Utlandet.

 
Turkiets Politik er aa draga i Langdrag. Det hev dragnat hardla langt ut med Rømingi av Festningarne Sjumla, Varna og Batum. Endeleg hev dei daa rømt Sjumla, og Ryssarne hev hersett dette turkiske Bolverk, som aldri fyrr hev voret under Fiendefot. Kommandanten, Fasly Pasja, ein av dei duglegaste turkiske Herførarar, gret, daa han fekk Order fraa Sultanen til aa røma Festningi. Han hadde ikkje att meir enn 7000 Mann, og Sjumla treng 60000, so han hadde ikkje havt Mottak, um Ufreden hadde byrjat paa nytt Lag. Ryssarne hadde ogso kringsett Festningi soleids, at det var Uraad aa føra inn meir Hjelp. Det var ogso Tak til aa ganga um Festningi ved Pravady og gjenom Kamtsjikdalen, og ho hadde difyr etter den nyare Krigføring misst myket av sitt Verd. Annarleids er det med Varna. Denne Festningi hev like til det sidste voret haldi i Forsvarsstand med den største Umhug, og dei ryske Ingeniørgeneralar hev stødt haldet Varna fyr ei sterk Festning, som ikkje var takande utan med det største Mannspille. Ryssarne hev difyr og like til den sidste Tid voret rædde, at Turkarne skulde gjera slike Vringlor med Rømingi, at det lett kunde verta ny Strid av det. Turkarne hev daa og sett det Vilkor fyr aa røma Varna, at den ryske Yverkommando skulde draga den ryske Heren undan so langt som "49 Timar" fraa Konstantinopel. Men dette Vilkor vart vandat av General Todleben. Det er likevel ikkje trulegt, at Turkarne vil lata det koma til ny Ufred fyr Varna Skuld. Etter ei Tidend fraa Konstantinopel, som hev stadet i "Pol. Corresp.", skal Saki verta greidd paa den Maaten, at Ryssarne byrjar um 8 Dagar med den aalmennelege Røming, som er umtalat i Berlinsemja; i Millomtid skal Batum og Varna upplatast til Ryssarne, og so skal desse røma Umkverven aat Konstantinopel den 31de Aug.
 
Hersetningi av Bosnia og Hersegovina hev ikkje gjenget fyr seg utan Blodspille. I Hovudstaden Mostar skal det ha brotet ut eit Folkeupprør; nokre Embættsmenner hev vortet myrdade. Tri turkiske Bataljoner skal ha samlagat seg med Upprørarne, men tri andre gav seg i Lag med dei austriske Troppar og skal ha teket Vegen til Metkovic for aa fly yver paa austriksk Grunn, um det knip. Den 5te August skal likevel Austrikingarne ha marserat inn i Mostar utan aa møta Motstand; men fyreaat maatte dei slaast med norske Upprørsflokkar. Porten leikar med tvo Skjoldar i denne Saki. Han gjer Inkjevetta fyr aa roa Folket i Landet; derimot skal han ha gjevet Føraren aat dei regulære Tropper i Bosnia Order til aa lata dei muhamedanske Friviljuge, som vil gjera Motstand mot Austrikingarne, faa dei Vaapen, som finnst paa Upplagsstadom og i Naudsfall Vaapni aat dei regulære Herfolk; sidan kann det heitast, at Vaapni er røvade. Porten vil ikkje likefram brjota av Tingandet med Austrike, men han set upp Krav, som ikkje kann uppfyllast. Bland slike Krav er aa nemna: at det skal setjast ei viss Tid fyr Hersetningi, at Yverskotet av dei bosniske Inntekter skal ganga til den turkiske Statskassa, og at Porten skal hava med Utnemningi av Embættsmenner allstad der Muhamedanarne er i Yvertalet.
 
Lord Beaconsfield og Markien av Salisbury er utnemnde til Hosebondsriddarar. Sidst Laurdag heldt Londons Borgarskap ein stor Fest fyr deim i Guildhall; dei skulde utnemnast til Æreborgarar av City.
 
Det heiter seg, at Frankrike helder ikkje skal ganga havandslaust fraa det store Skiftet; det er Tunis som skal verta Luten aat det.
 

 

Frå Fedraheimen 10.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum