[Notisar]

 
Dei norske Songarar song i Theatret i Havre fyr fullt Hus og stort Samtykkje. Etterpaa fekk dei av Songarlaget i Havre ein stor gylt Krans av Eik- og Laurbærblad med Paaskrift: "La societé chorale La Lyre Havraise 2 Août 1878 á la societé chorale des étudiants de Christiania." – Daa dei kom heim (um Onsdagen), heldst det Fest fyr dei paa "Tivoli" (Klingenberg).
 
Eksamen Artium. Andre Uppgaava i Stil: "Ludvig Holberg og hans Betydning for Samtid og Eftertid."
 
Fesjaa ved Moss. Hestarne var jamgode men dei som vart framsynte ved Fredrikstad ifjor, Stutar og Kvigur væl so gode, men Mjølkekyrne nokot laakare. Ikring Fredriksstad hev dei eit godt Buslag "Thorsø-Nasen", som gjev framifraa gode Mjølkekyr.
 
Paa Holdaassætri ved Steinkjær tok ein Bjørn paa dei tvo Sætergjenturne der og beit den eine i Nakken, den andre i Ryggen og Armen. Dei hadde endaa so mykje Samling, at dei dreiv Buskapen inn i Fjoset, fyrr dei tok til Bygdar; men det var so vidt dei naadde fram til Folk. – Dagen etter skal fleire Bjørnar vera sedde ikring den same Staden.
 
Tvo Smaagutar i Grungedal i Thelemark var uppe paa ein høg Fjellknaus og reiv Gras. Daa dei skulde heim, hivde den eldste ein Stein utfyre Fjelltrammen; den yngste vilde sjaa etter Steinen – og rauk so utfyre. Det var ikkje spyrjande um Liv; Beinskaali ikring Heilen var reint sundkrasad; og Klædi var rivne av Kroppen; men underleg nok var Kroppen sjølv heil, aa kalla fyr.
 
Daa Prins Napoleon kom til Kristiania, var det sume Tankelausingar, som skreik Hurra fyr denne Mannen. "Berg. Tid." skreiv um detta og meinte at det kunde Kristianiafolket gjerna latet voret. Men Cornelius Steendahl forsvarar i Adresse-Avisa Hurraskriket med Nebb og Klo og meiner paa, at naar Napoleon kjem til Bergen, so vil han au ropa Hurra. – Det bør Cornelius Stenndahl hava Lov til.
 

 

Frå Fedraheimen 10.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum