Utlandet.

 
Austrikingarne skulde draga inn i Bosnia Sundagen den 28de elder seinast Maandagen den 29de d. M. Grunnen til, at det hev dragnat so langt ut, hev leget i Tingandet med Porten; det er no hans vanlege Politik aa draga i langdrag. Ved Innferdi skulde det etter "Politische Correspodenz" ganga ut eit Utrop so lydande: "Austrikingarne kjem som Vener. Regjeringi i Landet fer seg ikkje Syn til aa faa ein varug Fred i Stand, og Kjeisaren kann ikkje lenger sjaa paa, at Vald og Ufred raader like ved hans eigne land og at Naud og Uhemja stend innved hans Landemerki og bankar paa. Det vardt einrøystes avgjort, at Austrike skal gjeva dykk att den Ro og Velferd, de lenge hev saknat. Sultanen fortrur dykk til sin megtuge Kjeisarven; alle Landsens Born skal njota eins Rett etter Logi og Vernd fyr Liv, Eigedom og Trudom. Landsens Inntekter skal ikkje verta nyttade til annat enn Landsens Tarver. Herarne skal betala fyr det, dei treng." Det er fortalt, at Bosnia og Hersegovina skal heretter verta samanslegne til eitt under Samnemnet "Bosnia," og at 65000 Mann skulde fara inn i Landet og 28000 stellast upp ved Grensa til Reserve.
 
Austrike-Ungarn kjem seg no til større Magt og Vigt, enn det hev havt paa lang Tid. Det hev fengjet meir aa segja paa Balkanhalvøyi enn fyrr, det kjem meir i Samlag med Turkiet og England, og av Frankrike fær det tvillaust ogso Studnad. Det kann og hava god Von um, at dei sudslaviske Folk, baade dei, som høyrer Riket til, og dei andre, vil finna seg tente med aa semjast med Austrike, likesom dette vil finna seg tent med aa gjera deim so mykje som moglegt til Lags.
 
I Italia er Øsingi like stor. Dei held Folkemøte rundt ikring i Byarne iser paa Nordlandet og "demonstrerar" imot Austrike. I Rom var det eit stort Folkemøte Sundagen den 21de. Menotti Garibaldi var Formann. Det vart gjort sterke Utfall mot Austrike, Kongressen og Utriksministeren Corti, som var Italias Utsending. Ein republikansk Talar minnte um, at Garibaldi hadde fyr 12 Aar sidan sleget Austrikingarne i Tyrol, og han spurde, kvat dei trudde, at dei fallne – um dei kunde risa upp or Graverne – vilde segja, naar dei saag, at dei Fylkje, som dei hadde latet til Livet sitt fyr aa fria ut, enno var under Austrikes Herredøme. Denne Tale vekkte stor Fysna, og Samlingi ropte, at ogso Nizza (som er under Frankrike) og Malta (under England) skulde friast ut. Det vart uppleset Telegramm fraa Triest og Trient, som bar fram Takk til Rom fyr den moralske Studnad, det gav til deira Sak, og so eit Telegramm fraa gamle Garibaldi, som Samlingi høyrde paa med stor Aathuge; det lydde so:
 
"Nedkuade Nationalitetar hev Rett til aa reisa seg. Triestingar, fare til dykkar Fanor!" Møtet tok med Handklapp ved ei Uttala mot det Vald, som Berlinsemja gjer paa Retten aat Folkeslagi til aa raada seg sjølv, og gangande ut paa, at Roms Borgarar kjende seg samsvaruge med dei Folkeslag, som det var drivet Handel med i Berlinsemja, og at dei vilde minna Italia um, at det enno fannst italiske Fylkje, som stod under framandt Ok, men at dei vonad, Sanning og Rett snart vilde gjera seg gjeldande. Paa Piazza Colonna maatte Musiken spela Garibaldisongen fleire Gonger, store Hopar med Ungdom for gjenom Gatorne og ropad: "Ned med Vorti! Hurra fyr Krigen." – Regjeringi vil ikkje hava Ufred med Austrike og gjer det ho kann til aa døyva  Staaket. Derimot gjeng det det Ordet, at Utriksministeren Greive Corti skal ofrast og verta avløyst av den italienske Utsending i Wien Greive Roiblant.
 

 

Frå Fedraheimen 31.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum