde voret djerve nog til sjølve aa koma fram med vaart Ynskje, og daa aa lata vera aa setja seg upp imot oss, det var umoglegt, soleids som hans Huglynde no ein Gong var.
 
Eg hev sagt um Morbror min, at han hadde sine veike Sidur, men til deim kann eg ikkje rekna hans Traaskap; for det høyrer sanneleg til hans sterke Sidur – "assurement ce n'etait pas sa foible" (visst var han ikkje veik i detta). Han feste stor Lit til Draumar, Hugbod og slike Kjerringtruer, og han reknade det ovleg strengt med alle Smaating, som i minste Maate kunde røyva hans Vyrding. Ordhaldande var han ogso til det Yttarste. Det var ein av Kjepphestarne hans aa veradet. Aandi i sine Eidar og Lovord var han ikkje rædd fyr aa brjota etterpaa, men Bokstaveni deim heldt han orubbeleg fast paa, verre enn ein Smed paa Slegga, og ein Godvedrsdag strakst etter vaar Samrøda fekk Kate ei Hugrenning: ho vilde prøva paa aa hagnyta aat oss det sisstnemnde Umstand. Men med di eg hev øydt alle Utsegner av Skaldar og Vismenn, som kunde høva, nokot-so-nær, til Inngang aat mi Soga, og attaat di ogso mest alt Romet, som eg raader yver, ætlar eg no aa draga saman i faae Ord det, som er Mergen i denne sannferduge Forteljing.
 
Det bar so til – sjølvsagt var det Nornerna, som stellte det slik -, at millom dei Sjokapteinar, som Kate kjende, var tvo Herrar, som nyst var komne heim fraa Langferd, og som kvar fyr seg hadde voret burte fraa Heimen eit heilt Aar. Me fekk desse tvo Herrar til aa vitja Morbror min Sunndagskvelden den 10de Oktober, plennt tri Vikur etter Morbrors minnesverde Lovnad, som so syrgjeleg, hadde rænt oss all Von. Kate og eg heldt oss naturlegvis heime. Ein halv Times Tid vart det rødt um baade det Eine og det Andre, men so tok me oss til – som naturlegt var – aa bøygja Tanken og Talen inn paa Ferderna aat Skiperarne.
 
Pratt (Skiper): Ja, eg hev no voret burte eit heilt Aar. Nettupp eit Aar i Dag, det er den skire Sanning! Lat meg sjaa! Jau, i Dag er det 10de Oktober. Hugsar De ikkje, at eg vitjade Dykk plennt same Dagen ogso i Fjor, til aa helsa paa Dykk? - Men attaat di, det synest sanneleg aa vera merkjelegt, mest som eit Verk av Forsynet - tykkjer ikkje ogso De det? – at vaar Ven, Smitherton, likeins hev voret burte nettupp eit Aar - er det ikkje i Dag eit Aar plennt?
 
Smitherton: Jau! eit Aar, paa eit Haar! Hugsar De ikkje, at me kom baade tvo, Pratt og eg, nettupp den 10de Oktober i Fjor til aa bjoda Dykk Velfar?
 
Morbror: "Jau, jau, jau, det hugsar eg grannt – det er sanneleg merkverdugt. Baade tvo voret burte plennt eit Aar, korkje meir elder mindre - enn underleg Lagnad av Forsynet, det er baadevisst og sannt! Det vilde Doktor Dubble L. Dee ogso visst kalla ein merkjeleg Samburd av Hendingar. Dokter Dubb. –"
 
Kate: "Ja visst er det nokot underlegt i det, det negtar eg ikkje, men Pratt og Smitherton for helder ikkje same Leidi, og det gjerer stor Skilnad, skulde eg meina."
 
Morbror: "Kvat veit du um det, Jomfru Nasevis? Korleids kann du vita nokon um det? Det tykkjest meg gjera Hendingi endaa merkverdugare. Doktor Dubble –".
 
Kate: "Ja, Papa, du skynar det: Pratt siglde rundt Sud-Amerika og so vestyver, men Smitherton siglde austyver kring Sud-Afrika langs Godvonarneset (Vorgebirge der Guten Hoffnung), det gjerer Skilet."
 
Morbror: "Nettupp! Den Eine for i Vest, di Jaala, og den Andre for i Aust, og baade hev dei faret Jordi rundt. Men under alt detta, Doktor Dubb -."
 
Eg: "Hr. Pratt, vil De ikkje gjera so vel og sjaa innum oss ogso i Morgon Kveld, og likeins De, Hr. Smitherton, - so kunde De faa Tid til aa fortelja oss nokot um Ferderna Dykkar, og so spilar me eit Slag "Whist", og -."
 
 
1) Det er ogso aalmenn Norsk Tenkjemaate.
 

 

Frå Fedraheimen 24.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum