Rispur.

 
"Kvat kostar ein Tvoskillings Dram?" spurde 'n Ola.
"Kvat?" – "Kvat kostar ein Tvoskillings Dram?" -
"Aa – 4 Skilling." – "Lat meg faa ein!" sa'n Ola.
 
Det var ein Gut (i Sogn) som var so fæl til aa rima. "Rima no litegrand um Stad'l (Stallen)," sa Ein til honom. "Løa aa Stadl slo Badl, aa so slo Løa te Stadl i Skadl so det smadl!" sa Guten.
 
Gamle Kjeringar fortel, at det er likaste, naar Ein møter Bjørnen, aa laata væl med 'n; han kjem seg ikkje til aa ansa Ein daa, segjer dei. Er han vond, so skal Ein berre beda vent fyr seg, og kalla honom Bestefar, so luskar han av att. Ei gomol Kjering fortalde, ho møtte Bjørnen eingong ho gjætte. Daa han tok til aa triva etter Sauerne, gjekk ho berre burt og sagde til 'n: Let du 'kje Sauerne vera, skal eg klaga deg fyr 'n Nils, og han er Prestens Medhjelpar," sa' ho. Daa Bestefar fekk høyra det, so totte han det var likaste aa rusla sin Veg.
 
Daa Aasmund Vinje gjekk i Skulen, fekk han eingong det Spursmaalet av Skulemeistaren, kor mange Kalverumpur han tenkte det turvtest, fyrr dei rokk til Maanen. "Aa, berre ei, naar ho var lang nok," svarad Aasmund.
 

 

Frå Fedraheimen 31.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum