Svart-Peter.

 
(Umsett fraa Tysk.)
 
(Framhald.)
 
Judith laag enno paa Kne; ho lutte radt ned til Jordi med det fagre Andlitet og gret; daa sagde den gamle Mannen til henne: "Statt upp, Gjenta, og gjer meg ikkje veik! Gakk helder til din ryggjelause Brudgum og faa honom med dine søte Ord til aa standa til sine Illgjerningar. Lukkast det fyr deg, so lovar eg deg stor Løn, du sparer Guten fyr Pinsla, og kannhenda eg gjev deg Løyve til aa beda vaar Herre og Kjeisar um Naade fyr honom!"
 
Judith visste mest ikkje av seg, daa ho ragad ut or Stova og tok Vegen til Fangehuset. Utanfyr møtte ho Raud-Jobst. "Ser du, Judith!" sagde han og tok henne i Handi; "det er Slikt aa vinna, naar Ein held arge Skalkar formeir enn fagna Folk! Hev ikkje eg friat til deg fyr lenge sidan? Du kunde no longo ha voret Borgfutfrua. Men du hev hengt deg i denna Rabneren, som no Ravnarne snart skal hakka."
 
"Aa slepp meg!" bad Judith graatande; "lat meg ganga den sidste tunge Gonga, og hæd meg ikkje i Ulukka!"
 
"Eg meiner det vel!" svarad Jobst og heldt atti Gjenta; "bry deg ikkje meir um den Menneskja, elder so gjer du deg ulukkeleg, kannhenda du vert haldi fyr medskyldug attpaa, og daa gjeng det fulla paa Livet og. Vert helder verande her hjaa Foreldri mine, eg skal forsvara deg; i Byen vilde dei visst alt sneisa og peika paa deg; bia her, eg vil ikkje forlata deg!"
 
"Nei!" ropad Judith; "helder vil eg døy med honom enn liva med deg!" og med dei Ord sleit ho seg laus og skundad seg til Fangehuset.
 
Ho hadde med seg ein Setel fraa Kapteinen, og paa den slapp ho inn til Fangen. Rabner sat still og fortenkt. Han trudde snaudt sine Augo, daa han saag Judith steig inn. Han rette Handi ut etter henne; men ho vart standande og saag lenge paa honom med tærande Augo. Til Slut sagde ho: "Eg kjem ikkje fyr aa trøysta deg, men fyr aa gjera deg eit aalvorslegt Spursmaal. Kom i Hug den Stundi, daa du spurde meg i so godt Trumaal, um eg hadde deg kjær; daa svarad eg deg av heil Hug: Ja! Sjaa no stend eg her og spyr deg i likso godt Trumaal: hev du gjort detta? er du Røvaren?"
 
"Detta Spursmaalet kjem ikkje fraa deg," svarad Rabner; "du kann ikkje halda meg fyr sakad, for daa hadde du aldri elskat meg."
 
"Det kjem ikkje helder fraa meg; men Kapteinen sende meg hit, eg skal bede deg aa standa til og nemna dine Medskylduge; gjer du det, vil han og tillata meg aa beda Kjeisaren um Naade fyr deg; men stend du ikkje til, skal du verta pint og deretter førd til Dauden likevæl."
 
"No, so fær det so vera," svarad Rabner; "eg veit meg ikkje sakad i nokon Ting. Gud vil ikkje leggja meir paa meg, enn eg kann bera. Men det renn i meg, naar eg tenkjer paa, at dei trur meg til slike Ugjerningar, og at dei ikkje granskar meir etter, korleids dei hev komet i mitt Rom, dessa Tingi, som synest vitna imot meg."
 
"Veit du daa Inkje um detta?" spurde Judith.
 
"Nei, so sannt som det liver ein Gud yver meg, eg veit det ikkje, eg er saklaus."
 
Daa slo ho Armarne ikring honom og lovad, at ho skulde vaaga Alt fyr honom. No tvilad ho ikkje lenger paa honom, ho maatte frelsa honom.
 
Men det Svaret, som Judith hadde med seg, var Kapteinen litet nøgd med. Han baud med det same, at Fangen næste Dag skulde spanast paa Pinebenken, og Alt skulde gjerast ferdugt til Avrettingi; for han var meint paa aa lata den harde Syndaren døy ein pinsam Daude.
 
Judith var reint fraa seg. Ho tykte, Hjartat vilde sprengjast, naar ho tenkte paa dei Pinslor, som Rabner hadde i Venta. Og ingen Utveg aa øygna! Men kunde ho ikkje frelsa hans Liv, so vilde ho daa døy med honom. So gjekk ho til Fangehuset enno ein Gong fyr aa fortelja sin Festarmann sitt Forset, at ho vilde gjeva seg ut fyr hans Medskylduge og døy med honom. Men Vaktmannen negtad henne aa koma inn; for Kapteinen hadde forbodet honom fraa den Tid aa sleppa Nokon inn til Fangen. Judith gret og bad; men den gamle Vaktmannen, som elles var ein god mann, sagde: "Bry deg ikkje, Barn; aa døy er faafengt. Fyr meg maatte Raber gjerne koma undan, for eg hev illt av honom, og eg trur ikkje, det er Raad aa pina Nokot utor honom; men som sagt: aa døy er faafengt; og Brudi aat ein Velstands Mann som Snikkar Rabner er nok god-til aa ofra Nokot, som det kann vera Mun i, fyr sin Festarmann."
 
Judith skynad godt Meiningi, men ho hadde ikkje so myket som ein Skilling, som ho kunde bjoda Vaktmannen. Huset aat Rabner var sett med Vakter, hans gamle Moer var og sett fast; kvar skulde ho taka det, som trongst fyr aa gjera Vaktmannen blid og vægjen? for Ingen vilde hava Nokot aa gjera med Kjærasten hans Svart-Peter. I Raadløysa sprang ho til Borgi att fyr aa beda Kapteinen endaa ein Gong um aa faa tala med Rabner; ho tenkte, at Rabner kannhenda hadde ein Sum Pengar nokonstad, som ho kunde hevja i Løynd og bruka til aa frelsa honom. Vaktstova var no, etter at Kapteinen sjølv hadde voret gjestad av Svart-Peter, flutt inn i Borgi. Her steig daa Judith inn og bad um aa verta mellt hjaa Kapteinen: men ho maatte taka det uppatt fleire Gonger; for Vaktmeisteren sat i Terningspil med den gamle Borgfuten og nokre Borgarar fraa Byen, som var komne derupp; han hadde vunnet ein god Slump Pengar og hadde deim liggjande fyre seg i fleire Pungar. Til Slut vyrde han daa aa sjaa burt til Gjenta. "Aahaa, Røvarbrudi!" spottad han; "henne maa me nok mella fyr Kapteinen, for ho kann hava Eitkvart aa standa til um Allrakjærasten sin; men tolmøda deg fær du gjera, til Spilet er slutt; Galge og Hjul kjem altid tids nok."
 
Judith hallad seg innaat ein Stolpe som stod midt i Romet og studde Bjelkeverket, og saag sorgmodig paa Spilet og paa dei fulle Pengepungar; ein av deim, kannhenda, hadde voret nok til aa frelsa Guten hennar. Spilet vart ikkje slutt, fyrr Vaktmeisteren hadde vunnet alle dei reide Pengar, der var; daa fyrst sende han Borgfuten til Kapteinen fyr aa mella Røvarbrudi. Men i Millomtidi vende Vaktmeisteren utan Naade Samtalet soleids, at dei tok til aa røda um Rabners Avretting, og det gav Folki Tilføre til aa fortelja fæle Sogur um alt det Skrymt, som hadde voret høyrt elder sett ved Rettarstaden aat Byen.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 10.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum