Ferdasoga.

 
(Slut).
 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
Dei indre Bygder i Innherad er, som De veit, store, opne, rike og namngjetne. Men aa koma etter, korleids det stend seg med Aandslivet, er vandt um Sumaren; for "dei Bygdarfolk, dei Bygdarfolk, dei hava so strævall ein Sumarsbolk." Maalsaki, som eg ikkje kann annat enn setja i Samband med Upplysning og Aandsliv, var det mange, som tok til aa skyna no, men det var ogso ymse, som ikkje hadde nokot Vit paa henne, elder som ikkje likade "Strævet." Millom deim var ein Lensmann, som eg ikkje hadde sett paa ei 20 Aar, men som eg fraa fyrr kjende som ein Heidersmann. Eg vitjade honom, og me rødde eit Bil um slike Ting, som fell seg, naar Ein ikkje hev sett einannan paa so lang Tid. Men so slog Lensmannen braadt um i ei onnur Gata, daa den angande Kaffien kom paa Bordet, og gav meg det endeframme Spursmaal, um eg var Maalmann, elder kvat eg meinte um Maalsaki. Daa eg sagde mi Meining, greinlegt, som eg plar, vart me strakst usamde, og han tok fram eit Blad, som kjem ut i Kristiania, og som kallar seg " Fædrelandet", til aa slaa meg med, og bad meg lesa det; for det hadde so grannt uttalat hans Meining, at det var som skrivet ut or Hr. Lensmannens eiget Hjarta. Eg kastade Augo paa det, og saag, at det, som stod i det Numer, han lagde fram fyr meg, var eit Uppkok av dei Motgrunnar, som eg hev høyrt dei hundrad Gonger fyrr, som Gong paa Gong er rivne ned, som likvel altid reiser seg paa nytt lik lernæiske Ormehovud, men som Ein daa ikkje lenger tarv møta med Motgrunnar helder. Eg fylgde Verten min ned til Sjoen, til Eimskips-Stoppestaden, og daa Skipet var seinkat vel ein Time, vart me sitjande der og rødde um Laust og Fast. For Uvenskapen var daa ikkje større, enn at me kunde røda med einannan. Millom alt det Andre bad eg daa Lensmannen merkja seg, at det var reint underlegt, at eit av dei allra fyrste Spursmaal, han gav meg etter eit tjugeaarigt Fraavære, nettupp skulde vera, um eg var Maalmann. For han hadde inkje Hugbod um, at eg stod paa den motsette Sida av honom i denne Saki, og eg hadde Inkje sagt, som kunde leida honom paa Spor etter di, daa eg hadde gjort meg Umak med aa tala Bygdemaalet der, som eg kjende fraa gamal Tid, nett som han og dei Andre i Bygdi. Av detta Hende dreg eg mine Slutleidingar, sagde eg; det viser, at Spursmaalet um Tungemaalet her til Lands, allvisst paa Landsbygdi, ligg ut yver Folk med ei reint onnor Vegt no enn fyrr, - at det et og grev seg inn paa Folk og ikkje gjev deim Ro, um dei nog so myket tek seg paa Tak imot det. Fyr 10 elder berre 5 Aar sidan vilde De, Hr. Lensmann, ikkje hava gjevet meg detta Spursmaalet! – Deri kann De hava Rett, svarade han, og eg heldt fram: Detta Tilfelle er so merkverdugt og slær meg soleids, at eg ikkje kann Annat enn kynna det aat Andre, eg kjem visst difyr til aa skriva det upp og setja det inn i eitkvart Bladet. – Gjerer De det, maa De setja det inn i eit Blad, som me les, sagde han. - Det kann eg ikkje lova, svarade eg, men vert det uppskrivet, so kjem det i "Fedraheimen", som er eit godt Blad, eit billegt Blad og attaat di skrivet paa Landsens eigi Tunga. De bør halda "Fedraheimen", Hr. Lensmann! Dermed er den Soga ute.
 
Paa Landsbygdi er det langt huglegare aa ganga i Kyrkja enn i Byen; Kyrkja stend oftast i den fagraste Deild av Bygdi, og Ein kjenner mest kvart Andlit, Ein ser; Kyrkjegarden gøymer Eins Kjenningar og Skyldingar, og det gjerer ogso sitt til aa lyfta Tanke og Hug. No hev me ogso der Prestar, som mannjamt preikar godt. At dei fleste elder imindsto mange av deim er ufolkelege, er ei onnor Sak, men det kjem daa som oftast ikkje fram i Preika. Enno huglegare vilde det vera i ei Landskyrkja, naar Prestens Tungemaal laag næmare inn aat Bønderne sitt. Den eine av dei Prestar, eg høyrde paa mi Ferd, skulde fara med aa tala Norsk og; han hadde imindsto kastat det gamal-danske "Faaresti" og brukte i Staden Ordet "Faare fold". Ved detta Brigde er altid nokot vunnet: det vert daa umoglegt aa halda Ordet fyr aa tyda den Vegen elder Stigen, som Sauderna gjeng etter, soleids som ein Prest eingong tydde Ordet "Faaresti" aat meg, men eg er likvel rædd fyr, at det ikkje var mange i Kyrkja hin Sunndagen, som skynade, at Prestens "Faarefold" skulde vera det same, som elles heiter Kvi elder Kru (Kruve). Det gamle Ordet gjev Høve til Mistyding, det er sannt, men det nye er uskynande; det er likso litet Norsk detta som hitt. Den Presten, eg høyrde preika Sunndagen etter, las upp or vaar nyaste Bibelumskrift Ordi: "en god, knuget og skuddet, og overflødig Maade skulle de give i Eders Skjød - - - Hvi ser Du Skjæven, som er i din Broders Øie - - -?" Um han sjølv skynade det, han las, veit eg ikkje – han tydde ikkje Ordi aat Kyrkjefolket -, men det veit eg, at baade eg og alle Andre, som var i Kyrkja, vilde hava havt likso lett og i ymse Stykkje lettare fyr aa skyna det hollandske: "eene goede, neêgedrukte, en geschudde, en overloopende Maal zal men in Uwen Schoot geven - - - Wat ziet gij den Splinter, die in Uws Broeders Oog is - - -?" Slik er vaar Bibelumskrift enno, ho er uskynande paa dei hundrad Stader og attaat di smaklaus; men det Norske Folk gjerer ikkje store Kravsmaal korkje til Klaarskap elder til Smak; det hev i detta Aar gjevet ut ein stor Sum Pengar aat det sokallade Norske Bibelselskapet til ved Sida av det Britiske og Utlendske Selskapet aa prenta uppatt desse Meiningsløysur og Smakløysur. Skal tru Folket vil vera likso viljugt til aa veita Hjelp aat eit nytt Bibelselskap – som snart maa faast i Stand - til aa umsetja Bibelen paa det rette Norske Tungemaalet? Me fær vona det!
 
Eg kann segja Dykk godt Nytt, Hr. Bladstyrar, fraa Skulelærarseminariet i Throndheims Stift. Fyrr hev der voret strengt forbodet aa bruka nokot Slag Bygdemaal ved Øvings-Undervisningi; men daa Odelsthinget hadde teket den Raadgjerdi, De veit, um Maalet i Skularne, fekk Lærlingarne strakst Løyve til aa velja, kvat dei vilde av Bokmaalet og Bygdemaalet, ved denne Undervisning, endaa imindsto ein av Lærararne, kannhenda alle, er reint imot Norsken og held Dansk fyr aa vera det Maal, som høver best i Noreg. Eg maa segja, at eg hadde ikkje vaagat aa vona so stor Loyalitet fraa den Kant; men den Læraren, som gav detta Løyve – han er uppvaksen i ein Embætteskrinsel og heiter Hannibal Hartmann – fortener stor Takk. Enn ved Hamar Seminarium daa? Ja, eg veit ikkje, kvat dei der hev gjort, men det veit eg, at Norsklæraren der – som er fødd og uppvaksen paa Landet og altso veit betre, Jens Jenssen heiter han – paa Skulelærarmøtet i Elverum gjekk rade Berserkargang mot Logforslaget og Odelsthingsavgjerdi um Bygdemaal i Skulen, sparkade, spennte og haadlog yver Maalarbeidet og dermed ogso yver dei 36 Thingmenn, som hadde underskrivet Forslaget, og yver dei 74 Odelsthingsmenn, som samrøystes vedtok det Forslag, som gjekk igjenom. Hr. Jenssen er no Fanateker i denne Vegen han, Stakkar; men han gjorde seg ogso soleids til Narr, at han fekk godtsom alle imot seg, og ikkje ein Gong Seminarstyraren, Hr. Saxe – som er ein klok Mann – fann det raadelegt aa vaaga Trøya si fyr Hr. Jenssen, vert det sagt.
 
A. H.
 

 

Frå Fedraheimen 10.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum