Svart-Peter.

 
(Umsett fraa Tysk.)
 
Av Soga kjenner du visst Trettiaarskrigen i Tyskland og dei store Menn, som hadde Hovudrollurne i detta velduge Syrgjespil, slike som Ernst av Mannsfeld, Gustav Adolf med sine svenske Djervingar, Bernhard av Weimar, Wallenstein o.s.fr. Denne grysjelege Krigen gjorde stort Tjon paa Landet og lagde mange Stader i Øyde, - det syner Spor etter det den Dag i Dag. Run og Røysar etter øydelagde Borger er enno aa sjaa, og mange Stader, der det fyrr hadde leget store Landsbyar med sine Kyrkjur, kallast enno Øydebyarne. Til Slut etter lang Trengsla og Liding, og etter at Tyskland var mest folkelaust vortet, vart i Aaret 1648 den vestfalske Fred gjord, og Alle hadde no Von um aa faa njota Ro og Fred, som dei no ikkje hadde visst av aa segja i ei Rædsletid paa tretti Aar.
 
Men naar Sjoen hev voret upprørd til Botnar av eit Storvedr, so slettast han ikkje strakst ut att til ei jamn klaar Spegelflata, men held paa og ruggar att og fram og bryt seg i Skum mot dei einskilde Skjer, til dess han litet um Senn fær komet i Jamvegt att og roat seg. Soleids vilde det ogso Tid til, fyrr Alt kunde koma i sitt rette Lag att og Fredens Velsigningar koma fullt fram, fyrdi Freden endaa i langsamleg Tid etteraat vart skiplad av Folk, som i Ufreden hadde vant seg til eit villt og vondt Liv og no vilde taka dette med seg inn i Fredstidi og. Folk, som fyrr i Ufreden hadde lostat seg med Rov og Herjing, og som gjerne hadde flakkat fraa eit Stelle til eit annat fyr aa liva paa Annsmanns Kostnad, hadde ikkje Hug til aa busetja seg paa ein fast Stad og liva der av sitt eiget Arbeid. Ein stor Hop av dei Herfolk, som slapp lause etter Fredgjerdi, seig ned til Raklefantar og Tiggjarar, og til Slut rottad deg seg i Hop til Røvarlag, som strende Landet igjenom og for verre aat med det, enn den agelausaste Fiende i Krigen hadde gjort. Allvisst var det so i Bøhmen. Kjeisaren hadde gjevet ein heil Haug av sine Herfolk Avskil, og med deim, han att hadde, saag han seg nøydd til aa reinska sine Land fyr dessa Røvararne.
 
Ein liten By ved Bøhmerskogen var reint framifraa plaagad av dessa Røvarhorgerne; Ferdesfolk vart ikkje berre plundrade men ofte myrdade med; Gardarne i Grendi vart heimsøkte um Notti, herjade og brennde; allskyns Fælskur var aa sjaa og spyrja; Røvararne øgde endaa ikkje fyr aa brjota inn i Kjeisarborgi, som laag ved denna Smaabyen, bidna den gamle Borgfuten og Kona hans og dei faae andre Tenestefolki, og taka all den Verddage, som der var aa finna.
 
Byen hadde vendt seg til sin Landsherre Kjeisaren med Bøn um Hjelp, og det var daa ogso dit sendt ei sterk Hersveit, som skulde fanga Røvararne og avretta deim paa Flekken.
 
Kapteinen aat denna Sveiti hadde teket Upphald i den gamle Kjeisarborgi, og fann der i Borgfuten ein Mann, som han likte ovleg væl. Borgfuten hadde fyrr tent som Kapral i Wallensteins Her, han var ein av deim, som hadde fallet yver og myrdat den ulukkelege Herføraren i Eger, og hadde no til Løn fyr denne Gjerningi fenget Livebraud som kjeisarleg Borgfut her. Han var ein gamall, sløg, tiltreiv Hause, og – sagde han sjølv - den trugnaste Tenar, hans Herre hadde. Kona hans derimot var ræddvori og svallug og reint undergjevi under Mannen. Dei hadde ein Son, som og hadde tent Kjeisaren og likeins hadde vortet laussleppt; no heldt han til hjaa deim og hjelpte Faer sin. Han var ein stor og sterk Kar. I Ufreden hadde han vunnet Ordet fyr aa vera ein ferm, djerv Soldat, men han hadde fenget Avskil, fyrdi han, var det sagt, hadde vant seg til Ulivnad og stødt hadde voret ei Ageløysa. Kapteinen likte seg ikkje ille i dette Laget; han vart væl medfaren av den gamle Kona, og naar han ikkje hadde annat aa gjera, kunde han trøya Tidi saman med Mennerne med Svall um deira Herbragder. Gladast var han av det, at han i Borgfuten hadde funnet ein Mann, som var væl kjennd med heil Grannlaget og med dei løyndaste Avkrokar i Bøhmerskogen, og ein Sløging, som kunde hjelpa honom til aa fakka Røvararne. Alle Aatgjerder, han tenkte aa taka, plagad han difyr jamnast aa fyreaat samraada seg med honom um, og so brukte han Sonen - Raud-Jobst var han aalmennt kallad – til Spæjar og Vegvisar. Men han hadde ikkje Lukka med seg, for um han trudde seg aldri so viss paa aa faa stillt seg paa Røvararne, fyrdi Jobst hadde gjevet honom god Greida paa Gjøymet deira, so var daa Røvararne likevæl stødt uppe og burte, naar han kom paa Staden, og det Einaste, som fannst att etter deim, var Spori etter deira Ugjerder, og ikkje sjeldan dei skamfarne Lik aat dei nyst Myrdade. Kapteinen kom etterkvart i Mistanke um, at Røvararne maatte hava Hjelparar i sjølve Byen, for det var tydelegt, at Røvararne maatte hava Greida paa Alt, som Kapteinen etlad gjera imot deim, ja dei var so skamdjerve, at dei fall i stort Yvertal yver Vakter, som han sette ut, drap Folki elder sende sume av deim vaapenlause og mest nakne attende til Kapteinen med det Ærend aa helsa so mange Godnatt fraa Hovdingen Svart-Peter! Kapteinen var fraa seg av Sinne og Vonløysa; han tvidubblad si Umsyn, sette sine Folk fyre, at dei skulde fara hardare fram mot Bymennerne, til dess dei hadde synt honom Røvararne, og lovad ut hundrad Gulden – det var ikkje Smaapengar i den Tidi – aat den, som kunde taka Knappen hans Svart-Peter. Men det hjelpte ikkje.
 
Ein Gong sende Kapteinen Raud-Jobst avstad til Kjeisaren sjølv med Melling um sine misfallne Freistnadar og med Bøn um større Hjelp. Han gjorde ei ny Rannsaking gjenom Morki, fyrdi det hadde hendt nye Rov og Mord, og fyrdi Ekkja etter ein rik Kaupmann, som var myrdat ein av dei sidste Dagarne, hadde av all Magt eggjat Kapteinen til Hemn yver Røvararne. Kapteinen rekkte Faret etter deim, og fann ogso Liket aat den Drepne, men Røvararne sjølve var ikkje aa finna, og fyrst daa Kapteinen vilde fara ærendslaus heimatt fraa Skogen, small det med ein Gong eit Skot; det drap Hesten under honom. Dei kjeisarlege Riddarar skundad seg, alt dei var tenkjande god-til, paa den Leidi, Skotet kom fraa, men dei kunde ikkje uppdaga Nokot, og det vart Ingen funnen.
 
Um Kvelden sat Kapteinen gram i Hugen ved Peisen i Borgi og lagde varme Vinumslag paa Foten sin; han hadde faret ille i det same Hesten stupte. Han tok alt imot det tridje Staupet med Rinskvin, som Borgfuten rette honom til Hugging, daa steig Raud-Jobst inni Stova. Han kom att fraa Ærendet sitt og bar fram fyr Kapteinen det Bodet fraa Kjeisaren, at kunde han ikkje fanga og døyva Røvararne med den sterke Folkehjelp, han hadde, skulde han paa Timen verta attende-kallad og avsett.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 03.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum