Svart-Peter.

 
(Umsett fraa Tysk.)
 
(Framhald.)
 
Kapteinen var ør av Sinne. "So skal daa Ein stupa!" skreik han; "Svart-Peter elder eg! Heretter vil eg aldri spara nokot Mannsliv, so skal eg fulla ein Gong vinna fram til den Djevelen!" Borgfuten raadde honom til aa senda Bod etter Borgmeisteren i Byen. Han so gjorde, og so forkynnte han honom, at paa den eine Sida vilde han tvidubla den Prisen, han hadde sett paa Hovudet hans Svart-Peter, men paa den andre Sida lovad han og ut, at dersom ikkje Byen innan aatte Dagar gav honom Vitskap um Svart-Peter elder Smettet hans iminsto, so vilde han halda sjølve Borgmeisteren fyr Helar og hengja honom upp. – Og so gav han Borgmeisteren ei Vakt, som skulde fylgja honom Fot og Fet og aldri sleppa honom utor Augom.
 
Det vart stor Hugsott i Byen, daa dette spurdest, allvisst daa Røvararne no syntest aa ha vortet so djerve, at det bar reint utor. Ekkja etter den myrdade Kaupmannen hadde Liket til Jordi med all Velsemd; dei fleste Bymenn fylgde; for den ulukkelege Ekkja fann aalmenn Medhug, og det so myket helder som den vesle Byen kunde venta seg ein Lagnad av same Slaget. Borgfuten og hans Son hadde ogso fylgt Liket, og Kapteinen var aaleine med den gamle Kona aat Borgfuten. Med Eitt høyrde dei tunge Fotslag utpaa Gangen; den gamle Kona sette i eit Illskrik og læste seg inne i Kleven, og i Stova aat Kapteinen steig det inn ein stor Mann i ei sid Kappa med svart yvet Haar og ei svart fælsleg Grima fyr Andlitet.
 
"Du leitar etter Svart-Peter?" – so tok han til Ords; "her stend han fyr Augo dine; sjaa no til Gagns paa honom, so du kann kjenna honom att!" Kapteinen vilde fljuga upp og taka Pistolarne sine; men den laake Foten vilde ikkje, og Svart-Peter drog ein stor Kniv fram undan Kappa, - det var ingen Veg aa koma. "Sit still, din gamle halte Hare!" ropad han; "no er du min; eg kunde slagta deg som ein Bukk, men det bryr eg meg ikkje um; eg vilde berre te meg fram fyr deg og segja deg det, at agtar du deg ikkje betre ein annan Gong, so skyt eg ikkje Hesten under deg, men deg paa Hesten!" Dermed støytte han Sessen og den unøytuge Kapteinen ikoll og skundad seg utor Stova.
 
Denne Tilburden vart snart spurd i Byen. Dei gode Borgarar var reint forstøkkte. Daa hittad Borgfuten paa ei Raad: nokre av dei Likaste skulde kri paa Borgmeisteren, at han skulde kalla alle Borgarar til Things paa Torget, og, medan Folki var burte, rannsaka alle Hus, og Ingen maatte faa vita av det fyreaat; det var visst ikkje annan Utveg – sagde han - til aa faa Njos av dei, som var med i detta skamlege Røvarlaget. Dei gjekk daa til Borgmeisteren, og Borgmeisteren totte, det var ei glup Raad. Han søkte Kapteinen i Løynd og bad honom hjelpa til med Herfolk aa forfara Husi i Byen, og daa Borgfuten ogso størde til, fekk han ikkje berre Samtykkje av Kapteinen men og ein liten Herflokk til Hjelp.
 
Tidleg ein Morgon gjekk Trumma og skræmde Borgararne upp or Svevnen. Dei skundad seg til Torget, for dei trudde, Røvararne hadde brotet inn, og at det galdt aa verja Byen; men dei slo seg snart til Tols att Alle saman, saag det ut til, daa Borgmeisteren fortalde, kvifyr han hadde kallat deim saman; for endaa um Herfolki kringsetteTorget og Borgmeisteren foor avstad med ein Herstyrkje fyr aa rannsaka, so syntest likevæl Ingen aataka nokon Otte av det; det var fulla Ingen, som kjennde seg sakad.
 
Borgmeisteren tok Saki aalvorsamt, han sparde ikkje nokot Hus, og let nøgje forfara i kvar ei Kraa; men det fannst ingenstad nokot aa taka Mistanke av. Til Slut kom dei og til det vesle Huset aat Ekkja Rabner. Son hennar var ein ung fljot Kar og kjennd fyr ein fagna Mann. Han var Snikkarmeister og hadde ved Trott og Dugleik arbeidt seg upp til Velstand. Han hadde nyleg fest ei fatig, ovfager Gjenta. Det var nok ogso mange andre Unggutar, som hadde bodet si gode Æra til; Folk vilde jamvel hava det til det, at Judith kunde vortet Sonarkona aat Borgfuten, hadde ho ikkje havt Snikkarmeisteren kjærare enn baade Jobst og alle hine, um dei var aldri so fornæme. Ogso her steig Folki inn. Gamlemoer let viljug upp alle Rom fyr deim, synte deim ogso Verkstaden og Sengjekleven aat Sonen; ho var so trygg fyr Guten sin. Men ho vart snart rivi utor Sorgløysa, for best det var, tok Vaktmeisteren i ein fæl Kjøteid – han drog fram ei svart Haarhetta og ei svart Grima, som var gjøymde langt nedi Sengjehalmen. Moeri var reide til aa siga i Jordi. Det vart sett Vakt um Huset, den unge Rabner og Moer hans vart sette og kastade i Fengsel; for Kapteinen kjennde att baade Haarhetta og Grima; det var dei same, som Svart-Peter sjølv hadde synt seg fram fyr honom i.
 
Det var stor Fysna, fyrdi dei endeleg hadde fenget Fingrarne i den fæle Brotsmannen, endaa det var mange rettenkte Folk, som totte Synd i den unge Rabner og ikkje kunde skyna, korleids slik ein raust og strævall Mann som han kunde vanvyrda seg paa den Maaten og taka til eit so skjemmelegt Handverk. Men i Gjestgjevargarden sat Raud-Jobst saman med Austrikingarne og nokre gode Vindrikkarar og synte deim tydeleg, at Rabner kunde ikkje paa annan Maate ha komet til slikt urimelegt Velstand, og at det var rett ei Guds Lukka, at dei vart kvitt ei slik Menneskja fraa Byen. Ja, det var visst og sannt, meinte Sellarne fullt samheldige; dei berre undrad seg paa, at dei ikkje hadde teket Mistanke longo sidan, og so rødde dei saman um Avrettingi, som visst var ventande um ikkje so rett lenge.
 
Judith, den stakkars ulukkelege Gjenta, hadde trengt seg fram til Kapteinen. Ho vissad, at Festarmannen hennar var uskyldug; ho bad paa sine Kneum Naade, elder um ein rettvis Etterrøknad iminsto, og at Domen maatte verta avdrygd. Det var Alt saman faafengt. Kapteinen var for viss paa, at han hadde funnet Brotsmannen; Haarhetta og Grima var for uratande Vitne. Taarerne og Bønerne aat den fagre Gjenta rørde honom; men hans eigi Æra stod paa Spil, og han var rædd, han skulde falla i Unaade hjaa Kjeisaren; difyr kunde han ikkje koma til onnor Avgjerd, enn at han maatte leggja Svart-Peter, som han trudde det var, paa Pinebenken og truga honom til aa standa til og opendaga sine Felagar, og so lata honom retta. Borgmeisteren samtykkte og i denne Raadi, for hans Liv og Daude stod ogso paa det, at Brotsmannen vart fakkad; jamvel Borgararne døyvde meir og meir Medkjensla og Rettvisa i seg, og Ekkja etter den drepne Kaupmannen kytte endaa paa aa søkja Kjeisaren, soframt dei ikkje her vilde hævda den strengaste Rett.
 
( Meir).
 

 

Frå Fedraheimen 07.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum