[Notisar]

 
Kongen hev utnemnt: Provst i Varanger Provsti og Sokneprest i Vardøy Thorvald Andreas Kyhn til Sokneprest i Hadsel, Vesteraalen; Stiftskapellan i Kristiania Stift Philip Wilhelm Nicoll Leganger til Sokneprest i Hol, Hallingdal; Sokneprest til Fitje Johannes Christian Thorvald Crøger til Sokneprest i Bø, Thelemark; ledig pers. Kap. Thorvald Scheie til Stiftskapellan i Bergens Stift; - Skrivar i Namdalen Hans Peter Lund til Skrivar i Follo; Fut i Salten Christofer Heiberg til Fut i Nordhordland. – Avskil: Sokneprest til Vestre Moland Tellef Martin Bang (Avsk. i Naade, Pension 2400 Kr. Aaret).
 
Dei norske og svenske Studentar heldt Koncert i "Trocadéropaladset" i Paris um Laurdagen og gjorde det betre enn alle Voner. Salen, som rømer ikr. 5000 Mann, var godtsom full. "Olav Tryggvason," "Dans ropte Felen" og "Brudefærden" vart Folk so glade i, at Studentarne maatte syngja dei upp att; sameleids gjekk det med "Ja vi elsker dette Landet", som vart songi av dei Norske og Svenske ihop. – Av svenske Songar vart især "Ett bondbröllop" (av Södermann) likt. – At dei kunde draga til seg so stor Aathug i den store Byen og paa slik ei Tid skal mykje vera Exellencen Sibbern aa fyre takka, som skaffad dei Audiens hjaa Marschal Mac Mahon og dermed liksom gjorde dei kjende fyr Pariser-Aalmenta, fyrr Koncerten skulde vera. Bladi gjorde og sitt.
 
Ole Bull fer ikring og spilar i dei vestlandske byom. Han hev og voret i Throndhjem.
 
Kristofer Janson ventar dei til Bergen i næste Maanaden; han skal liggja i Fane ein Maanads Tid og sidan ætlar han nok aa fara nordyver og halda Fyredrag.
 
Jarlsbergbanen. Ved Garden Kaupang i Tjødling hev dei raakat paa ei Hengjemyr, som det ser mest raadlaust ut aa faa fyllt. Um Tysdagen sokk Banefyllingi fyr fjorde Gongen paa same Stad.
Domsnemndi fyr Skipsbyggjing ved Paris-Heimssyningi hev talt fyre, at I. Hauge (i Haugesund) skal faa Gull-Medalje, J. Gran og S. Flage (Bergen) og Arentz og Brandis Sylvmedalje og Carl Hansen (i Porsgrund) Brongsemedalje.
 
Fragterne er laage andrestad enn i Norig. I Amerika løner det seg ikkje eingong fyr Eimbaatar aa fara i Fragt millom innlendske Stader. Til eit Folkehøgskulesamlag fyr Brattsberg innbyd Aslak Haukom, Olav Sveinsson, Jørund Telnes, Sigurd Sundbø, Halvor Midtbø, Vilh. Poulsen, J. F. Oberlin Jespersen, H. R. Tvedten. Ein kjem inn i Samlaget, naar Ein betalar mindst 1 Kr. Aaret (til Aslak Haukom, Kvitseid, elder Olav Sveinsson, Selljord). Samlaget vil stydja Folkehøgskulesaki i Amtet a) ved aa senda gode Menn um til aa halda Fyredrag, b) ved – um Raad er – aa faa istand ein Høgskule paa ein lagleg Stad i Amtet, c) ved aa hjelpa pengearme Gutar og Gjentur, som hev Hug til aa koma paa den Skulen; - og til desse Ting skal daa Pengarne verta brukte.
 
Telemarki er so langt framkomi i Upplysning no, at det er Von til, at Samlaget finn stor Samhug.
 
I Berlins Folkeskular sit det Smaagutar, som er Sosialdemokratar! – I ein Skule fortalde Læraren um Hødel og Nibiling; men daa reiste ein Gut seg og sagde, at han vilde ikkje høyra meir av detta; Faer hans hadde sagt, at Læraren ikkje skulde tala illt um Sosialistarne. – Um detta vert det no haldet Møte av Skulens Fyresette.
 
Ein Engelskmann hev reist fraa Kvebek til Mexiko (400 Mil) i eit Skip av pressat Papir. Det er 14 Alner langt og fælt gildt til aa sigla.
 
Uhende. Fægjemeistar Møller og Skræddarmeistar Wathne fraa Bergen tok seg ein Kjøyretur. Daa dei kom til Midthun-Brui 1 Mil synnan Bergen, stokk Hesten; dei sprang ned or Vogni; men den eine støytte seg so hardt fyr Bringa mot ein Stein, at han døydde strakst. – Den andre fekk berre nokre Flengjur.
 
Presten Oftedal i Stavanger vil gjeva ut eit kyrkjeleg-politisk Blad, som skal heita Vestlandsposten.
 
Ved Laurvik er funnet fleire Kjeldur med mineralsk Vatn (Helsebrunnar). Professor Waage hev røynt dei ut og funnet, at dei er gode. Den eine, som er jarnfri, hev vist seg god mot Halssjukur og Bronkit (tildeils med tung Pust); nære ved er tvo Jarnkjeldur, som er ulike sterke, men baade tvo sterkare enn alle slike Kjeldur i Tyskland. Dei er gode mot Blodarmod og Nerveveikskap. – Paa denne Maaten kann Laurvik, som attaat alt ligg vænt, verta ein gild Laugestad.
Nordre Throndheims Amtsthing hev latet til 100 Kr. til Uppfjelging av den Staden, der Stiklestadstytta stend.
 
God Tanke. Skipsbyggmeistar R. Hærem i Stavanger hev prøvt aa faa istand eit Lutlag til Byggjing av eit elder tvo større Skip fyr aa skaffa Arbeidsfolket derburte nokot aa gjera. Han vilde sjølv utan Løn hjelpa til som Byggmeistar og lata til Byggjefang fyr godt Kjøp. Dessverre gjekk det nok ikkje fram.
 
Jens Mikkelsen, av Umflakkarætt, vilde hava Tenestgjenta paa Korslid i Orkedalen; men detta kunde ikkje bera til. Han tok daa den Tanken, at det var Husbondsfolket hennar, som var Skuld i det, og lovad fleire Gonger, er det sagt, aa gjera dei fatike paa ei einaste Nott. Torsdagsnotti den 11te d. M. gjekk han upp til Korslid og sette Eld paa Løda; sjølv stod han eit Stykkje ifraa og ynskte, at all den Djevelskapen paa Korslid maatte brenna inne; han freistad og tvo Gonger aa øydeleggja Vatsrenna, som gjekk til Garden. Kl. 2 vaknad Folk, men daa stod heile Løda i Loge; Heimehusi, som laag tett attmed og nyst var maalad, tok og Eld og stod strakst i full Brand. Sløkkja var raadlaust. – Deretter gjekk Jens av og sette Eld paa ei Sæterstova, som og brann upp; men den høyrde no ein annan Mann til. – Heime hjaa honom saknad dei ei Rifla, som han venteleg hadde teket med seg; derimot fann dei nokot Papir, som han hadde skrivet upp paa det han vilde gjera; der stod og, at naar han hadde gjort det han tenkte paa, vilde han gjera Ende paa seg. Men Dagen etter kom han til ein Husmann ikkje langt fraa Korslid; daa sagde han han tregad paa si Ugjerning og vilde til Lensmannen, dit han daa og vart førd. Han hadde prøvt baade aa hengja seg og drukna seg og skjota seg, sagde han; men ikkje nokot vilde bera til.
 

 

Frå Fedraheimen 31.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum