Eit og annat um Kristendomsstriden vaar.

 
V.
 
Det er Sanning, som Kyrkja vinn, til Utjamning av alle dei store Tap, ho kjem til aa lida i andre Maatar. Dei, som ikkje trur, at Kristendomen er av Gud, meiner, at daa lyt han falla; slike Meiningar ser me stundom i Morgenbladet, naar gamle Statsprestar skal forsvara Statskyrkja og dei gode Prestekall. Dersom desse Folk hadde Rett, so maatte Ein segja, at Kristendomen burde døy. Er han ikkje av Gud, so m a a han falla, naar han hev gjort sitt Verk i Verdi. Men dei, som trur paa Kristi Ord, vil vita, at Helvites Portar aldri skal faa Magt med hans Kyrkja. Og daa vil det visst visa seg, at kor mykje ho enn kann tapa ved aa skiljast fraa Staten, so vil ho endaa vinna, ja vinna stort, berre ho vinn den eine Tingen Sanning.
 
Og alle vil vinna. Sanning er det fyrste Krav til Mannen. "Kald elder varm," "med elder mot," klaart, ærlegt Standpunkt i Liv og i Tanke, det Kravet hev Kristendomen sjølv sett upp so sterkt, at Ein maa vita, at det hev nokot paa seg.
 
Det er burt i alle Veggjer motskapt og tankevildrande, at Kristendomen, slik som no, skal gjelda og ganga fyr det "Naturlege," det som kvar og ein "naturlegvis" er, liksom kvar og ein "naturlegvis" hev Nasen millom Augo. Me treng til aa lesa Søren Kierkegaard um den Ting. Søren Kierkegaards Tankar er enno ikkje komne upp; men dei kjem nok. Det er ei Avvyrding av Kristendomen, og det er aa gjera honom til "Vrøvl," naar dei gjer honom til slik ein godsleg Kvardagsvisdom, som kvar einaste ein skal tru paa, liksom Ein krev, at kvar Tulling skal kunna telja til tri. Paa den Maaten taper Saltet si Kraft. Kristendomen maa vera Staden paa Bergtoppen, som Ingen kjem sovande upptil; han maa vera den Perla, som Ingen finn, utan han sjølv leiter; han maa vera den tronge Porten, som er vand aa finna og endaa vandare og koma igjenom. Det er fælt aa tenkja paa, kor mykje vondt han gjer oss, denne sovande Allemannskristendomen, som er bygd upp paa den store Lygni, at Kristendomen er det " Naturlege." Her gjeng soleids Folk i Tusundtal og trur med seg, at Kristendomen er Sanning, men drygjer likevæl heile Livet ut, fyrr dei tenkjer paa aa taka seg Sanningi til Hjartat; so liver dei heile sitt Liv i gjenomførd Strid med sin eigen Livstanke! Det er so Blodet kann kolna i deg, naar du tenkjer deg inn i detta. Aa liva sitt Liv paa den Maaten er i verste Meining aa tyna si Sjæl; all Vilje døyvest og kløyvest; Karakter vert det ikkje tenkjande paa; all aandeleg Merg vert ut-eten og alle aandelege Sinar slaknar; Sanning og Samanheng vert det ikkje finnande i heile Livet. Ein torer snaudt tenkja paa aandelege Ting; for so snart Ein lyfter Augo uppyver Gryta, so møter Ein Kristendomen, og den hev Ein ikkje Mod elder Vilje elder Trong til aa taka upp. Ein fører sitt Liv slik, at Ein veit med seg sjølv, at kvar Tanke og kvart Ord og kvar Gjerning er ei fordømeleg Synd; - men Ein driv paa. Ein " synder paa Naade." Ein litar paa, at Ein skal "gjera Bot" – sidan. Det er ikkje faarlegt, um Ein tullar burt i Tufs og Vas heile sitt Liv; "Naaden" skal retta all Ting uppatt – sidan. Det gjeld liksom berre aa kunna segja "I Jesu Namn" fyrr Ein døyr. Folk, som liver paa slik Vis, m a a verta Trælar og aandelege Tæringskræmarar, og det er ikkje undrande paa, at det norske Folk hev diktat so godt um Peer Gynt og um Smeden, som ikkje slapp inn korkje i Himmerike elder Helvite.
 
Detta er Frukterne av, at Ein tvingar Kristendomen innpaa Folk, som ikkje sjølv leitar etter Kristendomen og ikkje hev Trong til honom. Det hjelper litet, at dei held mange tusund vællønde Prestar til aa " vekkja" denne Trongen – etterpaa. Lygni er der like godt: at det, som mest av alt skulde gjevast og takast i Fridom, vert velt innpaa Folk med Tvang. Slikt maa enda med folkeleg og trudomsleg Tæring. Dersom Utviklingi ber fram mot det aa skilja Stat og Kyrkja, so Trui fyr fullt Aalvor vert kvar Manns eigi Sak, so vil visst Ingen, som held Sanning fyr ein større Ting enn det "Hyggjelege", stemma seg derimot.
 
I det, eg her hev havt framme, ligg nok og den beste Motgrunn mot dei, som held paa Avstengjing fyr aa verja "Moralen." Trældomsaanden kann væl halda Folk fraa ymse "grove" Synder; men det skulde daa vera laak Moral, som ikkje skulde vera betre enn den Maaten aa føra Livet paa, som eg her hev talat um. Er Trui livande i eit Folk, so er ho den stødaste Grunnmur fyr Sedsemdi, som kann finnast. Men er ho daud, slik som det viser seg, at ho vert i Lengdi, naar ho ikkje stend fri, so avlar ho ikkje Moral, men aandeleg Trældom, som er det verste eit Folk kann koma uppi. Og vil me vera ærlege, so maa me vedkjennast, at Moralen under slik ein daud Vanekristendom kann rotna forskræmeleg ned.
 
Tok me t. D. vaar norske Moral, slik som han er no, og vilde prøva honom gløggt, til Grunnen, den løynde Styggedomen so væl som den openlyse, - og so likna honom ihop med Moralen i eit av dei Land, som er mest i Høgmælom fyr Sedløysa, so er eg rædd, me skulde finna, at me i Grunnen ikkje stod so fælt høgt endaa. Du kann tenkja paa kvat fyr ei Synd du vil, den største og styggaste liksovæl som den mindste, so hev me henne; og den høgare Moralen, Sanningskjærleiken, Ærlegdomen, Aalmennhugen, Sansen og Viljen fyr det Aandelege i Livet, - den stend visst so laagt som han kann standa i eit Folk som hellest skulde vera ungt og friskt og liveført. Lat oss so ikkje gjera oss til av Moralen vaar og, som "Samfundets Støtter" og andre Farisæarar, mura oss inne fyr aa ikkje verta ureine! Lat oss vita det alle, og lat vaare Prestar vita det med: me hev ingenting aa gjera oss til av. Men me hev, som alle andre, mykje aa arbeida oss ut av, og mykje aa vinna oss upp til. –
 
Det, at Folk vert nøydde til aa tenkja og taka det meir aalvorsamt med sine Livsspursmaal, det øydelegg ikkje letteleg Moralen. Dersom Folk kjem inn paa range og ville Meiningar, so er væl det ei stor Landsulukka og kann føra harde Tider yver Folket. Men som Prof. Monrad segjer: Mannsætti hev Rett til aa fara vill. Ja, aa fara vill er paa ein Maate Mannens serlege Rett. Dyret fer altid rett aat; men so vert det og all Tid sitjande paa same Flekken og kjem ikkje lenger. Men Mannen tek i Misst og vert klok. Det er Røynsla, som er beste Læremeistaren. Dei moralske Logjer er so sterke i Verdi, at altid, naar Mannen fer i Vilska og forbryt seg, so tek han ill Røynd av det og skynar, at slikt bør han ikkje gjera uppatt. Me skal agta oss so godt me kann fyr aa taka i Misst; for Røynsla er ein d y r Læremeistar, attaat ho er god. Men fyr aa verja oss mot Misstak maa me ikkje sleppa fraa oss vaar Mannsrett og vaart Mannsverd og gjera oss til tankelause Dyr; og dermed hev helder Ingen Rett til aa forsvara Avstengjingstanken ved aa skræma med "Moraliteten."
 
Det er visst langt fram til den Tid, daa Kyrkja og Stat kann skiljast. Men Arbeidet fyr veksande Aandsfridom er alt fyr lengje sidan uppe og bør haldast fram utan Kvink og Ræddhug. Lat oss ærlegt "prøva Alt." Me lærer ofta mest av dei, som me held fyr Fiendar. Og strider me fyr vaar Tru, so lat oss gjera det som Menn. Her er so mykje Fusk i denne Striden no. Mange ser ut til aa halda paa den gamle Setningen, at mot Kjættarar tarv Ein ikkje halda "Tro og Love;" naar det gjeld dei, er det ikkje so faarlegt, um Ein lyg eit litet Grand. Dei som strider paa den Maaten, gjer meir til aa riva ned Tru og Moral enn dei verste Heidningar, og me skal aldri innbilla oss, at han, som kallad seg sjølv "Sanningi", bryr seg um Hjelp av slike rædde Fuskarar, som ikkje eingong torer sjaa Fienden ærlegt inn i Augo. Det er denne Ræddhugen, denne laattelege Trui paa, at Kristendomen maa setjast i Drivhus fyr aa kunna "trodse Tidens Stormløb", - det er den, som er den rette Faaren fyr Kristendomen no.
 
Eg set, sannt aa segja, Voner til, at her skal koma ein stor og grundbrjotande Kristendomsstrid i Landet. Folket ligg so nedkvævt og so aandeleg innsovnat, at det treng ei Vekkjing, som kann skaka det upp fraa Grunnen. Det ligg liksom Israels Ætt og knebøygjer seg fyr Gryte-Molochen og Penge-Solguden, so det treng ein "Straffedom" av dei store, fyrr det finn att sin rette Gud. Pest vil me ikkje ynskja, for me hev Sjukdom nok; Krig var væl og for hard fyr oss livrædde Nordmenn. Men ein Aandsstrid, som gjekk so djupt, at han paa Vis som eit Jordskjelv kunde jaga dei sovande upp or Svevnen og skræma dei Likesæle rædde og faa kvar og Ein til aa sjaa seg ikring og spyrja etter fast Grunn, - ein slik Strid vilde kannhenda vera det me turvte. Christofer Bruun set si Von til ei ny og større Kristentid; den Tanken, eg hev set fram, strider ikkje imot det. Men eg meiner, at her ikkje kann koma korkje ei stor Kristentid elder nokot annat stort, utan det fyrst kjem ei aalvorleg Folkevekkjing, og kven veit, um ikkje just denne "store Vantrustraumen" hev ein slik Gjerning aa gjera i vaart Folk? – Um so var, so vilde Avstengjingsarbeidet i Sanning vera ein Strid imot Gud sjølv, liksom det oftare hev hendt, at dei, som meinte seg aa vera dei beste Forsvararar av Sanningi, hev voret dei, som lagde seg verst i Vegen fyr Guds Viljes Framgang.
 
(G.)
 

 

Frå Fedraheimen 14.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum