Den "norske synode".

 
(Amerikabrev til Fedraheimen.)
 
Decorah sisst i Juni 1878.
 
Den norske Synoden er no den største og mannsterkaste av dei 4 norske Avdeilder av den Lutherske Kyrkja her i Landet. I Aar er denne Synoden 25 Aar gamall; detta Aaret er difyr "Jubel-Aar", og nett no fyre Kvitsunhelgi (Pints-) vart det haldet "Jubel-Synode" og "Jubelfest" paa den Staden (Koshkonong) i Wisconsin, der Synoden 25 Aar sidan vart skipad.
 
Synoden hev fenget upp ein gild Høgskule elder Latinskule i Decorah (Iowa) fyr slike, som vil verta Prestar; dessutan hev han i Madison (Wisconsin) kaupt seg gilde Bygningar til Presteskule. Skulebygningen i Decorah kostar ikr. 120,000 Dollars, og Madison-Bygningarne ei 20,000 Dollars, trur eg, og so gjeng det no myket til aa halda Skularne uppe. Paa denne Maaten kom Synoden i stor Skuld; ifjor var det ei 50-60,000 Dollars. Men so sette dei seg fyre aa røyna seg det hardaste dei kunde og betala denne Skuldi i Aar, i "Jubelaaret", og det ser mest ut til dei greider det. Myket er indsendt alt, og meir er teiknat.
 
Fyr eit Par Aar sidan var det so, at dei, som hadde gjenget gjenom Skulen i Decorah, vart sende til St. Louis fyr aa verta full-lærde til Prestar. I St. Louis hev den tyske Missouri-Synoden ein stor og god Presteskule. Serleg hev dei ein Lærar der, som gjeng framum dei fleste no-livande theologiske Lærarar, ikkje berre her, men i heile Heimen; han heiter Walther og vart no nyst hægrat til Doktor i Theologi. Paa denne tyske Presteskulen gjekk dei norske (og tyske) Studentar i 3 Aar. Skulen hadde tvo Avdeilder, ei "theoretisk" og ei "praktisk." Til den theoretiske gjekk dei, som hadde gjort eit heilt Latinskule-Renne (cursus) og leset Hebraisk, Græsk og Latin; til den "praktiske" gjekk dei, som berre hadde gjenget eit Par Aar paa Latinskule, so dei kunde eit Grand Latin, men ikkje det Slag Græsk elder Hebraisk. Dei, som gjeng denne Vegen, er daa helst eldre Menn, som hev Hug og Dug til Preste-Yrket, men ikkje Tid til aa taka heile Skulen. Soknerne auka so fort, og det kjem so faae Prestemne heimanifraa, at dei lyt sleppa Sume fram denne stuttare og snøggare Vegen. – Men fyr 2-3 Aar sidan flutte Tyskararne den "praktiske” Avdeildi fraa St. Louis, og daa den norske Synoden nett daa hadde kaupt dei nemnde Hus i Madison, so vart den norske Deild flutt dit. Paa det sidste Synodemøtet vart det og avgjort, at den norske "theoretiske" Skulen skulde flytjast til Madison no Hausten kjem, so dei der kunde faa ein heil norsk Presteskule. I Grunnen hev dei Norske ikkje havt nokon eigen theoretisk Skule i St. Louis; for stundom hev dei havt ein norsk Professor der og stundom ingen; so det vil vera rettast aa segja, at den theoretiske Presteskulen, me no fær i Madison, er ei n y Tilskiping.
 
Skulen i Decorah hev 8 Lærarar og ikring 200 Læresveinar. Den praktiske Presteskulen i Madison hev havt tvo Lærarar og framimot eit Tjug Studentar. Den eine Læraren er ein Tyskar og heiter Schmidt; han er ein framifraa dugleg Mann og kann "Norsk" (Dansk) likso godt som nokon heimefødd Prest. Men det er ikkje aa undrast paa, at han er meir tysk enn norsk i sitt Huglynde. Det syntest best i Vetr paa ein Prestekonferents elder Samstemna, som øystre Avdeildi av den norske Synoden hadde i Milwaukee. Daa kom det upp, at Tyskaren Schmidt og Nordmannen Asperheim ikkje kunde draga i Rad som Lærarar paa same Høgskulen, og at dei i lenger Tid hadde dreget kvar si Leid, Schmidt tysk-leides og Asperheim norsk-leides. Asperheim er helder ung, men ser ut til aa vera ein mykje dugleg og sjølvstød Mann; han synest og hava eit varmt Hjarta fyr alt som er norskt og folkelegt. No skynar han, at det ligg stort Lag paa, kvar og korleides ein Prest vert upplært; Theologien lyt og vera national; um Nordmenn og Tyskarar hev same Trui, vil likevæl ikkje den same Upplæring elder Upplæringsmaate høva aat dei baade. Schmidt kann væl ikkje so lett sjaa, at Nordmennerne er mindre væl tente med den tyske Visi enn med den dei sjølve hev elder kunde trivla seg fram til, for store Nationar trur gjerna, at Smaafolki i allting maa hava det som dei sjølve, av di det er dei Store, som jamt gjeng i Braadden. Paa detta Prestemøtet i Milwaukee hadde dei uppe det Spursmaalet, som no er avgjort, um aa faa upp ein heil norsk Presteskule, og Sume tymtad paa, at det vilde vera betre, um Synoden hadde meir Samkvæme med Allskulen i Kristiania. So sagde andre, at denne Skulen var væl slakk i Trudomsvegen, so Ein ikkje so væl kunde lita paa dei Presteemni, den sende ut. Men so meinte Asperheim, at det var no ikkje alt so fullkomet hjaa dei tyske (Missouri-Synoden) helder. Daa vart Schmidt varm i Hetta og tok til aa leggja ut fyr Prestarne um, kor rangt og faarlegt eit Trudomssyn Asperheim hadde, so dei vart reint forfælte fyr Asperheim og kravde paa, at han skulde taka i seg att det han hadde skuldat Missouri-Synoden fyre. Detta tyktest han ikkje vera god-til, men sette ihop nokre stutte Setningar (Satser), som skulde innehalda i seg dei Kjæremaal, han hadde aa bera fram mot Missouri-Synoden. Desse Setningar ligg alle paa Trudoms-Sida; men dei er helder uklaare, og det er greidt aa sjaa, baade av desse Setningarne og av det som vart talat og sidan skrivet um denne Sak, at det er den nationale Sida det gjeld um, og at han i sjølve Trui ikkje hadde nokot aa saka dei fyre. Men denne nationale Tanken, som dei i Røyndi stridde um, er ikkje so lett aa leggja ned i sovorne "Setningar." Daa Asperheim soleids stod helder hardare paa sitt, sagde Schmidt, at han ikkje vilde vera Professor ein Dag lenger, soframt Asperheim ikkje slutad aa vera Lærar. Daa Asperheim saag, at det var so voret, sende han med det same sin Søknad um aa verta fri fyr Professorembættet, og den Søknaden tok dei imot. Etterpaa freistad dei nok aa faa rettat paa honom, so han kunde verta verande Professor, fyrst 3 Prestar av Konferensen og sidan Kyrkjeraadet. Men det bar ingen Stad av; dei fann honom "imindsto hardla uklaar i mange av dei fremste Trudomssaker."
 
 

 

Frå Fedraheimen 14.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum