Skule og Upplysning.

 
Um vår lærar-utdaning.
 
(Av T. O. Gran.)
 
I.
 
Då eg etter avgjord eksamen i sorgmodig gleda drog frå seminarskulen med min vesle pank av loslitne klæde og skitne bøker, so trøystad eg meg med den tanken, at eg då no hadde fenget ei god upplæring og var dugleg-gjord til det yrkje, som eg var meint å gagna samfundet med, og som attåt skulde gjeva meg livemåten. Men alt den gongen kjende eg, at eg saknad mykje av den kraft og det sjølvstendige syn, som åleine kann gjera mannen sterk til å taka upp striden mot dagsens trældom, og detta farande fyresviv hev sidan stadfest seg til full sanning i meg, etter kvart som mine synsmåtar og mi yvervitning hev mognat. Eg ser no klårt, at dei stakkars tvo åri paa seminarskulen er reint for stutt tid til å gjeva ein mann den utdaning, som han treng fyr å kunna greida ein lærars gjerning. Den, som kjem inn der med liten fyrekunnskap og er lite og inkje skuletamd, han kann i desse tvo åri ikkje eingong halvveges melta elder gjera godt av den ovmengd av "lækkre saker", som der bydst, um han so hev nokso godt både vit og vilje. Det trengst, meiner eg, mindst ei læretid på 3 år, um det skal muna. Men med denne tøygjing av tidi tarv det ikkje fylgja nokor vidare vidking av fag-krinselen. Dei unge menn, som vert sende ut yver landet som lærarar fyr den framveksandeætt, må sannsagt hava gjort nokot meir enn berre "luktat på" det lærdoms-to, som dei hev fyr seg paa på seminarskulen; dei må få eigna det til seg, so dei rår med det; men det hev dei til dessa ikkje gjort utan stykkjevis. Dertil maa seminar-læraren få meir tid å gjera med, dersom han skal få skipa si undervisning soleids, al dei praktiske fyremål og kann koma til sin rett og få si fulle tydning. Læregutarne må få tilhøve til meir sjølvstendig tenkjing og til målgreiding av sine tankar både med munn og penn.
 
Eg vilde at soga og naturkunnskapen skulde få meir dyrking enn fyrr. Desse fag er framifrå gode til å skapa fyresyningar og tilføra tanken emne til sjølvstendig verksemd. Dessutan er kjennskap til vår herads- og riksskipnad, altso til dei vigtigaste loger, iser grundlogi, ikkje einast ynskjeleg, men heilt upp naudsynleg; det er i den vegen, at lærararne no um dagen mest syner fram si fåkunna fyr ålmugen. Endeleg må ein på seminariet få tilhøve til ei meir grundig læring av moersmålet. Dei hev talat um, at Gamall-Norsk skulde takast upp der som valfritt fag; eg meiner det burde vera fast; for einast på grundlag av Gamalnorsken kann ein tilgagns få tak på det nyare mål frå roti av og ut i dess greiner og toppar, so ein kann verta god-til å skilja ut alt det "blandingsgods", som i dei framfarande tider hev snikt seg inn i Nordmannens Mål-Eden og gjort ei røra, som ein ikkje kann få skikk paa att, utan ein tek fast méd etter det gamle. Å reisa vårt skrift-og talemål og gjeva det att dess upphavlege nationale lag, det bør vera ei folkesak, og kann verta det med, når landsens lærarstand fær upplæring i den leid.
 
Væl drivst ikkje seminar-undervisningi reint på pugg no lenger; men læresveinarne må då ausa sin meste kunnskap or bøkerne. På den måten kann ein nok i ein hast ruska i seg ein hop kunnskapar; men den fulle til-eigning gjeng det seinare med, so dei sidan må stræva lengje på fri hånd, fyrr dei fær det rette lag til å læra frå seg til andre. Her, i denne halv-meltade bokkunnskapen, er det nok, at "hunden ligg nedgraven" som dei segjer, og frå detta er det nok helst det er komet det kjende ordet um "skolemester-karrikaturer" og "halvstuderte røvere". Når nemleg guten kjem frå heimen og so brådstuper seg uppi all denne boklærdomen, som ofta er honom so framand både i tanke og mål, kann det væl henda han fær i seg både mang ein skakk tanke og mang ein underleg talemåte, som lett gjer honom til "karrikatur" (narr), dersom han med elder mot sitt vitande nytter slike tankar og talemåtar til eiget bruk. Stil og tale kjem so lett på styltur, og tankarne smakar ofta so altfor sterkt av boki. Eg kjende sjølv nokot av detta, når eg t. d. skulde skriva stil, og fekk endaa ein merknad um det av læraren; og slikt er ikkje so lett å vinna yver att. Sjølvarbeid kann i detta som i alt annat vera godt; men då ein altid hev mindre godt fyr å sjå "bjelken i sitt eiget auga", av di vanen hev slik ei stor magt med oss, so treng ein rettleiding, og den kunde ein få ved seminariet. Difyr burde sveinarne få tilføre til å skriva ei mengd av stilar, halda frie fyredrag yver ymse emne og utføra fleire undervisningsprøvur, enn dei no fær, og so få skipa og styra undervisningi ved øvingsskulen på eigi hånd eit nokot lenger bil um gongen. Det er sjølvsagt, at alt detta måtte gjerast under kunnugt tilsyn og venleg rettleiding.
 
Det vert no fyr tidi ført ein ikkje liten strid mot denne åndsfortærande utanåt-lesing elder "pugg-lesing," som det no rettast heiter. Det vert sagt, at talen er den rette bodberar frå åndheimen, bil bøkerne er berre naudtrengde hjelpegreidur fyr skulen og helst fyr heimen. Andre meinar nokot annat att, og stend på, at borni "litet lærer," når der vert "talat for mykje" i skulen. Der er eit grand sanning i detta påstandet: våre lærarar kann ikkje undervisa gjenom det frie ord, av di dei aldri hev lært det. Gode lærarar, som på andre måtar er komne etter kunsten, dei segjer plent det motsette, - utan at dei med det vil syna nokon vanagt fyr bøkerne. – Det svenske bladet " Folkskolan" skreiv i 1875 um, at dei svenske lærarar ikkje helder kann med å fortelja og gav grunn fyr detta soleids:"Orsaken dertill torde dock vara att søka i den omständigheten, att de senare aldrig fått tillfälle att øfva sig deruti. Om vid seminarierna man läte eleverne øfva sig att berätta(fortelja)och på ett klart sätt framställa sina tankar, vore dermed helt visst mera vunnet än med en massa dogmatiska operationer, som nu upptaga allt før lång tid."
 
[ Meir.]
 

 

Frå Fedraheimen 07.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum