Heimlengt.

 
Gunnar frå Lidarende
var dømd or landet ut;
stod på sisste leitet og såg
yver bygdi i sorg og sut.
Dragande, grøtande væn ho steig
både i ut og nord;
- men naar det vert deg for vænt på jord,
då er du næst-fyr' feig. –
 
"Fager, fager er garden;
aldri eg såg honom slik.
Solbleik skin han frå varden
alt ut i den ytste vik;
åkeren kvitnar i topp og strå,
og lidarne gulnar stilt;
det tek meg um hjartat so sårt og mildt –
eg kann ikkje fara ifrå."
 
Augo hans lyste attende
som sol gjenom morgon-eim;
Gunnar frå Lidarende
snudde seg tagall heim.
Fram i tunet han snøgg seg vann,
der løyste han klyvi ifrå;
Hallgerd stod klumsad og stirde på:
"men – spøkjer det fyr deg, mann?"
 
Trettan måne-skifte
sat Gunnar heime i ro;
fjortande måne-skiftet
låg han bleik i sitt blod.
På grunnen fagre, han sjølv hadde ått,
millom alle dei lider blå,
der steig no haugen hans, diger og grå, -
no var han heime fyr godt.
 
19.
 

 

Frå Fedraheimen 31.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum