Innleiding i Noregs og Danmarks Literatur.

 
Av Hartvig Lassen. Sertrykk av Tillegg til Leseboki, den prosaiske Deildi, 2dre Utgaava. Bokverksdomaren i "Morgenbladet" segjer um denne Boki og um Hr. Lassen: "Ogso utanfyr Skulen vil ei Bok som Lassens med sine sunne æstetiske Grunnsetningar og den reine Aand, som gjeng gjenom Framstellingi, kunna verta hardla fruktberande – ikkje mindst som gagnleg Motvegt mot den Aand i Tidi, som ogso paa det literaturhistoriske Raaderum tred fram med hol "Bram og Fraseflom" og proklamerar eit fraa Kristendom og yver Hovud all Tradition lausrivet villtæstetiskt Syn som det einaste, som er aandfullt og hev Gildskap! Hr. Lassen er ogso i si Form fri fyr denne Aandsretnings Fuskarmaal. Han er framleides fri fyr aa ræsonnera soleids, at han set det Røyndomslege til Sida. – Hr. Lassen er sunn som Literatur historiker. Hans Synsmaate er som hans Stil jamn og stød, rein og fager. Hr. Lassen veit, at det til aa vera "djup" ikkje tarvst aa umgjeva seg med "Ordbladerassel og Tankekvistekvassel". Morgenbladet tek aat med "Maalstræv" ser det ut til.
 

 

Frå Fedraheimen 17.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum