Kristiania, den 16de August 1878.

 
Sildfiske i Bjugn. Ved "Joledagarne" og "Kjeungarne" (Øyer 1 Mil fraa Bjugn ved Throndheimsleidi) hev dei gjort fleire Notsteng mest stor Kristianiasild, og med Garn fær dei 4-6 Tunnur paa Baaten. Med Namdals- og Nordlandsfiskingi er det derimot iaar klent.
 
Fylkeskassa som Eimskipseigar. Nordre Bergenhus Fylke, som driv Eimskipsferd paa Sogn, Nordfjord, Sunnfjord og Leirdal med 5 Skip paa tils. 474 Læstar brutto (940 ind. Hestekrafter, Verde 536000 Kronur), hev i 1877 havt større Innkomur av Vareførsla enn nokotsinn fyrr. Personførsla hev derimot voret nokot mindre enn i 1876. Innkomurne gjorde ialt 265000 Kr. umfram Statstilskot 56000 Kr.
 
Tyrkervenskap. I Thurgau (Schweitz) liver ein Mann, som heiter Opel. Sine Søner hev han kallat Konstantin, Adrian og Filipp; dei heiter altso Konstantin Opel, Adrian Opel og Filipp Opel.
 
Sjølvmord: Tvo 70 Aar gamle Menn fraa Aalesunds-Kanten (Valderhaug og Fræna) hev hengt seg. Ein Gut fraa Veblungsnes, som var under Forhøyr fyr Fals, rømde fraa Fangehuset den 27de i f. M. og tok likekns Livet av seg; Liket vart funnet d. 8de i d. M.
 
Vedret og Aarsveksten. I nørdre Bergenhus Fylke teiknar baade Høy- og Kornhausten til aa verta liten. Potetarne kann enno koma seg. Aldehausten er klen. – I Romsdals Fylke er Høyavlingi mindre enn i eit medels Aar, iser paa skrinn (skren) Eng og Fjellslaattar, men Høyet er godt og velbergat. Kornaakrarne stend i det Heile godt og Potetaakrarne lovande. – I Sydre Trondheims Fylke er Høyavlingi i det Store som i eit medels Aar, i Strinde og Orkedal Futedøme nokot mindre, men i Gauldals nokot større. Kornaakrarne er derimot tunne og fulle av Ugras. Poteten stend "snart sagt yveralt" lovande. – I Nørdre  Throndheims Fylke er det Von um, at dei fær eit medels Aar i det Heile, Høyavlingi er likvel liti, men god. Notti til den 25de Juli gjekk Varmemælaren ned til Frjosepunkten ved Steinkjer, og Potetgraset vart snert sume Stader. –
 
Ordensstatistik. Det finnst paa Jordi 153 Ordnar. Bayern hev 13 (paa 5 Millionar Menneskjur). Spania 13 (17 Mill.), Preussen 12, Austerrik-Ungarn 9, Russland 8, Storbritania 7, Brasilia, Italia, Portugal kvar 6, Sverike, Hessen, Paven, Saksen kvar 5, Holland, Portugal, Siam kvar 4, Baden, Kina, Turkiet kvar 3, Belgia, Danmark, Persia, Reuss kvar 2, Anholt, Birma, Braunschweig, Cambodja, Frankrike, Grækland, Havaii, Honduras, Japan, Monaco, Montenegro, Nicaragua, Noreg, Oldenburg, Saksen Veimar, San Marino, Tunis, Rumænia, Venezuela og Valdeck kvar 1. Nokre Smaarike er saman um 1 Orden. Den tyske Keisaren hev 88 Ordnar.
 
Yverfall. Sin Maandag Ettermiddag Kl. 6 ½ , daa ein av Straff-Fangarne i Akershus Arbeidshus skulde verta innsett i "Celle" fyr Brot paa Fengselsordningi, gav han Uppsynsmannen ein Knivstyng i Bringa. Lukka var, at Kniven gleid av paa eit Rivbein, so Uppsynsmannen vonleg er utan Faare.
 
I Kristiania døyr aarleg 18. 2 av kvart 1000 Innbuarar, i St. Petersburg 56. 1, BudaPesth 43. 8 Aleksandria 42. 4 -, men i Cincinnati berre 15. 6 og Filadelphia 17. 3.
 
Henry (Henrik) Hansen, ein Sjomann fraa Kraakerøy, for utor Landet kring 1848. I 1863 innsette han 650 Doll. (men tok ut att 250 Doll.) i Sjomannsbanken i New-York og drog til Kalifornia til aa grava etter Gull. Sidan 1865 hev dei ikkje høyrt nokot fraa honom. No stend det i Banken 735 Doll. paa hans Blad. Hadde Mannen livt no, vilde han hava voret ikr. 52 Aar gl. Han er venteleg daaen, men dersom Pengarne ikkje vert kravde fyrr 1883, fær Banken deim. Hans Skyldingar kann venda seg til Byfuten i Kraakerøy til aa faa fat paa Etterleivdi hans.
 
Braad Daude. Apothekar H. E. Hansen i Leirdla var i dei fyrste Dagar av denne Maanaden uppe aa Filefjell paa Fisking. Han vilde paa Fyre- middagen lauga seg i eit Fjellvatn, det saag nokre Folk i ein Støl ikkje langt fraa Vatnet. Daa dei ikkje saag honom koma att, tok dei Misstanke, gjekk ut paa Leiting og fann honom liggjande avklædd, men daud paa Strondi. Det saag ikkje ut fyre, at han hadde voret i Vatnet ein Gong.
 
Skipsbyggjing i Noreg. Det er klent med Sjoferdbruket, som med alt annat, no fyr Tidi. Likvel byggjer dei Skip, og det i Ovmengd. Ikkje mindre enn 130 nye Skip stend paa "Stabelen" i denne Tidi. Alle Landsbolkar er med i Skipsbyggjingi, men Grensa fyr Storbyggjing og Smaabyggjing er Bergen, segjer "Det Norske Veritas".
 
Studenteksamen. Den skriftlege Deildi av Examen Artium er no avgjord. 82 Gutar hev stadet seg, 10 er gjengne fraa. Av dei 82 tek 66 "klassisk" Eksamen, 16 "real" Eksamen. Best stend J. K. T. Bjerknes og A. Færden, som fekk "Myket Godt" (2) i baade Mormaal, Latin og Matematik ved "klassisk" Eksamen. Elles stend ogso desse godt: N. R. Aanesen, J. W. R. Heiberg, H. H. Odden, O. B. Pehrson, T. Prebensen, R. M. B. Schjøllberg (2.3.2), S. H. J. Svendsen (2.3.1), H. P. Brække, G. Jensen (2.2.3), A. Løken, R. Ottesen (3.2.1), A. F. Bendixen, H. C. Geelmuyden, T. Hellesen, N. J. Nielsen (3.2.2), alle Klassikarar, og Realistarne R. E. Fridtz (2.3.2.1), J. C. Bull (3.3.1.1), G. Henriksen (3.2.1.2), H. C. B. Heyerdahl (3.2.2.2). Dei skriftlege Realfag er: Mormaal, Engelsk Stil, Maatematik og Fysik. Umfram dei nemnde fekk "Myket Godt" i Mormaal: O. T. Graarud, S. Prydtz, J. A. Rivertz og P. Sandvik, Klassikarar, og A. E. Bentsen, Realist. Det er altso 26 av dei 82, som skil seg ut fraa Mengdi.
 
Daa Louis Napoleon og Krunprinsen vaar paa Vestlandsferdi si kom til Skjeen, hadde Folk der funnet det høvelegt – skriv "Varden" – aa setja paa ei Utpynting yver Kanalbrui ein krynt N ved Sida aat den krynte Namnebokstaven aat Krunprinsen. – Prins Napoleon er no reist um Kjøbenhavn til Wien. Der vil han raakast med Moer si, "Madame Eugenie", som skal vera tenkt paa aa kaupa seg Jordgods og slaa seg til der.
 
Brune i Hønefoss. Maandagen Kl. 5 ½ um Ettermiddagen braut Varme ut i eit Hus i nørdre Luten av Byen, og i den friske Vinden, som var, breidde han seg fælande snøggt utyver i dei turre Trehus. Paa 2-3 Timar hadde han øydelagt 16-18 Gardar og skadt 7 til. Husi var brannforsikkrade fyr 100000-115000 Kr. – Eit Ferdedelag av utlendske (austrikske, tyske og hollandske) Jarnvegsmenn, som hev faret yver dei svenske og norske Jarnveger, var just i Byen, daa Elden kom upp; dei hjalp til aa sløkkja, og hev sidan lagt ihop 2200 Kr. til Hjelp fyr dei Naudtrengde.
 
Byen Hudiksvall i Gefleborgs Len i Sverike var Onsdag den 7de August herjad av ein Brune, som øydelagde 33 Gardar. Varmen kom upp um Morgonen Kl. 6 og vart ikkje døyvd fyr um Eftan. Tapet fyr Brandkassurne skal koma paa 319,000 Kr. Byen hev 3-4000 Ibuarar og driv Handel med Timber og Linvarur.
 

 

Frå Fedraheimen 17.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum