Skule og Upplysning.

 
Um vår lærar-utdaning.
 
(Av T. O. Gran.)
 
II.
 
I sluten av fyrre og upphavet av detta hundrad-året fekk me dei fyrste lærar-utdaningsverk her i landet, nemleg Tunsberg seminar 1793 og Thotens lærarskule 1803; denne sidste vart hellest nedlagd att alt i 1808. I 1824 grunnlagde dei det eldste lærarskuleverk, landet no hev, Tromsøy seminar. Men ut gjenom treti-åri var det, at landet fekk istand dei fleste av desse læreverk. Soleids kom seminarskulen i Asker istand i 1834, seminarskularne i Klæbu og paa Stord i 1838, og i 1839 seminarskulen paa Holt. Det sidste stifts-seminarium kom upp i 1867 paa Hamar. Dertil kjem no og dei mange lærarskularne, som settest i gang tid etter tid; sume av dei er til enno. – Seminarstellet i vårt land hev soleids alt ei soga og er langtifrå nokon ny og urøynd tilskipnad. Då desse læreverk fyrste gongen kom upp, var dei visst etter tid og høve so vidt gode, at dei svarad sitt rom og fullnøgde dei krav, som tidi då gjorde til dei. Det var liksom ein ny alder rann upp fyr landet med desse skularne, og dei vart difyr fagnade med gleda. Store flokkar av unge, emnelege menn strøymde dit fyr å samla kunnskap, kraft og mod til stræv fyr ålmennbate. Når so den tidi, som trongst til den naudsynlege "upptemjing" (dressur), var ute, so fekk dei brev paa sin dugleik til lærarar og drog kvar til sin kant fyr å hjelpa til å spreida ljos yver "gamle Noreg." Og det skal gladeleg vedkjennast, at fleire endå utmerkte menn just gjenom desse skularne kom inn i sitt rette liv, læraryrket, der dei med full rett vann godkjenning og takk både hjå samtid og ettertid. Men det lyt og segjast, at det nok ikkje altid var frå seminar-skulen, at gutarne fekk med seg den åndelege utvikling, som åleine kann vera grundlag fyr fullvokster i daning og dugleik; det var deira eiget klaarsyn og deira makelause ihuge, som mest gjorde dei til det dei var. Detta syner seg best ved det, at dei fleste av desse folk ikkje fann grunn til å nytta dei reglar, som dei hadde med seg frå seminariet, på sine skular, dersom dei då arbeidde med trott og umtanke. Ein kann tala so lengje ein vil um, at læraren skal utvikla seg vidare sjølv paa det grunnlaget, som seminariet hev lagt; det stend endå fast, at detta grunnlaget vantar dei fyrste og beste spirar fyr ei frugtberande utvikling.
 
Men vil ein no sjå etter, kvat her seinare er gjort til å hjelpa upp desse skular og halda dei i jamferd med dei veksande krav aat nye tider, so finn ein, at ingen grunnleg forandring er gjord. Ein kunde mest koma til å tru, at desse skularne var meinte på å vera heilt fullkomne frå fyrsto av; for til denne dag hev dei traskat um i denne same "trædemølle" med læregutarne det eine året etter det andre, utan at dei er komne eit hane-stig lenger det eine året enn det andre. Likevæl viser det seg, at dei liksom hev havt ei kjenning av, at her burde gjerast eitkvart, med di dei tid etter tid hev stunget inn eikor ny læregrein i fagkrinselen, slikt som teikning, kropp-mykjing (gymnastik), naturkunna og hagedyrkjing. Detta hev dei sjølvsagt einast kunnat gjera på kostnad åt dei andre læregreiner. I dei seinare år hev dei prøvt å beinka nokot på tingen ved å skruva upp kravi til dei søkjarar, som kjem og vil inn på skulen; men ved det vinn ein ikkje det ein vilde; ein gjer skule-strævet eitgrand lettare fyr dei gutarne, som vert upptekne, men ein må like fullt, fyr den rette framgangsmåtens skuld, ganga radt attende til dei fyrste grunnarne. Likevæl er det sjølvsagt, at ymist er vunnet ved å krevja læresveinen godt uppskulad, fyrr han kjem; og detta er ei råd som dei og veit å nytta ut i andre land, der lærar-utdaningi er meir tidhøvande, enn ho er hjå oss.
 
I Skotland, der lærarstandet både i daning og dugleik stend so høgt, at det kunde vera mynster fyr heile Europa, tek dei næme og raske gutar, som hev hug på lærar-yrket, og set dei i 13 års alderen inn i eit slag fyreskule til seminariet, etter at dei fyrst hev prøvt dei ut, um dei kann det dei skal. I denne skulen gjeng då guten i 5 år og fær upplæring både i dei ålmenne skulefag og i den serlege skulegjerning, og deretter må han, med rettleiding av skulestyraren, undervisa småborn i skuletidi. Fyr detta fær han frå det 1ste til det 5te år millom 180 og 360 Kr. året. Ved sluten av kvart år må han lata seg prøva (eksaminera) i lesning og recitation, engelsk mållæra og stil, rekning og matematik, jordkunna, soga, skulekunst; i eit av desse framande mål: latin, græsk, fransk, tysk; i naturkunna, teikning og musik, dei tvo siste som valfrie. Når han hev stadet den sidste prøva her, kjem han 18 år gamall inn på seminariet, der han og må vera i 5 år; og her fær då hans gode fyrekunnskapar eit grunnigt tillegg og hans skulekunst ei ålsidug teoretisk og praktisk utvikling. 1)
 
Til å koma inn på eit preussisk seminar krevst det og uhorvelege fyrekunnskapar. Der vert kravt mange ting, som norske lærarar ikkje eingong kann, når dei gjeng ut or skulen. Innkomingen skal t. d. i moermålet ikkje einast hava vit på ord-, orddannings- og setningslæra, kunna namn-merkja og uppløysa dei einskilde ord og setningar og skriva god rettskrift og arbeida ut uppset; men han må kunna ettervisa dei einskilde reglar ved ordtøkje og mynstersetningar frå landsens diktarar og folkeskribentar; han må kjenna hovud-slagi av dikting gjenom prøvur av tyske storskaldar og han må kunna utanbokes sume slike dikt av Schiller, Uhland, Rückert o. fl. I rekning må han kjenna dei 4 rekningsbolkar med namnade tal, med heiltal og brøk og tildelingsbrøk, regula de tri, alle i dagleglivet møtande rekningsbolkar, derimillom samansett delings- og samlagsrekning. Dessutan må han kunna løysa lette bokstavrekningsstykkje (algebra)  og kunna grunnarne (elementa) i flate-og rom-rekning. I naturkunna må han vita greida på dei mest merkjande grunnformer ("typer") og slag, og hava næmare kjendskap til dyrkningsvokstrar og meinvokstrar og til dyre- og blomeriket på heimstaden; so må han og kunna dei vigtugaste læresetningar av fysikken (naturlog-læra), den matematiske jordkunna (geogr.) og grunnarne av kemien (læra um grunntoi), helst på gunnlag av utrøyningar (freistnadar,experimenta). Ein hermed samhøvande kunnskap i trudom, soga, jordkunna, musik, og dertil ein vidt driven førskap i skrivning, teikning og gymnastik må han og kunna leggja fram til upptaks-prøva. På denne måten er det greidt, at han kann læra utrulegt i dei 3 åri på seminarskulen. Det er sagt, at det var dei tyske skulemeistrar, som støypte den franske ørn i moldi i 1870, og dersom ein rett tenkjer etter, for ein dugleik desse folk må hava, so kann ein ikkje halda det ordet fyr berre skryt. Me stakkars norske skulemeistrar, me fær lita oss med å liggja so langt atterut fyr desse lærarar i andre land, at all likning er umogleg. Det er Jørn hattemakar og kong Salomon på sin måte, detta. Men me norske, me lyt tola detta! Det gjeng aldri an, at me hev nokon ting av beste slag; me er for småe me, måvita. –
 
Våre brøer på hi sida fjellgarden segjer ikkje so, dei; i upplysningsvegen meiner dei, at ingen bør vera for langt tilatters. Seminartidi hev fyrr voret 3 år der; no er ho tøygd ut til 4. Dit kann me ganga og læra, dersom me då ikkje vil ganga til Finlendingarne og få kjennskap til deira lærar-utdaning, som er høvande til tidi fullt so væl som i nokot annat land. Og dei er då og "småe" nok! – At me skal liggja so langt tilatters fyr våre broerfolk, det er ei skam og ein skade, som det norske folk ikkje lenger hev råd til å bera.
 
1) Etter ferda-fråsegner av ein lærar.
 
[ Meir.]
 

 

Frå Fedraheimen 14.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum