Svart-Peter.

 
(Umsett fraa Tysk.)
 
(Framhald.)
 
"Ja," tok ein av Borgararne til Ords, "no kjem nok Styggen til aa leika der att, for kvar Gong ein Brotsmann skal kverkast, er det eit Helvites Staak Næterne fyreaat; dei segjer, at daa strævar den sidst avtekne Syndaren og skipar til Herbyrgje i dei luftige Stovur fyr den nye Kameraten. Det er no tvo Aar sidan det vart hengt Ein, som skulde vera Spæjar; Beinranglet hang enno i Galgen. No hev han sagte si fulla Orka med aa reinska og sopa den grasvaksne Rettarstaden. Rettaren maa, fyr kvar Gong han skal senda Ein utor Verdi, ganga burt paa Rettarberget ved Solarglad tvo Dagar fyreaat og ropa ut Avrettingi, annars finn han ingen Ting reidug og maa fulla dertil venta seg, at det hender honom eit Spit ved Avrettingi, elder at Syndaren ikkje fær starva av."
 
Ein Annan fortalde um, at det var ein Gong ein ung Skarprettar, som ikkje vilde tru paa detta; han var stød i Kunsten og let vera aa ropa ut Avrettingi; han meinte, han skulde greida det likevel. Men jamenn glatt det. Fyrst slitnad Snara, som han skulde hengt Stakkaren i, og so, daa han skulde føra honom upp andre Gongen, brotnad Stigen Brotsmannen rømde sin Veg, og Folket steinade Rettaren.
 
"Detta vil ikkje vaar Meister forsøma", meinte ein tridje Borgar; "det er ein forsjaaleg Mann og vel kunnug i Alt. Han hev fortalt meg, at han ein Gong um Morgonen, fyrr ei Avretting skulde bera til, hadde vitjat Rettarstaden fyr aa sjaa um Alt var rett stellt; han hadde gjort Melling der fyreaat; daa hadde han sett, korleids den, som sidst var avrettad, hadde luskat og stullat paa Rettarstaden til strakst fyrr Soli spratt."
 
Det var Sume, som tvilad, men Vaktmeisteren gav Forteljaren Rett, og han fortalde ogso fleire gruselege Sogur av same Slaget or si eigi Røynsla.
 
Medan dei sat soleids og rødde, kom Borgfuten att med det Svar, at Kapteinen ikkje vilde hava nokot Tal med Gjenta meir, men at Pinsla skulde taka aat i Graalysingi, og at Avrettingi skulde bera til seinare paa Dagen. Judith var som toreslegi; Føterne vilde ikkje bera henne. Men dei lystuge Svirarar ansade ikkje henne; dei heldt fram med sitt Drøs, og kom til Slut til aa setja fram det Spursmaal, um Nokon hadde Mod til aa ganga til Rettarstaden og endaa same Midnatti mella Avrettingi; til Vitnemaal um, at han hadde voret der, skulde han daa skjera ei Flis utor Galgen og taka med seg.
 
"Det gjer Ingen", ropad Vaktmeisterrn; "for slikt Ufriskje ved Galgar og Rettarstader er verre enn Svensken og Torstenson; eg set ein Pung med Pengar paa, at det vaagar Ingen!"
 
Det vart stillt, for det gjekk ein Kaldgrysk gjenom Alle. Men til Slut gjekk Judith burt til Bordet – ho var bleik som Kalkveggen – og baud seg til aa freista Vaagandet, sosannnt Vaktmeisteren vilde standa ved sitt Ord.
 
"Gjenta!" ropad Vaktmeisteren, "er du rasgali? Du vil daa ikkje ropa upp din eigen Festarmann paa Rettarstaden? Eg sver paa, at det er du ikkje god-til!"
 
Men Judith stod paa Sitt. Det leid alt langt paa Natt, og ho baud seg difyr til aa ganga til Rettarstaden med det Same. Han laag paa ein Bakke utanfyr Byen. Ho bad berre um aa faa med seg ein Kniv, so ho kunde skjera ei Flis utor Galgen. Vaktmeisteren reiv sin eigen utor Beltet og flidde henne, og ho for ut i Myrkret.
 
Det var ei myrk Natt og blaasallt Vedr. Det var ikkje Mange, som hadde havt Mod til aa gjera ei slik Gonga; men ho kom ikkje i Hug, at det skulde vera nokon Faare paa Ferd fyr henne sjølv. Kjærleiken i eit reint Hjarta er sterkare enn all Ræddhuge. Judith gjekk med snare Stig ut um Borgporten og burtyver til Rettarstaden; under Kaapa si heldt ho den store Kniven gjøymd. Ho var komi so langt, at ho kunde timja Galgebakken framfyre seg. Maanen, som nett var ved Nedgangen, kastad gjenom ein Skyglott eit dimmt Ljos utyver og gjorde det fæle Stelle endaa skræmelegare. Den høg-murade Rettarstaden, der Brotsmennerne vart avhovdade elder lagde paa Hjul, og Galgen med dei tri Stolpar, der enno Beinranglet av ein hengd Mann hekk og danglad, stod fyr henne i døkke, ustøde Umrit og gav eit grysjelegt Bilæte. Ho tenkte paa dei Forteljingar, ho hadde høyrt i Vaktstova, og daa just Klokka i Byen slo tolv, so rann det fyr henne, at etter Segni skulde no den, som sidst var avlivad, sopa Rettarstaden. Til Slut naadde ho fram til det fælslege Stelle, og var just aat og skulde skjera med skjelvande Hand ei Flis utor Galgen; daa høyrde ho med Eitt Hestetramp, fyrst langt burte, men sidan næmare. Judith gjøymde seg i ei Kraa i Muren og saag derifraa, at det kom fleire Karar ridande i fullt Tan upp imot Rettarstaden. Daa dei var framkomne, batt dei Hestarne i Galgen. Paa ein av Hestarne sat det ein Mann bunden, so han korkje kunde røyva seg elder tala. Ho saag, at dei reiv honom ned av Hesten. Ho saag eit stort Mannlikan, ein Kropp med svart Grima fyr Andlitet; han tedde seg som Førar fyr Flokken, og gav Order til aa drepa den bundne Mannen. Stakkaren vreid Henderne og bad fyr Livet, men den svarte Mannen støytte ein Kniv i Bringa paa honom, let so taka upp tvo store Hellur og støytte Liket i den ukjennde Kjellaren derunder. Deretter gav dei seg til aa løysa av Klyvi aat den myrdade Mannen; dei reiv upp Meisar og Sekkjer, riste ut Pengar og Klæde, og skifte med graadug Hast Rovet imillom seg paa ein Grasflekk frammed Galgen. Mannen med den svarte Grima hadde stunget den blodutte Kniven sin inni ein av Galgestolparne og dreiv paa med aa skifta Rovet utan aa ansa nokon Ting elles. Judith, som hadde sett den grysjelege Tilburden like fyr sine Augo, var fyllt av Gruv og Fæla; men den større Vissa, ho hadde fenget fyr, at Festarmannen hennar var skuldlaus, og at ho no fyrst hadde Svart-Peter standande fyr seg, gav henne Mod, og ho forstod vel, at denne Stund maatte gjeva Frelsa, elder so ingi. Ho turvte berre vaaga seg eit Par Fet fram, so kunde ho naa i Kniven i Galgestolpen, og det skaut henne i Hugen, at ho skulde stilla seg til aa byta honom um med sin eigen. Ho kom usedd burttil Galgen, drog den blodutte Kniven utor Sprunga, sette sin eigen, som var av mest same Skaplund og Storleik, i Staden, og drog seg usedd attende i Gjøymet sitt. Strakst etter var Røvararne ferduge med Skiftingi; Svart-Peter drog ottelaus Kniven utor Sprunga og stakk honom i Beltet sitt. So slengde dei seg uppaa Hestarne att og reid derifraa likso skjott som dei var komne. Men Judith skundad seg og skar ei Flis utor Galgen og lagde til Sprangs ned til Byen.
 
 

 

Frå Fedraheimen 14.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum