Utlandet.

 
Um Upprøret i Bosnia og Hersegovina skriv eit Blad i Wien: Ryssland hev i langsameleg Tid lagt ut til Fyrst Nikita i Montenegro 50,000 Rublar um Maanaden til Upphald aat dei bosniske og hersegovinske Rømingar i Montenegro. Denne Summen er nyst aukad til 68,000 R. Det er greidt, at dei hersegovinske Upprørarar fær Hjelp av desse Pengarne. Sidan Løni vart aukad, hev ogso Upprørarne vortet mannsterkare. I denne Stundi nøyter Peko Pavlovic all si Magt fyr aa faa Heren sin upp til 10-12000 Mann. Av dei, som til dessa hev roleg etet Tsarens Sælbotsbraud i Montenegro, hev dei vaapenføre fenget Order til aa ganga yver den hersegovinske Grensa. Um ikkje ei og onnor montenegrinsk Raudhuva ogso hev vildrat inn i Pekos Læger, fær me fulla snart vita. Fyrsten av Montenegro hev visstnog i Zara vissat, at han held seg reint og "loyalt" utanfyr Hersegovina-Røra, men, legg han til, kvat kann han til, um "ender og ein av hans Hovdingar slær seg i Lag med Upprørararne?" Etter dei sidste Tidender fraa Bosnia er Trongarne millom Maglai og Vranduk fyllte med Upprørarar og ei lang Rad med Vollar raader dei lange Fjellskard. Desse Vollar er fyrst uppkastade etter at den austrikske Heren hadde gjenget yver Grensa, og Arbeidet er til Deils gjort av Folk under dessa Hovdingarne og turkiske Ibuarar, som alt hadde gjevet seg under den austrikske Herføraren Philippovic. At dei græske Katholikar ikkje stend att fyr Muhamedanarne i Fiendskap mot Hersetningstropperne, kann me sjaa av den Tidendi, som er komi, at dei fleste vaapenføre Menn i Petrovic, Vakuf og mange andre Stelle, som dei i Bosnia kallar Byar, hev havt seg upp i Fjelli, der dei vert skipade og fylkte av "Patriotar" fraa alle dei serbiske Land. Til dessa Upprørarar – skal verta – er det tingat Vaapen langveges fraa, og nokot av dei skal alt vera framkomet. – Alle dei fire austrikske Heravdeilder, som hev skridet yver den bosniske Grensa, hev no voret i Kast med Upprørararne. Maandagen den 5te August lukkast det den 7de Division under Hertugen av Würtemberg aa jaga burt ein sterk Upprørarflokk, som hadde sett seg fast i Trongen ved Verian Vakuf; men dei samlad seg i endaa størrre Tal 2 ½ Mil lenger tilbake ved Jaice. Hertugen av Würtemberg gjekk paa deim den 7de um Morgonen. Upprørararne hadde hersett alle Høgder og skulde vera 8000 Mann (sume Tidender segjer 15000). Turkiske Offiserar kommanderad. Det var eit heilt Slag, som varde i 9 Timar. Tri Fjordepartar av Kjeisarheren var med i Slaget. Upprørararne maatte til Slut hopa undan til Travnik; men Tapet var stort fyr Austrikingarne. Sundagen den 11te August hersette den 7de Division Travnik og næmar seg no den 6te Division under Philippovic, som strid fram yver Maglai og Zepce. Ogso denne Divisionen hadde den 7de August eit hardt Basketak, ved Zepce. Fienden hadde 6000 Mann og 4 Kanonor. Slaget byrjad ved Middagstider. Upprørarne vart drivne fraa det eine Feste til det andre og Kl. 6 ½ um Eftan kastade tilbake yver Bosna-Elvi. Ibuararne i Maglai, Zenica, Zepce og heile det muhamedanske Folket sunnan fyr Doboi var med i Striden. Daa Austrikingarne um Kvelden hersette Zepce, hadde Ibuararne rømt. Upprørararne misste 700 Fangar og mange daane. Den forherdige Turkemunken Hadsji Loja, som er Hovudet fyr Uppstandet i Serajevo, skal sjølv ha voret med i Slaget og uppmodat Turkarne. Hadsji Loja hev lyst upp, at Koranen (Turkebibelen) er einaste Logi, som gjeld, og Alt tyder paa, at det er Islams heilage Krig han preikar. Dei austrikske Herar fær visst slita mykje vondt enno, fyrr dei er ferduge. Upprørararne dreg seg attende, men dei er fast meinte paa aa freista seg uti det ytste fyr aa halda Serajevo.
 
Festningi Varna vert no rømd av Turkarne. Turkiske Officerar hev faret til Sebastopol fyr aa gjera Fyrebuningar til Heimsending av dei turkiske Krigsfangar.
 

 

Frå Fedraheimen 17.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum