Eit og annat um Kristendomsstriden vaar.

 
II.
 
Det kunde nok hava Grunnar fyr seg, um Ein vilde freista paa aa stengja Mengdi ute fraa Striden um dei gudelege Ting. Ein maatte daa i Flokk og Fylking semjast um, at Ingen, um han so sjølv var "Fritenkjar", fekk gjera dei heidne Meiningar kjende i Landet; han fekk helder tigja, naar gudelege Emne kom paa Tal. Ein maattehava liksom ein kristeleg Censur elder Bokdomstol, som sat og passad paa alt som kom ut, at det ikkje inneheldt nokot "tvilsamt" um Kristendom, Kyrkja elder Prestestand. Og Ein maatte sjaa til aa faa ei Lista yver forbodne Bøker paa Lag liksom Paven. At Bibelen sjølv kom med paa den Lista til Slut er rimelegt nok; for det er faae Bøker verre enn den til aa eggja Folk upp til Tenkjing og Rannsaking, allvist naar dei les henne paa fri Haand, utan Prestetolking attaat. Og høvde det so til, at me var nøydde til aa nemna elder umtala dei nyare heidne Meiningar, so maatte det altid vera i slike dømande og skræmande Ordelag, at Folk vart rædde fyr aa vita meir um dei.
 
At me og hev prøvt paa aa faa slike Tilstand upp her, det er so aalkjennt, at eg væl kann sleppa aa nemna nokot serskilt um det. Og som sagt: det kunde nok hava sine Grunnar.
 
Det er ikkje berre Vitløysa, naar Paven set upp Listur yver bannlyste Bøker. Den reine Vitløysa kunde aldri halda seg upp slik. Det hev eit Drag av Mannamilde elder Humanitet i seg, som ikkje er so reint motskapt endaa.
 
Det er soleids sannt, at den trygge, einfalduge Barnetrui er den, som Folk kjenner seg mest sæle med. Den, som liver i den fulle Vissa, at hans Tru er den einaste rette, og som ikkje eingong veit um, at det finnst Folk, som tvilar paa det, han hev ein aandeleg Fred, som tenkjande og tvilande Menn kunde ovunda honom. Han hev sitt eine faste Livssyn, som aldri rikkast, men som han kviler i so trygg som Barnet i Vogga. Han kann paa den Maaten verta ein meir heilvaksen Natur enn dei fleste av dei, som kjem inn i Tvil og Sjangling millom fleire Livssyn, - meir heilvaksen, mindre vinglevoren, mindre viljeveik. Me veit soleids, at Millomaldren med si barnslege tvilfrie Tru hadde fleire heilvaksne Menn, fleire store og klaare Karakterar, meir Vilje og ukløyvd Kraft, enn Nyaldren med dens Upplysning og Tenkjing. Barnetrui er liksom Adam i Paradis: ho veit ikkje av det vonde i Verdi, og er sterk og sæl ved den Faakunna. Sældi kann væl ofta vera av det Slaget som han talar um Erasmus Montanus: at "den som søv syndar ikkje." Men um so var: er det daa ikkje betre aa sova og vera sæl enn aa vaka og lida?
 
So snart Folk fær vita, at der er Tvilarar og Fornegtarar, og at desse jamvæl kann vera kloke Folk, som hev Grunnar fyr sine Meiningar, so er den sæle Barnetidi slut, og det kjem Uro inn i Folkehugen. Og endaa verre vert det, naar dei fær høyra desse Grunnar og Meiningar. Daa hender det ofta, at dei sjølve tek til aa tvila. Men aa draga aalmenn Mann inn i slik ein Strid, det er, kann Ein segja, hjartelaust. Den, som sjølv hev voret i den Ota, veit kvat det hev paa seg. Det er faae Ting, som kann gjeva slik Hugverk og Hugsott som desse Tvil og Grannskingar i Trui. Det er so altfor store Ting det gjeld um, maavita. Lat oss berre tenkja paa slike Spursmaal som det, um Sjæli vaar er døyeleg elder daudfri; um der er ein livande Gud, som styrer Verdi og hev Auga med all vaar Ferd; um der er eit Helvite fyr dei Vonde, og um det er evigt elder ikkje evigt; - Spursmaali er so store, at kjem du fyrst inn paa dei, so fyller dei heile din Hug og syg til seg alle dine Tankar. Du gjeng som sjuk; det et og gneg i deg, so du fær ikkje Fred. Barneturi hev vakset seg so inn i deg, at kvar Rykk som Tvilen gjer til aa riva henne ut, so er det liksom naar du skal riva ei Pil ut or eit vondt Saar: Hjartat vrid og krympar seg i Livet paa deg, so du er reint i Raadløysa. Striden kann væl altid vera meir elder mindre hard, alt ettersom du sjølv er til; men er Tvilen aalvorleg og djup nok, so er han ei med dei saaraste Sotter eg kjenner.
 
- Difyr er det og so styggt, naar nokon finn paa aa driva Gjøn og Spott med Folks Tru. Det var styggt av Gamletidi, naar ho spanad Folk paa Pinebenken i Trudomssaker; men det er mest likso fælt av Nytidi, naar ho fører Krig mot Folks Tru med Spe og Spott og sjølvbyrg Kaldfliring. Det skjer og riv i den saare Hugen det, aa lesa elder høyra svivyrdande Spitord mot den Tru, Ein dyrt elskar og strider saart fyr aa verja mot den tærande Tvil. Væl er det so, at det finnst aandelege Sjukdomar, som er so seige, at dei m a a brennast ut med Spott elder piskast med Svivyrding, og det er overlag vandt aa vita, kor langt Ein i kvart Tilfelle med Retten kann sleppa seg. Men dersom dei Friske altid hugsad etter, korleids det er aa vera sjuk, so vilde dei visst altid vera meir varsame og mjukhendte enn dei no er, naar dei foor med aa vera Aandslækjarar. -
 
Dersom det no er so, at desse aandelege Stridar er so harde og saare, og fører med seg so mykje Hugverk og Liding, kor vilde det daa bera til, um Ein leidde heile Folkemugen uppi slike Tvilsmaal og Ugreidur? Vilde det ikkje paa Lag vera det Verste, Ein kunde gjera mot eit Folk? Vart det ikkje ei Storsynd so skakande fæl, at ingen Livande kunde bera Andsvaret?
 
- Det er og sannt, at den store Mugen paa ein Maate er "umyndig" i desse Saker. Han hev ikkje den djupe Lærdom og det vide Syn som skal til fyr aa tenkja desse Spursmaal skikkeleg igjenom. Men er det daa ikkje meiningslaust, ja faarlegt, aa leggja Steinar paa Folks Rygg, som Ein tykkjest vita, at dei ikkje kann bera?
 
So er det og sannt, at Sedugskapen elder Moraliteten i eit Folk storleg stend paa det, um Trui hev full Magt hjaa det elder ikkje. Det høyrest raatt ut, men det er likevæl sannt, at slik som Mengdi av Folk no er, so treng ho Age fyr aa koma til aa liva eit sedugt Liv. Det trengst ei Magt, ein "Autoritet," som Folk bøygjer seg fyre, og som kann tygla dei mange Ulyster i Mannens Natur. Tak denne agande Magt burt, so kokar heile Havet av Dyrenatur upp og øydelegg det sanne Mannsliv. Det renn liksom Jotunblod i Mannsens Aarer; Meiningi er væl, at det skal klaarnast av og reinskast, til det vert Mannsblod; men det gjeng smaatt med detta, og naar Livet stend laagt, so er Jotunblodet enno so tjukkt og sterkt, at det er fælt so vondt aa styra. Hugen er raa og sjølvsjuk, og Synet fyr det som større er, veikt og trongt. Detta gjeld ikkje berre "Mugen" i den vanlege Tyding av Ordet; det gjeld upp gjenom alle Stand og gjenom alle Stig av Upplysning. Det gjeld so langt upp som til dei, som hev vunnest paa aa arbeida seg ut til heile, gode Karakterar 1) paa faste, klaare Grunnsetningar. Men dei er faae.
 
Dei finnst. Dei fannst i den gamle Heidendomen, og dei finnst i den nye. Aa negta det vøre aa slaa Soga og den daglege Røynd paa Munnen. Sume Theologar hev stor Hug til aa gjera detta; men dei gjorde best i aa lata det vera. Det er sannt, at den heidne Moralen er byggd paa Sjølvkjærleiken. Tilmed "Altruismen" 2) er byggd paa den; for Grunnen til, at Ein skal ofra seg fyr Andre, maa likevæl til Slut vera den, at Ein just paa den Maaten vinn den høgste og reinaste Lukka fyr seg sjølv med. Men paa denne same Sjølvkjærleiken er i Grunnen den kristne Moralen og byggd. Sjølve Pontoppidan gjeng ut fraa den, i di han skil millom den ureine og raae Sjølvelsken og den "sanne," som han segjer er "en af Gud indplantet Attraa efter at befordre vor egen Velfærd og Salighed." Mannen vil vera sæl (lukkeleg), den Ting er viss; og fraa den Ting maa all Moral ganga ut, um han vil hava nokon Grunn aa kvila paa og faa nokor Magt yver Mannen. Si høgste Vigsla og djupaste Meining fær væl all Dygd og Sedsemd gjenom Trudomen og dens høge, sterke Æveheimstanke; men Moralen er ikkje so plent bunden til Trui, at der ikkje skulde kunna vera Dygd 3) utanum den. Men det er sannt, at slik Dygd er sjeldsynt og ikkje krevjande av Stormengdi. Til aa naa eit so høgt Standpunkt paa heiden Grunn trengst det fyr det fyrste stor Upplysning; men den er ikkje nok; det krevst dertil eit naturlegt Godlynde, ein naturleg Sjælsadel og Sans fyr det Reine og Ædle, som langt ifraa i rette Mun er kvar Manns Eign. Nokot av denne Sjælsadelen hev væl Alle; Samfundsdrifti finnst i kvar Natur, og den Drifti styrkjest og kvessest gjenom god Upplysning. Men det er berre sjeldsynt, at ho fær ei so stor Magt, at ho aaleine evler aa tøyma og tygla dei sterke Jotunmagter, som ligg og gjærer paa Botnen av Naturen vaar; Sjølvelsken er jamt for sterk; Hugen til Njoting er sterkare enn Hugen til Arbeid og til Sjølvofring; og i denne uædle Naturen vert daa ofta sjølve Upplysningi vend til det vonde. So vert det daa til det, at Ein ikkje i det Heile og Store kann lita paa Mannens eiget Vit og Vilje. Eikor Magt utanfraa maa til. Anten ho no vert standande utanfyre som ei Trældomsmagt elder ho fær veksa inn i Livet som ei løysande og lyftande Fridomsmagt, - til trengst ho. Det finnst dei som trur, at Ætti Stig fyr Stig vil veksa i Godlynde og rein Vilje, so ho tilslut vil koma so langt, at ei slik Utanfraa-Magt ikkje trengst. Men dei, som trur detta, vedkjennest likevæl, at det er langt fram dit, og at Utanfraa-Magti dessutan trengst just til aa upp-aga og upptemja Folk til aa naa so langt. Men denne store agande og moralsk uppfostrande Magt er Trudomen. So lengje den fær liva i full Trygd og umeinkat Velde, so lengje vil og Folkelivet haldast med Helsa og Samfundet standa trygt. Trudomen er den Thorshamaren, som agar alle Jotunar og Uvette og verjer Mannheimen og Mannheimslivet mot deira Magt og Villskap.
Og dersom Trui vert livande i Folket, so er ho meir enn ei Utanfraa-Magt til Tukt; ho er den Aandssol, som lokkar fram or den daude Moldi alt det sevjerike, varme Sumarliv, som der ligg løynt i tusund usprottne Fræ og Spirar. Vil det daa ikkje vera halslaus Gjerning aa draga fram Magter, som kannhenda kunde avmegta den agande Mjølner og skyggja fyr den livskapande Sol?
 
(G.)
 
[ Meir.]
 
1) Karakter: ein Vilje, som hev tamt seg upp til aa lata seg heilt ut styra av ein Tanke. Sjølve den Mannen, som hev ein slik Vilje – so at altso hans Tanke og Vilje er fullt samde og liksom gjeng i Eit - kann Ein og kalla "ein Karakter;" daa er "Karakter" det Same som den heile, heilvaksne Mannen.
 
2) "Altruisme" heiter den moralske Grunntanken (hjaa positivistarne), at Ein fyrst og fremst skal liva fyr Andre (fyr sine Sammenningar, fyr Mannsætti) og ikkje helst tenkja paa seg sjølv.
 
3) At den Dygdi ikkje fær nokot Verde i trudomsleg Meining, - det er ei Sak fyr seg.
 

 

Frå Fedraheimen 31.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum