Ei merkeleg ferd.

 
Selfangar-Eimskipet "Magdalena," Kapt. A. Krefting, kom heim til Tunsberg den 1ste August. Det hadde gjort ei god Fengd; men fem av Mannskapet vantad. Medan Skipet hadde leget uppunder Grønland, hadde det hendt ein Dag, som Baatarne var ute og skulde fanga Storsel, at ein Baat med fem Mann ikkje kom att. Skipet hadde daa drygt ikring fjortan Dagar der i Farvatnet og leitat etter dei Burtkomne; men det hadde voret faafengt, og "Magdalena" hadde maatt taka paa Heimferdi dei fyrutan. Det var soleids ikkje stor Von til, at dei var i Live lenger. Men det var ikkje lenge etter at Skipet var heimkomet, so kom eit danskt Blad med den gledelege Tidendi, at Ferdesfolk fraa Vestlandet paa Island fortalde um ein open Selfangarbaat, som hadde gjort Ferdi tvert yver Grønlandshavet elder Danmarkstrætet og var komen inn i ei liti Vik under Vesterjøkulen; dei fem Nordmenn, som hadde voret paa Baaten, var daa ventande til Sudlandet. – No er dei heimkomne, og "Tunsbergeren" hev i eit av sine sidste Numer Soga um denne Æventyrferdi, slik som ein av dei hev fortalt ho. Soga lyder so:
 
Den 6te Juli tok dei ut fraa Skipet og rodde til Kl. 5-6 utan aa finna Sel. Dei sette difyr Kosen til Skipet att, for dei laut tru, at det enno laag paa same Staden. Men det var ikkje moglegt aa finna det, og etter at dei hadde leitat i 2 ½ Jamdøger og ikkje Spor funnet, og helder ikkje høyrt korkje Teikn fraa Eimpipa elder Skot, maatte dei gjeva upp Leitingi. Det vart haldet eit Skipsraad, og dei samdest um aa freista aa koma utor Isen. Dei fyllte den vesle Seks-Pott-Dunken sin med Vatn, sankad litet Selkjøt til Nista, og tok so Stemna til Island. Hovudsmannen hadde just Dagen fyre Utroren fraa Skipet ved eit reint Slumpehøve fenget vita av Styrmannen, kvat Leid Island laag paa. I Fyrstningi heldt dei seg til fast Isbrun, og so gjekk det ei 4 til 6 Timar. Men i Von um, at Skodda vilde lettna og Lufti mildast lenger utfraa Isen, heldt dei til Havs. Det bles ei frisk Nordangul, dei saumad ihop tvo Kobbeskinn til Segl, og daa dei rodde attaat, gjorde dei 4 Mil i Vakti, trur dei sjølve. Tridje Dagen, nett som dei fekk Timdi av Land, lygnde det av, og dei tok seg no Kvild eit Par Timar og heldt Maaltid paa tvo Alkur, som dei hadde skotet; dei skaut Eld i ein Strydott og fekk soleids gjort upp Varme av Hakkeskafti paa Atterpligten. So greip dei trøystugt Aararne att. Men imot Kvelden fekk det Sudvestvind, og han voks etterkvart, so dei orkad ikkje ro imot, og daa dei samstundes fekk Skodda og Natti fall paa, tapad dei reint Modet og lagde seg uttjonade og vonlause ned i Baaten. Um eit Par Timar reiste Hovudsmannen seg upp; daa saag han ein Pynt av Landet stakk fram. Han stælde upp Mannskapet, dei tok i med al den Kraft, dei att hadde, og daa dei hadde rott i 14 Timar, naadde dei Land ved Midnattstid i Keflavik under Vesterjøkulen. Dei var daa fælt attkomne, Fingrarne deira var hudlause og Føterne so upptrutne, at dei knappt kunde ganga. Dei fann Vatn, som dei var naudtrengde um, og Fisk, som laag paa Strandi til Turking, "og daa var me so glade", segjer Sogemannen vaar, "at me totte, det vantad oss inkjevetta." I næmaste Huset bankad dei paa, men dei slapp ikkje inn, endaa dei høyrde og saag Folk innanfyr; truleg hev dei voret rædde aa lata upp. Dei fem Skipbrotne stellte seg daa, so godt dei kunde, ute og lagde seg til aa sova, so vaate som dei var, under eit Segl, som dei fann, men dei vaknad snart i sterk Frost. Dei bankad daa paa att Kl. 4 um Morgonen, og no kom dei inn. Daa Husens Folk fyrst hadde teket imot dei, visste dei ikkje, kor væl dei vilde gjera dei. Dei hadde det Vitet, at dei gav dei Skipbrotne berre lett og litet til Føda i Fyrstningi, og fyrst etter at dei hadde styrkt seg med ein god Svevn, fekk dei ulysta seg med Mat. Sosnart det let seg gjera, reiste dei fraa desse snilde Folk, og fekk rott seg til Stikkelsholm 10 Mil derifraa, og her vart dei likeins framifraa gjestmildt fagnade. Folki der paa Staden lagde ihop til nye gode Klæde aat dei, daa deira eigne var so slitne, at Fillurne lavde, Lækjaren der vitjad dei til kvar Dag – han var mest rædd Skyrbjugen -, ja det vart skotet saman 56 Kronur, som Framandkararne fekk til aa moroa seg fyr i dei 14 Dagarne, dei laag og ventad paa Eimskipet.
 
Det gjer godt aa høyra, korleids vaare frelste Landsmenner talar um sine islandske Velgjerarar; dei tregar berre paa, at Maalet gjorde det vandt fyr dei aa takka, som dei vilde. Det er ikkje so ofta me kjem i Lag med Islendingarne, endaa dei er av vaart næmaste Skyldfolk; men slike Hendingar, som visstnok er smaae, men som viser eit stort Hjartelag, trøyster me oss til aa tru skal verta Lekk i ei ny Kjeida millom gamle Frændefolk.
 

 

Frå Fedraheimen 21.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum