Utlandet.

 
Det tyske Riksthing skal møta den 9de September. Umvali er enno ikkje ferduge. I Dresden hev Socialisten Bebel sigrat yver den konservative Minister v. Friesen; i Barmen-Elberfeld sigrad Soc. Hasselmann yver den nat.-lib. Prell; i Breslau Soc. Reinders yver den nat.-lib. Molinari, som fyrr var Thingmann; i Berlins 4de Krins vann Socialdemokraten Fritzsche ogso ved Umvalet paa det liberale Thingmannsemne Zelle.
 
Hødel vart avrettad Fredag Morgon Kl. 6 i Fengselsgarden. Det var berre nokre Embættesmenner og Politimannskap tilstads. Han var hard til det Sidste. Kjeisar Vilhelm hev ikkje skrivet under nokon Daudsdom sid' 1866. Folk var difyr lenge i Uvissa, um han i dette Høve vilde fylgja den same milde Grunnsetningi elder ei. Men Saki hev, som ventande var, ikkje voret framlagd fyr honom, men fyr Son hans, som enno er Riksfyrestandar, og han hev etter Riksraadet si Avgjerd av 8de August skrivet under paa Domen.
 
Fraa Bosnia er fortalt, at den 13de Ausrikske Heravdeild, som hadde til Fyreloga aa taka Hovudsætet fyr Upprøret, Serajevo, og alt den 14de var komi nær Byen, den 16de i d. M. hadde vunnet ein fullstendig Siger ved Han Betalovats og teket eit heilt Teltlæger, mange Munitionsvogner og ei Fana. Ogso 20de Division, som fyrr hev faret ille, hev og havt Lukka med seg i ei Fikting.
 
Politichefen i St. Petersborg General Mesenzow vart sin Fredag yverfallen aa Gata og drepen med Knivstyng av tvo Karar. Dei kom seg undan i ei Vogn, som dei hadde standande reide. Hans Fyremann i Embættet var Trepow, som Vera Sassulitsch skaut paa.
 

 

Frå Fedraheimen 21.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum