Stavanger

 
(Brev).
 
Eksisen paa Madla-Sletta slutad med Mynstring fyr Brigadesjefen Oberst Wergeland den 1ste og 2dre Aug. Veeret var kokheitt; men alt gjekk væl, og Obersten leet um, at denne Mynstringi var den beste, han hadde set her. Moen var full av Folk fraa ymse Kantar; 19 Mann av Kristianssands Brigademusik spilad.
 
Det ser ut til, at Madla vert Ekserplads Vonom lenger. Det er i Aar uppsett tvo Hus der til aa hava Herklæde og slikt i, som dei fyrr hev kjøyrt til Sandsnes og Stavanger. Det er og Snakk um at ein Bataljon til skal eksera her; daa vil det um nokre Aar verta ikr. 1500 Mann i alt.
 
- Miltbrand er ute att her ved Stavanger. Paa ein Gard heiter Kraako, dauad ei Ku; Mannen flaadde kui og grov henne ned i ein Mykdunge. Men sidan kom dei paa, at det nok hadde voret Miltbrand detta, og dermed fekk Dyrlækjaren Kui uppgravi att og nedlagd ein annan Stad. Men under detta Arbeidet vart Mannen, som nok ikkje var full-heil paa Haandi, fengd, og detta tok seg so styggt upp, at han no ligg paa Sjukehuset og er aa kalla utor Vonom. Sidan hev det sturtat ei Ku til fyr denne Mannen.
 
- h.
 

 

Frå Fedraheimen 10.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum