Eit og annat um Kristendomsstriden vaar.

 
V.
 
Kyrkja maa skiljast fraa Staten. Dersom ikkje Kyrkja sjølv løyser seg ut or Samfestet, so vil det koma den Dagen, at Staten høgg Bandet av. Staten vil meir og meir koma til Medvit um, at han er grodd av ei onnor Rot enn Kyrkja og hev andre Fyremaal enn den, so han vil kunna arbeida best utan det Samfestet; og me ser, at Statarne alt no er komne langt innpaa denne Tanken.
 
Mange finn, at Tanken ikkje er hyggjeleg, og det kann so vera. Det er greidt, at det hev fylgt sumt godt med Samfestet millom Kyrkja og Stat, hellest hadde det ikkje haldat seg uppe so lengje; det er daa og greidt, at naar Samfestet vert løyst, so vil Ein i ymse Maatar tapa ved det. Men det gjeld her som altid i Soga, at Verdi gjeng ikkje just etter det, som Folk finn er mest hyggjelegt, men meir etter det, som er sannt og rett, og det plar daa jamt syna seg, at um ei Nyskiping fører med seg sumt leidt, so fører ho paa den andre Sida med seg ymist, som er godt, ja likso godt, og betre, enn det som vart tapt, so at Ein altid tilslut lyt segja med Terje Viken: Godt, kannhenda, det gjekk som det gjekk. Der er no den Visdomen i Verdi.
 
Alle er i Grunnen samde um, at det var til Skade fyr Kristendomen – um enn til Bate fyr Verdi -, at Konstantin gjorde honom til "Statstru." Og det er rimelegt nok; for aa gjera Kristendomen til Statstru, det var i Grunnen aa gjera honom til Heidendom, til eit "Rike av denne Heimen." At det kunde bera til, kom seg av, at Kristendomen hadde mange store menneskelege Tankar, som Staten trong um og som maatte inn i Heimsens aalmenne Liv og Kultur; og fyr aa kunna gjera sitt Storverk her maatte Kristendomen finna seg i aa gjerast um til ei verdsleg Riksmagt. Men at sjølve den kristelege Tru vart Statstru, det var ei uendeleg Lygn, som maatte hemna seg. Og Straffi kom. Hamkristendom og Lygnkristendom paa den eine Sida og den fælaste Aandstvang paa den andre Sida, det vart Straffi; og dersom den Setning er sann, at den verste Straff ei Synd kann faa er, naar ho driv Syndaren upp i nye og endaa verre Synder, so maa Ein segja, at Straffi her ikkje kunde voret verre. Hyklarskapen og Aandstrældomen, desse Heimsens fæle Aalmannsynder, hev gjort Millomaldersoga til ein sann Myrkeheim. Og me sit midt uppi desse Synder den Dag i Dag.
 
Naar Stat og Kyrkja vert skilde, so fær denne Lygni ein Ende; Kyrkja vert fri, og Heimen vert og paa sin Maate fri. Kyrkja vert daa det ho etter Jesu Ord skulde vera: eit Ljos, eit Salt, ei Magt i denne Heimen, men ikkje ei Magt elder eit Rike av denne Heimen. Ho kjem til aa draga til seg "alle, som arbeida og er nedtyngde", d. e. alle, som med Sanning kann taka imot Kristi Tru; men dei andre let ho ganga sine eigne Vegjer. Aa draga Folk i Dungevis upp til Altarne, fyrr dei enno er til Skils Alder komne, og tvinga dei til aa "avleggja Vitnemaal" um si kristne Tru, som dei oftaste ikkje hev, og tvinga dei til aa binna seg med Haand og Munn til denne Trui, som dei jamt er for unge til aa skyna Aalvoret i og Meiningi med, det vert raadlaust daa. Lika eins aa driva Folk i Hopetal der upp fyr aa "eta og drikka seg sjølve til Doms", som dei Fleste maa gjera, etter Kristendomens eiget Ord, elder aa forlata Synder i soknevis, anten so Folk angrar elder ikkje, elder aa paatvinga Egtefolk "Vælsigning", um dei so korkje vil hava henne elder er verde aa faa henne, - all slik Lygn vert det daa ein Ende paa. Hyklarar og Hamkristne vil væl finnast so innimillom; men um dei finnst, so vert det dei sjølve og ikkje Kyrkja, som fær bera Andsvaret fyr Lygni.
 
Paa den Maaten vert her ikkje so mange gode Preste-"Kall" og hyggjelege Prestgardar; her vert ikkje slik ein vis Administraition, som flyt Prestar fraa "Kall" til "Kall" liksom Brikkur paa eit Dambrett, ikkje etter som dei er gode Kristne og gode Hyrdingar til, men etter Alderen og Eksamenskarakteren; den Reknemaaten, at di betre Løn di betre Prestar, kjem reint or Moten, og det kann tilmed henda, at sjølve den theologiske "Vitenskapen" døyr ut. Prestarne fær ikkje heita "kongelege Embættsmenn" og ikkje regjera yver ein Flokk Skulemeistrar etter den Logi "Hauk yver Hare"; det kann endaa henda, at dei vert nøydde til aa vera "folkelege", nøydde til aa tenkja og tala so Folk skynar dei, og nøydde til aa vera "Tenaren" istadenfyr "Herrar", og dei kjem ikkje lenger til aa føra det store Ord i Morgenbladet. Det vert eit Vaaga Spel, eit "Offer", aa velja Prestvegen, og den, som vaagar Varpet, kann aldri gjera det fyr aa faa Livebraud; tvertimot, han lyt visst ofta fylgja Paulus sitt Fyredøme og læra seg upp til Tjeldmakar elder slikt, so han kann livnæra seg sjølv som ein annan Mann. Det vert i det heile strengt aa vera Prest. Han vinn berre ein einaste Ting: Sanning i sitt Yrkje, og han fær berre Eit aa lita paa: den Gud, som han er Tenaren aat. Kyrkjefolket kjem sjølv til aa velja sine Prestar. No er me so rædde desse theologiske Partistridar, at me torer snaudt gjeva Folk denne Valretten, og i det kann me hava Rett. Men daa fær visst Kyrkja ymist annat aa tenkja paa enn aa slaast med seg sjølv, og dei ymse Serlag, um dei finnst, kjem væl til aa maatta tola kvarandre, um dei enn ikkje er so samde um kvart Ordet liksom Skulegutar um ei lærd Leksa. Den gamle Læra, at Kristendomen er Liv og at det kristelege Liv er Kjærleik, lyt visst daa koma upp att etter den lange Gløymsla.
 
(G.)
 
( Meir).
 

 

Frå Fedraheimen 10.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum