Kristiania, den 9de August 1878

 
I "Dagsposten", som i den seinare Tid hev havt fleire gode Stykkje um Maalstriden vaar, skriv ein Innsendar um Bymaali: "Byarne er ikkje tekne med, rimeligvis av den Grund at Folk held danskt Maal og Bymaal fyr aa vera same Tingen. Det hev ofta voret sett fram detta, at det berre er Landsfolket, som lid under den danske Maal-Klemma, og at det vilde vera likso stor Urett mot Bybuarne, naar dei vart nøydde til aa bruka eit norskt Maal, som det er fyr Landsbuarne, at dei no lyt bruka det danske. Detta er daa ikkje full Sanning etter mi Meining og etter den Kjendskapen eg hev til Tingen. Bybuarne maa nemleg skiljast i tvo Bolkar. Fyr aa vera trygg skal eg her berre tala um Tilstandet i vaar gode By Nidaros. Den simple, lægre Bolken, Arbeidsklassen elder kvat de no vil kalla honom, talar ikkje Bokmaal, som og rimelegt er; for Størsteluten av dei er fyr lenger og stuttare Tid sidan flutte inn fraa Landet, maavita. Og tilmed dei "innfødde" av same Bolken talar meir norsk enn mange (kannhenda dei sjølve med) vil kjennast ved. - - Er enn ikkje Aalmugemaalet her ei Mynsterform, so er det daa ei av dei norske Former, um enn kannhenda ei av dei mest nedsleppte; og um det gagnlege i, at Undervisningi ved By-Aalmugeskulen heldst paa Barnets Heimemaal, kann eg ikkje tvila. Det hev vortet godkjendt mannjamt no som ei Skylda mot det norske Maalet aa ikkje gjera Narr av det i (Aalmuge-)Skulen, aa ikkje med Spe avvisa eit Svar, som eit Barn kjem med paa sitt Bygdemaal. (Annat kann Ein iallfall ikkje segja høgt). Ja tenk, norskt / Maal skal verta tolt i eit norskt Barns Munn, som ikkje hev høyrt nokot annat Maal! Hev du, norske Aalmugemann, høveleg takkat dei "Dannede" fyr ein so stor Godvilje, ei so stor Uppoffring? - Dersom det ikkje var so syrgjelegt, so upp-argande, so vilde det vera i høgste Maate flirande aa høyra, at Aalmugeskulelærarar fær slike Formaningar. Og endaa vert kannhenda ikkje den Fyreskrifti til Fullnad fylgd. Væl skulde Ein tru, at Lærararne med Fysnad vilde taka imot eit slikt Løyve og bruka det so langt og so vidt dei kunde, daa dei sjølve oftaste høyrer til Aalmugen; men me hev no altfor mange Døme paa, at Bondegutar, som hev vortet nokot "meir enn Faer sin", hev vortet dei argaste Aristokratar." - -
 

 

Frå Fedraheimen 10.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum