"Skuledirektør Bonnevie - Bygdemaalet i Aalmugeskulen."

 
(Slut).
 
Det er fuldkomen rett, og eg trur, det vil sannsynleg ganga so, at Folkemaalet um ikkje so rett lang Tid fær like Gildskap med Bokmaalet. Likeins er det, etter mi Meining, sannsynlegt, at Folkemaalet deretter vil laupa av med den endelege Siger, fyrst i Bygderna, der Kravet er sterkast, seinare ogso i Byarne. Det er mange, som hev Von um det no, og bland deim ikkje faae, som hev Magt til ved Log aa gjenomføra det.
 
Denne Tanken er so klaar, at den toler heile Dagens fulle Ljos; og dei, som kjempar fyr den, kann alt no opet og greidt baade vedkjenna seg og arbeida fyr den. Det er Folkets Æra han vil, og han set ikkje til Fyremaal aa halda uppe eit Tilstand med tvo Tungur i kvar Manns Munn, den største Vansæld hjaa eit Folk. Onnorleids er det med Tanken aat Skuledirektøren; den toler knapt det fulle Dagsljos. Paa den eine Sida kjempar han fyr Bokmaalet, paa den andre Sida vaagar han seg ikkje til opet aa bera Herskjold mot Bygdemaali, elder reisa den sisste Krig, Avtyningskrigen. Av detta kjem Uklaarskapen i Fyredragi og i Avis-Artiklen, av detta Sjølvmotsegnerna, endaa hjaa Skuledirektør Bonnevie, som elles evlaust er ein dugande Mann.
 
Men korleids skal Lærararne paa Bygderna bera seg aat i Maalvegen i denne Tid?
 
Eg trur daa fraa mitt Standpunkt, at det vil vera best, at Bygdelærararne ikkje gjev seg i Kast med det Herkulesarbeid, som til dessa i so mange hundrad Aar ikkje hev lukkadst, endaa Folket fyrr hadde mindre Skyn paa ei slik Sak enn no, nemleg aa tyna Bygdemaalet ved stendig aa nøyta Bokmaalet sjølv i Talen. Tvertimot bør dei hævda Folkemaalet i all sin Tale, bruka det yver alt, der det berre etter vaart gjeldande Logverk let seg gjera, læra seg aa lesa det og skriva det og likeins læra andre Bygdefolk det same, so vidt dei vinn. Paa denne Maaten vil Folkemaalet faa si Dyrkjing og Utvikling og Skilnaden millom Bygdemaali jamnast ut, eit Arbeid, som fær stor Studnad i den lettareSamferdsla millom dei ymse Landsbolkar i vaar Tid. Paa fleire Stader gjev Lærararne Borni aat dei Foreldre, som ynskjer det, serskild Undervisning i aa lesa og skriva Folkemaalet, og det er eit Fyredøme, som Ein tryggt kann taka etter.
 
I Skulen bør Borni faa so myken Kunnskap som mogleg i Bygdemaalet elder deira eiget Maal. Det bør aldri talast Dansk millom Born og Lærar: Bibelsoga vert fortald i Bygdemaal, Fedralands- og Heimssoga likeins, Geografi, Naturkunna, alt, som Borni fær høyra gjenom Talen, elder som vert gjenomfaret mundtlegt i Fyrevegen, gjev Læraren i Bygdemaalet. Soleids gjere mange Lærarar alt no. At Borni maa lesa etter heime i ei dansk Bok det, som dei i Skulen hev høyrt paa Norsk, er visstnog eit Vanhøve, eit Lyte, men likvel det mindste av tvo. Sume Lærarar hev eg høyrt diktera borni ei liti Lærebok paa Landsmaal i eit elder fleire Fag, til soleids aa beinka litigrand paa detta Vanhøve; betre vilde det vera, um me fekk nokre faae folkelege Lærebøker i Landsmaal i nokre Fag fyr det Fyrste; det vilde skapa større Einskap. Borni maa, soleids som Saki no stend, læra aa skyna Bokmaalet, soleids at dei kann lesa og skriva det nokorlunda rett. Det gjerer Kvar og Ein so godt, han kann; men eg meiner, at det er høgst urett og reint meinsamt aa bruka nokot Slag Taleøvingar i Bokmaalet; for derved vil den Norske Maalsansen avdøyvast og tynast, um elles nokot er aa vinna ved slikt.
 
Skuledirektøren hev i sin Artikel forklarat, naar det er, han hev rettat paa Lærarens Tale, og soleids hev han og gjevet Folk Høve til aa døma um hans Framgangs-Maate i denne Vegen. Av det, som ikkje stend, kann Ein skyna, at Skuledirektøren ikkje rettar paa ein Lærar, som brukar Bygdemaal under heile Undervisningi. Detta maa vera ei god Rettleiding. Derimot kann eg ikkje finna nokor Rettleiding i det fyrste Tilfelle, Skuledirektøren nemner som undergjevet Retting av honom. Det stend nemleg, at Skuledirektøren hev gjort seg Umak med aa retta paa Talemaalet, "naar eg (Skuledirektøren) høyrde Læraren bruka Bokmaalet aat smaae Born, som enno ikkje ved Lesning hadde lært det aa kjenna." Skuledirektøren segjer altso her, at Borni fyrst bør læra aa kjenna Bokmaalet ved Lesning, fyrr Læraren kann bruka det aat deim. Men korleids heng detta saman med hans Plan, som er byggd paa, at det er lettare aa taka aat med aa tala det enn med aa "lesa det," og paa den Tanke, at Borni "vil fraa Fyrst av lettast læra Bokmaalet gjenom Øyrat og ved Taleøvingar"? Det tykkjest meg klaart, at Skuledirektøren her er reint umogleg aa gjera til Lags: Tek Læraren aat med aa tala Bokmaalet, fyrr Borni kann lesa, daa rettar han paa Læraren; byrjar Læraren med aa lesa Bokmaalet, fyrr Borni hev lært detta gjenom Øyrat og ved Taleøvingar, daa er det i Strid mot Skuledirektørens Plan, og han uttalar Misnøgje elder Sorg yver det – "dette beklager jeg". Kvat er Meiningi? - - Av det, som ikkje stend i Skuledirektørens Artikel, torer Ein vel ogso draga den Slutning, at Skuledirektøren ikkje rettar paa ein Lærar, som brukar Bokmaalet, naar han underviser eldre Born. Det er ogso rimelegt fraa Skuledirektørens Standpunkt; men det vil verta umbrigdat, naar Odelsthingsraadgjerdi kjem i Verk. Av det, som stend i Artikelen, ser Ein, at Skuledirektøren rettar paa ein Lærar, naar han "ved bibelske Forteljingar brukar platte Umskrivningar i Bygdemaal av Herrens eigne Ord." Med Herrens eigne Ord meinest vel heile den heilage Skrift. Denne er no, som aalkjend er, upphavleg skrivi paa Tungemaal, som er langframande fyr oss. Skrifti er i dei seinare Tider umsett paa dei fleste Tungemaal i Heimen, likvel ikkje paa Norsk. Ikring Aar 1300 vart det visstnog gjort eit Tiltak til eit Slag Bibelumskrift, Stjorn (Styre, Guds Styre?) men den inneheld berre dei historiske Bøker i det gamle Testamentet og er dessutan skrivi paa Landsmaalet i ei so tidleg Tid, at Ein maa studera sjølve Maalet til retteleg aa skyna Boki. Sidan den Tid er Inkje nokot av Bibelen umsett paa Norsk, naar Ein undantek smaae Stykkje: Markus' Evangelium, Bergen 1870, og Johannes' Evangelium, utgjevet i Kristiania, um eg ikkje missminnest, 1871. At Lærararne i Bygderna fortel Bibelsoga i Folkemaalet, er naturlegt, og paa det hev vel Skuledirektøren helder ikkje Nokot aa segja; Herren skal daa dyrkast i alle Tungemaal, og Bibelen inneheld Ingenting, som viser, at det Norske Maal er udanteket. Men "platte Umskrivningar" maa Ein ikkje bruka. No er det likvel ei audkjend Sak, at det skal stor Maalkunna til fyr aa døma rett, um ei Umskrivning i eit Maal, som "stend fyr Ein som eit framandt Maal", er platt elder ikkje. Det, som er fagert og ædelt i Bokmaalet, kann vera haldet fyr "platt" i Bygdemaalet, og det, Ein held fyr aa vera "platt" i Bokmaalet, kann vera "ædelt" i Bygdemaali. Til altso aa kunna komma til Vissa um, kvat som i Bygdemaali er "platte Umskrivningar" av Herrens eigne Ord, maa Ein hava studerat desse nøgje, ovleg nøgje, so nøgje, at eg er rædd fyr, at det oftast ikkje er mange andre enn Bonden sjølv, som kann avgjera den Sak. Ein tilgjort (affekterad) Bymann vil segja, at det heile Folkemaal er platt. Eg trur difyr, at det vil vera ovleg kjærkomet fyr Lærararne, um Skuledirektøren vilde segja fraa, kvat han meiner med platte Umskrivningar paa Bygdemaalet, elder kvat han legg til Grunn fyr sin Dom um detta, - um han meiner, at Lærararne bør halda seg til det Ordforraad og den Kritik, som Ivar Aasens Arbeid tilbyd, og som er gjenomført i Landsmaalsliteraturen. Finnst det i Umskrifterna av Markus' elder Johannes' Evangelium slike "platte" Ting? Elder kann dei fyr den Skuld gjevast Lærararne til Rettesnor ved Sida av den mundtlege Undervisning? Ein hev so myket større Grunn til aa beda Skuledirektøren um ei slik Upplysning, som det segjer seg sjølv, at Lærararne gjerna vil stella seg slik, at dei slepp aa verta rettade paa.
 
Det kunde vera myket meir aa segja um denne Saki, men fyr Skuld mi Tid og til ikkje aa trøytta dei gode Lesarar lyt eg tversluta her, med di eg vil uttala den Von, at ogso vaar Intelligens maa faa magt til aa fri seg fraa dei Fordomar, som til dessa hev støytt deim burt fraa retteleg aa skyna denne Saki; at det maa koma større Klaarskap i Uppfatningi hjaa deim, som stend i Brodden fyr Skulestellet paa Bygderna, og at dei yngre Studerande vil stella seg paa Maal-Sida i Flokk og Fylking og med Kunnskapens Magt og Ungdomens Varme hjelpa alle deim, som no arbejder paa ei Reisning av eit nytt Nationalmaal. Naar desse Krafter nemleg slær Lag med deim, som alt er i Arbeid, vil den Dag enno snarare koma, daa Noreg ogso i Tungemaal og Bokavl er eit fritt og sjølvstendigt Rike.
 
Til sisst berre eit Par Ord til Verjing mot Mistyding. Under Arbeidet med aa skriva detta hev det altid voret klaart fyr meg, at den, som er Skuld i, at eg skriv detta, nemleg Skuledirektør Bonnevie, baade etter si Stilling og sin Dugleik i so mange Greiner av Undervisningi hev Krav paa Vyrdnad og Æra; men paa den andre Sida hev eg ikkje tort setja detta Avsyn yver dei Krav, som eigi Tru i denne Sak og Kjærleik til vaart fagre Folkemaal hev sett, og det vil eg vona, at helder ikkje Skuledirektøren vil hava imot meg fyre.
 

 

Frå Fedraheimen 10.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum