[Det svenske kyrkjemøte 1878]

 
Det Svenske Kyrkjemøte 1878. Den "Förfatning", som den svenske Rikskyrkja hev fengjet, hev ymse av vaare Prestar og theologiske Bladskrivarar reint forelskat seg i, og dei vil gjerna hava ei slik Ordning innført ogso her til Lands. Dei finn, at ho gjerer Alle Rett og Skil: ogso Leikmenn er med i det aalmenne Kyrkjemøte, som vert haldet tridjekvart Aar, og dei er plennt liksomange som Prestarne; meir kann daa Leikfolket ikkje venta (?). Den, som skriv detta (Bladstyraren er no burte) hev aldri havt sterk Tru paa Fullkomenskapen i den svenske Kyrkjeordningi. Men no daa han hev havt Høve til aa sjaa Lista yver dei Menn, som er valde til Møtet i Aar, er han fullviss paa, at den svenske Ordningi er "Humbug" og paa ingen Maate høver hjaa oss. Her er Lista i stutt Umgrip:
 
Sjølvskrivne: Erkebispen, 11 Bispar og pastor primarius i Stockholm . . . . . . . 13.
 
Valde Prestar: fraa dei tvo theologiske Fakultet 4, fraa dei 12 Stift 12 og fraa Stockholms By 1 . . . . . . . . 17.
 
Valde Leikmenn: Landshøvdingar (Amtmenn) 3, Professorar 3, Heradshøvdingar (Sorenskrivarar) 6, Seminarstyrarar 2, Skulemenn 2, Lækjarar 2, Adelsmenn (utan Uppgaava av borgarleg Stilling) 4, Riksdagsmenn 4, (derav 3 Bønder), Menn andre Stillingar 4 . . . . . . 30.
 
Tilsaman 60.
 
Kven tru vert i Fleirtal ved detta Møtet, Prestarne elder Leikmennerne? Kunde ikkje dei Leikmenn, som ikkje er Lands- elder Heradshøvdingar, Professorar og Skuleembættesmenn, halda seg heime, og Sakerna likvel faa same Avgjerd, som dei fær ved deira Hjelp? Ein Prest fraa kvart Stift umfram Bispen er for litet, men 30 Leikmenn mot 30 Prestar fraa det heile Rike er altfor litet til aa gjeva nokot sannt Uttrykk fyr Kyrkjefolkets Meining og Ynskje.
 

 

Frå Fedraheimen 21.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum