Ferdasoga.

 
[Del 1 av 2.]
 
Paa ei Nordferd med Jarnveg og Eimskip er ikkje Høve til aa gjera store Røynslur. Likvel raakade det til, at eg ender og Gong vart nøydd til aa greida litetvetta upp i Maalvasen. For Maalsaki tøver Folk no meir og meir ihop, endaa um dei meiner aa halda seg henne fraa Livet. Tanken elder det, Folk held fyr Tanke, segjer Eit, Samvitet eit Annat, maa vita. Daa eg paa Jarnvegen, til aa trøyta Tidi, tok upp or Lumma nokre Numer av "Fedraheimen", tok ein Mann fraa Tynnset, som sat i same Vognen, og som kjende Bladet, seg til aa leggja ut um, at det var unyttigt Arbeid og reint faafengt aa tenkja paa aa gjera nokot ut av Norsken her til Lands. Upplysningi hadde teket soleids til i dei sisste 10 Aar, sagde han, at det, som kunde hava voret moglegt fyrr den Tidi, var reint raadlaust no. Mannen, som elles var vitug og tenksam, kunde ikkje skilja "Upplysning" og "Dansk" aat. Og det er fleire og lærdare Folk enn han, som ikkje kann det. Det Maal, Mannen sjølv brukte, var rett god Norsk, men han var likso sjølvfornegtande som ei Mengd andre Nordmenn; han vilde ikkje dyrka sitt eiget Maal. Reint umogleg var han likvel ikkje. Det, han hadde mest imot, var, at Norsken, soleids som han vert skreven etter normal etymologisk Skrivebruk, tarv fyr mange Bokstavar og Typer. Øydeleggja var for stor Øydsla med Bokstavar, totte han, men øleg kunde han vera med paa. Det hjelpte ikkje, at eg tok fram ei Mengd andre Ord, som er stuttare i Norsk enn i Dansk (mange Verb, allvisst sterke Verb i Præsens, mange Adjektiv og mange Substantiv med); han syntest ikkje hava nokot Skyn paa Rekning etter Mideltal og stod paa Sitt. Og daa eg tri Vikur etter var so heppen aa raaka honom att paa Tynnset Station og sagde honom, at eg i dei Throndheimske Fylke hadde funnet plent same Maalet, som var der i 1868, og at Upplysningi ikkje hadde teket burt eit einaste Ord, var det sisste, han lagde meg paa Hjartat: Gjer det stutt! Det maa eg skunde meg aa segja Dykk, Hr. Bladstyrar. For De kann fulla stytta eitkvart Ordet. – Øysterdalen hev sin største Fagerdom i sin Skog; ymse Fjell er ogso sjaaande, um Sætrarne og Sæterstellet vil eg ikkje røda; men fagre Bygder finnst ikkje i den øvre Deildi av Dalen, naar Ein berre undantek Tynnset. Paa den nørdre Sida av Dovrefjellet er derimot alle Bygder opne og fagre; det er ein annan Jordbotn der, og i dei øvste Bygder finnst ogso der Skog. Nedigjenom eit Par av desse Bygder reiste eg saman med Lensmannen og nokre av dei hævaste Bønder, som skulde taka Brandtakst yver Jarnvegsstationshusi. Desse Menn brukte ikkje aa lesa Avisur, men fekk sin Kunnskap um Hendingarne i Inn- og Utland anten av Lensmannen elder av Presten. Og Lensmannen nøytte daa Høvet til aa gjeva Mennerne Greida paa alt, som var hendt i den sisste Tidi, deribland Bjørnsons Brev til Sandberg. Det var tungt aa høyra, at den store Upplysningi, som Tynnsetingen nyst hadde rødt um, ikkje hadde ført lenger fram, enn at dei hævaste Bønder i ei Bygd endaa ikkje les ei einaste Avisa, ikkje eingong "Aalmugevennen." Betre Inntrykk gjorde nokre Gjentur, som fo'r med Jarnvegen upp fraa Holtaalen elder Aalen til Jensvoll ved Røyros paa Slaattonnarbeid; dei hadde vel helder ikkje leset Avisur, men dei song Songar or Ivar Aasens "Symra" – og det fagert, endaa i den Norske Vokalisationen og Ljoden av Ordi, so det høyrdest nett, som dei hadde lært seg til aa lesa Norsk. Skal tru, Tynnsetingen likvel hev Rett, nemleg soleids, at Upplysningi paa Norsk Maalbotn hev teket til i stor Mun i dei sisste 10 Aar hjaa Ungdomen? Eg spurde desse Gjentur, um dei hadde voret paa Folkehøgskulen, men fekk til Svar, at det hadde dei ikkje; dei kunde likvel ynskja, at naar Federne saag att paa Jordi, dei maatte kjenna sitt Folk og sitt Land.
 
Ein av dei nordanfjellske Stationar paa Røyrosbanen heiter Lang leite. I Framlag til Storthinget og paa Lysingar hev Styret sett Lang lete, men paa sjølve Stationen hev det latet maala Lang ledet. Naar Ein ser slikt, maa Ein harmast. Eg vende meg til ein av dei hævaste Menn i Bygdi, som samstundes var paa Stationen, med dei Ord: "Og detta toler De! Staden heiter Lang leite, og so læt De deim skriva Lang ledet?" - "Ja, det skrivst so", svarade Mannen, som endaa var Umbodsmann og las Avisur, men likvel ikkje hadde mindste Vismun i Namnebotsaki. Tarv kannhenda ikkje det Norske Folk Vekkjing? Er ikkje Skynsemdi paa og Kjensla fyr det Nationale paa Lag som hjaa Zulukafferen Uakjwapana, naar han læt seg døypa Nathanael, elder som hjaa Madagasfaren Ramansakonoso, naar han læt seg gjeva nytt Namn Johannes?
 
I Throndheim er Domkyrkja liksom fyr 6-7 hundrad Aar sidan Valferdstad aat alle Ferdamenn, Inn- og Utlendingar. Engelske Turistar vil skaffa Vindaugo, som høver aat det gilde Byggverket. Bøtingsarbeidet gjeng visstnog helder smaatt, men er likvel komet so langt, at Ein no kann gjera seg upp, korleids Kyrkja vil koma til aa sjaa ut i det Indre. Myket av det indre Koret og det eine Sidekapell i detta (det, som Thomas Angell er gravlagd i) er ferdugt, og Ein kann ikkje segja Annat, enn at dei, som steller med Arbeidet, hev Æra av detta. Naar alt det, som enno stend att aa gjera, er ferdugt, vil det Heile verta ein Hugnad aa sjaa. – Eit Arbeid til er verdt aa sjaa i gamle Nidaros, eg meiner Hamnearbeidet. Den gamle Brattøyri er fyr nokre Aar sidan burtkomi; det vil verta vandt fyr Etterkjømdi, som les Sogurna, aa finna att den aagjæte Thingstaden. Og no vert Sjoen fyllt langs Nordsida av Byen fraa den fyrre Uppfyllingi i Aust – nord fyr den gamle Brattøyri – heilt til Ilen i Vest. Ein djup og breid Kanal skal ganga inn millom Uppfyllingi og Bryggjurna (Sjo-Pakkhusi). Av denne Uppfyllingi skal 130 Maal Jord verta avgjevne til Stationsbyggningar aat dei Jarnveger, som gjeng ut fraa Byen mot Sud og Aust. Men det vert endaa myket Land att til Byggjetufter. Muddermaskina, som er i full Gang no um Dagarne med aa grava Kanalen, gjerer sine Ting godt. Det tek ikkje lengere Tid enn 1 ½ Minutt aa taka upp fraa Sjobotnen ei 5-6 Hestelass, og berre paa nokre faae Dagar fyller dei eit stort Stykkje med Mudder - fin Sand -, som Maskina tek upp fraa Kanaldjupet. Innsida av Uppfyllingi – mot Kanalen - vert fyrebyggd med berre Paaleverk, men paa Utsida – mot Fjorden – tenkjer dei paa aa mura med Stein, som dei vil taka fraa Steinbrot i Ilsviki med Jarnveg, som vert lagd utyver Uppfyllingi fraa Aust til Vest. Det er eit stort Arbeid og kostsamt, men det vil gjeva Byen ei Hamn, som Ein skal leita etter. 4-5 Aar vil visst ganga med, fyr det Heile kann verta ferdugt, daa det allvisst skal lang Tid til aa byggja Mur paa Utsida av Uppfyllingi mot Sjoen. Kannhenda vert dei nøydde til aa mura paa Innsida elder mot Kanalen med, naar dei er ferduge med den ytre Muren; for Tre rotnar, som De veit, Vonom snøggare. Fraa Byen skal det byggjast Bruer yver Kanalen, Vegbruer og Jarnvegsbru fyr Røyrosbanen, og fraa den nordøystre Luten av Uppfyllingi Jarnvegsbru for Meraakerbanen yver Nea-Elvi. – Frosta er, som De veit, ei fager Bygd, og ho er attaat di merkverdug ved eit fagert blømande Aandsliv i vaare Dagar, som likvel ikkje er ny-pietistisk. I gamle Dagar vart Storthing haldet der, Frostathinget paa Logtun; no held dei Folkehøgskule i Kommunehuset tett ved Kyrkja baade Sumar og Vetr. I Sumar heldt dei Gjenteskule og lærde Gjenturna Rettskrivning etter Diktat paa Norsk, aa skriva Brev paa Norsk – eg saag Skrive- og Stilbøkerna og kann vitna, at det vandt finnst ein av kvart halve hundrad Studentar, som tek Eksamen i Gamal-Norsk, som kann skriva Nynorsk so lytefritt som desse Gjentur -, framleides aa elska sitt Fedraland, dess Soga og Skaldskap, rekna, syngja og attaat di aa sauma, hekla o. s. fr.; for dei hev Lærarinna der ogso. Det er likvel ikkje alle Forstingar, som trur paa Folkehøgskulen; sume av deim, som bur nede ved Holmberget elder i Smaalandsviki, og som livnærer seg ved aa draga Smaafisk elder ro i Skyts, hadde høyrt, at det var berre ein Eventyrskule; nei, daa var Underofficerskulen nokot heilt annat, meinte dei; for den som hadde gjengjet der, kunde verta Kontorist i Throndheim; slikt hadde hendt. Leksværingarne, som bur paa den nørdre Sida aat Fjorden – ei god Mil fraa Frosta – hadde meire Vit, sagde dei; for daa Lærararne ved Skulen paa Frosta tok seg ein Tur dit i Pintshelgi, var det nære paa, dei vart burtjagade. Eg fortalde ein av Høgskulelærararne detta, men han log og sagde, at dei vart overleg vel mottekne i Leksviki og vilde gjera Ferdi dit uppatt, naar dei fann Høve til det. Visst er det ogso, at ikkje mindre enn tri av dei hævaste Bønder i Leksviki hev havt Sønerne sine paa Frosta Høgskule og hev funnet, at Gutarne baade hev lært nokot der og fengjet Hug til aa læra meire heime, som dei ogso gjerer. I Leksviki finnst ymse Ny-Pietister- paa Frosta ingen -, og dei vil gjerna ikkje vita nokot av folkeleg Upplysning – Underofficerskulen og Skulelærarseminariet tykkjer dei um -; men det er helst Gutarne deira, som vil hava nokot med av den Upplysning, som Folkehøgskulen gjev. Eg nemnde Kyrkja paa Frosta; ho er ny, stor og rett fager til aa vera byggd av Tre. Ein Ting undradest eg paa likvel, at Namni paa Evangelistarne, som er maalade paa Preikestolen, skal standa i Genitiv, St. Matthæi, St. Marci, St. Lucæ, St. Johannis! Stend ikkje Presten, som er ein lærd Mann, Kyrkja og Kyrkjebyggjingi so vidt nær, at han kunde hava gjevet Maalaren naudsynleg Rettleiding i dei latinske Fellingsformer?
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 07.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum