Kristiania, den 13de August 1878.

 
Uppved Vatsøy hev dei funnet ei stor Berghola, ikr. 24 Fot høg og 30-40 Fot lang. Ho er den 3dje i Skandinavia og skal etter Finnaren heita "Svenonius's Grotte."
 
Jaabæk m. fl. prøvde i Aar paa Thinget aa faa istand eit politisk "Vinstre"-Lag paa Lag som det danske "forenede". – Men det gjekk ikkje, kann du vita.
 
Paa Island tek dei til med Aalmugeskular no, fortel "Fædrelandet" med eit Sidehogg til dei her i Landet, som finn, at vaar Aalmugeskule ikkje er so god, som han kunde vera ("mindre nødvendig," som Fædrel. kallar det).
 
Genremaalar Petersen fraa Kristiania hev voret uppaa store Skagastølstinden, som fyrste Gongen vart uppaa-naadd ifjor av Mr. Slingsby. – Likaeins hev Kand. Kristensen fraa Kristiania voret uppaa Falketind, som Chr. Boeck og Keilhau skal hava voret paa Toppen av eingong fyrr.
 
Fraa By og Bygd. No. 8 (August) inneheld: Kvat er Fridom? Av Olav Lofthus (Slutt). – Riksthinget i Augsburg. Etter Westermeier. – Pokkahontas. Ei Segn fraa den fyrste Busetning i Nordamerika.
 
Ein av Medlemerne av Kristians Amtsthing hev gjevet 500 Kr. til Vonheims-Skulen.
 
Joans Lie, som er i Valdris no i Sumar, skal vera meint paa aa slaa seg ned i Tyskland (Stuttgart) ei Tid.
 
Landhandler Andersen i Gran er burtkomen og vert no etterlyst av Amtet. Han hadde gjort Bankerot, var mistenkt (og forhøyrd) fyr Fusk med dei Midlar, som høyrde til Bui. Han er 22 Aar gl.
 
Apotekar Hansen i Lærdal vart funnen ved Fjorden daud; det saag ut til, at han anten hadde laugat seg elder hadde tenkt paa aa gjera det. Hunden hans laag med Sida; han vilde ikkje sleppa Nokon fram aat Liket og maatte jagast burt med Stein.
 
Provst Christie hev voret Prest i Askevold i 40 Aar og hev aldri havt nokot annat Kall. Han var ein dugande og sers godt likt Mann. Han hev og i lang Tid voret Provst (i Sunnfjord Provsti), og hev i sitt eiget Prestegjeld havt alle dei Tillits-Umbod, som Kommunen hev havt aa bjoda. No den 27de Juli flytte han ifraa. Han fekk ei gild Minnegaava.
 
Fyr Kristiania "Forligelseskommission" hev det i 1ste Halvaaret i Aar voret uppe 5402 Saker, - meir enn nokotsin fyrr.
 
Uppi Nordfinmarki er det Uaar paa Høy. I Næsseby er det reint ille, daa dei ikkje hev havt nokot Fiske held. Folk derinne er so utarmat, at det reint ser ut til Hungersnaud.
 
Norig fær i Paris 36 Premiar paa 52 Utstellarar. Det er godt gjort.
 
Gamallnorske Dikt, fyrr ukjende, er funne paa Shetlandsøyarne av Karl Blind.
 
Gabriel de Murtillet samlar Fotografi-Portræt av alle dei vænaste Gjentur i alle Land. Denne Samlingi vil han leggja fram paa den anthropologiske Samstemna i Paris i Sluten av denne Maanaden.
 
Hundegalskapen held paa i England, helst millom dei "fine" "sporting dogs" (Jagthundar). Det er soleids godt, at den norske Regjering hev stengt Landet fyr engelske Hundar.
 
I Hevne hev dei paa ein Øydeholme funnet 3 Lik 3-4 Fot under Jordflata. Dei tvo hev voret nedgravne i Uldstakkar, Sko og kvite Hosur; Stakkarne var mest like sterke; Skoi gjekk sund i Saumarne, naar ein tok paa dei. So langt som Uldtyet hev naatt er Beingrindi mest like heil; men ovanum Stakklivet er ingenting att, utan nokot Halm som hev voret straatt under Liki. Den 3dje hev voret nedgraven i ein grøn Ullduk med kvite Hosur og Sko; han ser ut til aa ha voret ein Gut paa 12-13 Aar. Likkistur ser ikkje ut til aa ha voret brukte. Det er Merkje til, at det hev stadet ein Trekross elder slikt yver Gravi. Liki maa vera overlag gamle; kannhenda er dei fraa Svartedauden.
 
" Thermoskop" heiter ein Varmemælar, som den store Uppfinnaren Edison hev uttenkt; han er so gløgg, at han syner det mindste Brigde i Varmelaget, ja viser kvar Sky, som fer yver Himmelen, naar han vert uppsett ute.
 

 

Frå Fedraheimen 14.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum