[Notisar]

 
Frugtavlen i Hardanger ser det nok smaatt ut med i Aar au.
 
Artium. Skriftleg Uppgaave: "Hvilken Indflydelse kan en stor Fortid have paa et Folks Udvikling?"
 
I Arendal hev det haldet stor Kappsigling. Der var Baatar med fraa heile Sudaust-Strondi av Landet, fraa Lister til Fredrikshald.
 
I 1876 var det i heile Verdi utgjevet 81 Milliardar til Jarnvegsbyggjing. Lengdi av alle Jarnveger samanlagde gjorde 309000 Kilometer; laag alle Jarnveger i Eit, kunde dei soleids ganga 7 ½ Gonger kring heile Jordkula.
 
Hardangerspilemannen Chr. Suckow er meint paa aa fara fraa Landet og busetja seg utanlands.
 
Eimbaaten "Sogn" kom det Eld i den 21de Juli um Kvelden paa Ferd fraa Lærdal utetter Sognefjorden. Elden kom upp i Lampeskaapet, der det stod fleire Flaskur Petroleum, so Elden i ein Fart flaug utyver heile For- og Midtskipet. Ingen gjekk til, men Fartyet maatte setjast paa Land.
 
Jordskjelv hev det voret paa Liholt 2 Dagar etter einannan, skriv Fr.halds Tilskuer. Det var so hardt, at Ein ikkje kunde høyra Manna Maal, og Trei bøygde seg att og fram.
 
Kollsigling. 3 Mann kollsiglde uppaa Helgeland; ein bleiv. Han hev etter seg Kona og smaae Børn. – 3 Gutar, Brørar, kollsiglde paa Singelfjorden ved Fredrikshald; Ingen saag det, men Baaten vart sidan funnen med Kjølen upp; dei hev altso sett til alle. No er Faer deira barnlaus. – 2 Mann kollsiglde ved Eikersund; baade tvo kom burt; den eine hadde Kona og 2 Born.
 
Nydalens Kompani er i Paris innstillt til Gullmedalje, Arne Fabrikkar (Jebsen, Bergen) til Sylvmedalje, og Gunnerius Pettersen (Kristiania) til Brongsemedalje.
 
Urmakar Olsen i Holmestrand vart slegen av Tenestguten sin, so han datt og slog Hovudet mot Gatesteinarne. Daa Folk kom til, laag Mannen i Andlaatom. Tenestguten er sett.
 
Eit utlandsk Blad hev sendt ut den Slaasa, at Grunnen til Prins Napoleons Ferd herupp skal vera den, at han vil faa Kong Oskar til aa tala væl med alle Fyrstar i Europa, so dei hjelper til aa faa upp att Keisardømet i Frankrike, naar Mac Mahon gjeng fraa Styret!
 
I Arendal hev no nyst tvo Tenestgjentur gjort Ende paa seg. Med den eine bar det nokot rart til. Ho tente hjaa C. Meyer; men hadde fyrr tent hjaa Madam Anker. Denne kom ein Dag og tok paa henne og sae ho hadde ikkje voret ærleg, daa ho var hjaa henne. Gjenta meinte at detta var usannt; Madam Anker vart vill og lovad vondt. Dagen etter kom Polititenar Slangh til Gjenta; daa var Husbondsfolket ikkje heime. Slangh tok henne med inn i Barnekammerset, og det er likt til han hev forhøyrt henne og tvingat henne til aa leggja fram alle sine Klædningsstykke, som han daa tok upp Lista yver. Daa han var gjengen, kom Gjenta – Maria heitte ho – ut i Kjøken til den andre Tenestgjenta; ho var daa so forandrad, at ho mest ikkje var attkjennande. Ho bad Farvel i Jesu Navn, og sagde skjelvande, at no fekk ho ikkje sjaa henne att meir. Dermed gjekk ho. Den andre vart rædd og gjekk etter. "Du vil væl ikkje gjera deg nokot? og kjenner du deg sakad i nokot av detta?" sagde ho. Maria klappad henne paa Kinnen: "Du tarv ikkje vera rædd; eg hev ikkje fornærmat Madam Anker fyr nokot, eg vil berre av aa laana Pengar til aa betala 10 Krunur, som eg eingong fann, og som eg hev brukt upp." – Men Sundagen etter fann dei henne i Longumovatnet. - Det hev sidan voret Forhøyr.
 
Uthusi paa Nissedals Prestegard brann den 17de Juli.
 
Sælfangarbaaten Mjølner er heimkomen; hev fangat fyr burtimot eit Par hundrad tusund Krunur.
 

 

Frå Fedraheimen 03.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum