Rispur.

 
"Eg hev set 4 Graabeinar eg," sa Ein. "Aa neimen hev 'kje du set 4 Graabeinar," sa den andre. "Aa nei, det var nok berre 3 lel." – "Aa, du hev 'kje set 3 held du!" – "Aa nei, det var nok berre tvo." – "Du hev ikkje set tvo helder, du, mein' eg!" – "Aa nei, det var nok berre ein." – "Eg meiner du hev aldri set nokon Graabein eg!" – "Aa nei; det var nok berre ein gamall turr Stubbe." -
 
Ein Gut kom inn paa eit Kantor; der sat tvo Kantorkarar, og dei bad Guten setja seg ned, men baud ikkje fram Stol, og ikkje fannst det fleire Stolar held enn dei tvo, som dei sjølve sat paa. Guten takka daa, men vart standande og saag seg ikring. "Kvi set du deg ikkje daa?" sagde den eine Kantorkaren. Guten svarad: "Her er liksom heime i Fjose hans Far her," sa'n. "Hoss er der laga daa?" spurde Kantorkaren. "Der er 'kje fleire Baasar hell der er Naut, der," svarad Guten.
 
H. A.
 

 

Frå Fedraheimen 14.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum