Utlandet.

 
Austrikingarne hev stort Bry med aa faa fullført Hersetningi av Bosnia og Hersegovina. Dei austriske Blad hev stendigt laatet so, at Heren allstad vart motteken med Fysna av Folket, men dei legg til: allvisst av dei Busitjande. At mange er leide av den idelege Uro og Røra, og at iser Velstandsfolket lengtar etter eit rolegare Tilstand, er rimelegt, men at det og finnst dei, som ikkje vil vita av eit austriksk Herredøme, og at dei er mange nog til aa gjera Austrikingarne stort Mein, hev synt seg til Fullnad. Visstnog er det so, at Austrikingarne hev havt Vinningi i dei mange Smaaslag, som hev stadet; men det er likevel ikkje likt til, at dei hev voret god-til aa knekkja Upprøret til Gagns. Tvertimot, Motstandet mot Hersetningi synes aa veksa, ettersom Heren strid fram. Det heiter seg og, at dei kristne Bosniamenner skal ha samlagat seg med Upprørararne; det skal vera Øsarar fraa Serbia, som hev stellt deim upp. Likeins skal 3000 Albanesingar ha gjevet seg i Lag med Upprørararne. Hovudstyrkjen aat dei muhamedanske Upprørarar hev dreget seg undan til Serajevo, og dei hev no havt Magti der i fleire Dagar. Her skal dei vera meinte paa aa gjera aalvorsleg Motstand mot Austrikingarne. Der er rein Logløysa i Staden. Iminsto er det mellt til Times, at Bustaden aat den romersk-katholske Bisp er plundrad, og at Bispen hev lotet taka Hyven. Tingandet millom den turkiske Utsendingen i Wien og den austrikske Regjering hev enno ikkje ført til nokot; men det er daa moglegt, at Turkarne vil gjeva etter. Dei austrikske Blad segjer etter dei sidste Hende reint ut, at det kann ikkje lenger vera talande um ei Hersetning av dei tvo Fylkje, men berre um ei Annektering. "Det er paa Tidi" – skriv Pest. Lloyd – "aa faa Porten vekkt upp or den Draumen, at Austrike skulde vera so vitlaust, at det vilde ofra Penger og Blod fyr aa gjera Turkiet elder Serbia ei Beinka. Me maa segja Porten, at ei Hersetning fyr ei kortare elder lengre Tid vilde vera Daarskap, og at Austrike ikkje vil sleppa fraa seg att dei Landsluter, det her spyrst um, - fyrst daa er det greidt, korleids Saki stend."
 

 

Frå Fedraheimen 14.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum